- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
Forord

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Forord

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Forord.



Dette skrift har vi utarbeidt etter uppmoding
fraa kyrkjedepartementet, som ynskte aa faa i populær
form ei kort historisk skildring av alle ungdomsskular
i landet fraa den fyrste tid til jubilæumsaaret 1914.

For den norske ungdomsskulen er dette aar i
dubbel meining eit festaar; det er 50 aar sidan den
fyrste ungdomsskulen vart sett i gang. Det verste og
vandaste med dette arbeidet har vore aa faa samla
upplysningar um alle skular — dei som har vore og
dei som er — og so av dette rike kjeldestoff aa finna
ut det vi hadde bruk for, og som kunde faa rom
innanfor den raama som var uppsett fyreaat.
Karakteristik av skular og lengre biografiar av skulemenn vart
det ikkje rom til, naar skriftet ikkje skulde vera større
enn departementet hadde fastsett, og det laut difor
liggja utanfor vaar uppgaave. Nokre biografiske
upplysningar um styrarane av dei noverande skular og um
sume av dei som har vore, fann vi likevel at vi burde
ta med.

Det vi har lagt mest vigt paa, er aa gjeva ei
historisk framstelling av skulane med skildringar av dei
hende og tidsforhold som har havt sterkast innverknad
paa den utvikling skulane har gaatt igjenom. — Skriftet
kann kanskje tena til handbok og vera eit grunnlag for
ei meir inngaaande historisk skildring i framtidi. Vi
har teke med ei liste over dei skrifter som vedkjem
skulearbeidet, skulane og deira historie, so dei som vil
faa nærmare kjennskap til desse ting, her kann sjaa
kor dei kann finna dei upplysningar som trengst. Ei
inngaaande skildring av skulane med utvikling av dei
skuletankar som til kvar tid har vore uppe, vilde
sprengja den raama vi her har havt aa halda oss til.

Arbeidet har vi delt millom oss soleis at Stauri
har skrive um folkehøgskulane og dei private
ungdomsskulane
og Aasvejen um amtsskulane, men ellest arbeidt
saman — so godt det kann lata seg gjera, naar ein
bur so langt fraa einannan —, soleis at den eine har
lese igjenom det den andre har skrive, gjort sine
merknader til det o s. b., so innhaldet av det heile er
godkjent av baae.

Dei statistiske uppgaavor um skulane og bilæti
vi har samla, er innsende til komiteen for skuleutstillingi.

Februar 1914.

                                                                                H. Aa.                                                R. S.

*





<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0005.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free