- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
7

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Folkhøgskulen - Historisk innleiding - Dei grunnleggjande skular

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

soleis med og opna vegen for ein vigtug del av
det arbeid som kjem inn under namnet
kvinnesak.

Ein naudsynleg fyresetnad for at
ungdomsskulen kann faa gjera eit godt arbeid er
ein god barneskule.Ole Vig (1824—1857),
som tok upp Wergelands
folkeupplysningsarbeid, og som ogso hadde inngaaande
kjennskap til Grundtvig, gjorde meir enn nokon
annan einskild mann for aa grunnleggja ein
norsk folkeskule. Han var paa den maaten
med og la grunnen til den norske
folkehøgskulen og.

Medan menn som bispen Darre, prestane
Wexels, Wexelsen, Krogness o. fl. paa det
kyrkjelege
umraade arbeidde for Grundtvigs
tankar, førde A. M. Feragen, Anders Reitan o.
fl. andre lærarar, som hadde kome under
paaverknad av Ole Vig, dei nye pædagogiske
tankane inn i barneskulen.

Dei grunnleggjande skular.



Sagatun. Den 1ste oktober 1864 vart
Norges fyrste folkehøgskule opna paa Hamar
av Olaus Arvesen og Herman Anker. Aaret
etter vart ein eigedom tett ovanfor Hamar
kjøpt, og her vart Sagatun folkehøgskule reist.

Herman Anker, som høyrde til ei av dei
rikaste ætter i landet, brukte mykje av arven
sin til aa faa skulen igang.

»Ti det var Herman Anker,
tog af sit fædreguld,
strødde det ud som tanker
over vort hjertemuld«,


song Bjørnson i sitt dikt til Sagatun i 1877.

Baade Anker og Arvesen var
grundtvigianarar, hadde i Kjøbenhavn vore med i den
krins av unge, evnerike teologar som samla
seg um Grundtvig (»Lille teologicum«).

Ole Vig hadde eingong nemnt til
Arvesen tanken um ein folkehøgskule ved Mjøsen,
ein tanke som Vig ikkje hadde havt tid eller
raad til aa gjera noko for sjølv. Arvesen
nemnde dette for Anker, som straks var villig
til aa setja tanken i verk.

Paa Sagatun var innvigjingsfest 2. okt.
1865. Millom mange andre var biskop
Folkestad og stiftsprovst Winsnæs tilstades, og
bispen tala nokre faa ord og ynskte signing
over det arbeidet som her skulde taka til.
Etterpaa fekk bispen ei skrape i »Luth.
kirketidende« for, at han hadde vore med og tala
paa Sagatun. Dei hadde ikkje venta aa sjaa
bisp og stiftsprovst ved ein fest paa ein skule,
som hadde til maal »at utbrede den
grundtvigianske propaganda eller at høre dem
velsigne en gjerning, som lutherske kristne ikke
kan glæde sig ved eller ønske fremgang. Thi
naar disse mænd give skolen sit bifald, maa
jo almuesfolk tro, at de gjør vel i at sende
sine børn derhen.« Dermed var teiknet gjeve.
Grundtvigianarane vart i lang tid utover fraa
den kanten set paa som heile eller halve
kjættarar. Prof. G. Johnson og prof. Caspari var
dei leidande for den ortodoks-pietistiske rørsla.
Det var den fyrste av desse som kom med
dette aataket paa folkehøgskulen. I lange
tider utover vart den staaande som noko dei
»sande lutherske kristne« maatte passa seg for.

I 1867 vart Hamar stiftsseminar uppretta,
og lærarane der, serleg Nils Hertzberg, tok
upp striden paa det pædagogiske umraade. I
1874 kom C. W. L. Horn til Hamar og fekk
istand ein skule for vaksne bondegutar.
Denne skulen vart i mange maatar mynster for
dei amtsskular som N. Hertzberg seinare fekk
statsmagtene til aa skipa utover heile landet.

Sagatun og Hamar vart ein samlingsstad
for dei som i 70-aari og utover stod midt uppe
i striden for eller imot folkehøgskulen. Mange
av dei som seinare vart millom dei fremste i
skulearbeidet, fekk her si fyrste vekkjing.
Skulen var igang til 1892.

Vonheim Hausten 1867 tok Christopher
Bruun
(f. 1839) til med ein folkehøgskule i
Sell i Gudbrandsdalen, flutte i 71 til Gausdal,
var fyrst paa gaarden Fykse, men flutte i 1875
til Vonheim, Foldbu, samstundes med at
Bjørnstjerne Bjørnson kom til Aulestad. Det var
den gjæve gausdalsbonden Per Bø som hjelpte
mest til med aa reisa Vonheim folkehøgskule.
Han gav timbret til skulen og stod for
arbeidet. Kring Vonheim og Chr. Bruun samla
seg no menn som: Bjørnson, Kr. Janson,
Frits Hansen, Matias Skard, Johannes Skar,
Ingvar Bøhn
o. fl. Det er vel ikkje ofte ein
ser so mange landskjende menn samla i ei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free