- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
10

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Folkhøgskulen - Dei grunnleggjande skular - Striden med amtsskulane

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

vore ein aandeleg friksjon her i landet, som
mest er makalaus. Og tru um ikkje den
friksjonen mykje har rive ut dei gneistane som
me kallar »geni«?« —

Paa høgskulemøtet i 1872 møttest dei
stridande aandsstraumar som daa var i vaart
land: dei ortodoks-klassiske og pietistane paa
den eine sida, grundtvigianarane og politisk
radikale paa den andre. Har so denne
aandelige friksjonen gjeve eller synt fram geni?
— Um menn som Bruun, Anker, Arvesen
og Ullmann kann det trygt segjast at dei
paa skulen sitt umraade høyrer til dei
gaaverikaste Norge har havt. Dei braut nye vegar,
fekk innverknad paa utviklingsgangen, og er
det ikkje slike ein plar kalla geni? Mange
av dei som paa baae sidor seinare vart
millom dei fremste, fekk sin daap i denne tid
og denne strid. Møtet i Kristiania i 1872
sette sterke merke etter seg i den norske
skulesoga i det heile.

Millom dei som var mot den
grundtvigske høgskulen var Jakob Sverdrup. Han hadde
aaret fyrr sett igang ein skule i Sogndal i
Sogn, ein skule som forresten seinare kom til
aa arbeida paa same maaten som dei andre
folkehøgskulane.

Hovudtalaren i ordskiftet um
«folkehøiskolen og politiken« var Wollert Konow fraa
s. Bergenhus. Han hævda at ein trong ope
ordskifte, og at høgskulen ikkje hadde noko
aa gjera med »den rodløse og pilraadne
Kristiania-intelligenses regjereri eller med
statsskoleverket med dets stiftsdirektioner og
skoledirektører, som havde begyndt sit angreb
paa høiskolen og dens tankegang«. — Eit
merkelegt tilfelle er det, at han 40 aar seinare
heldt ei tale i eit ungdomslag i Kristiania,
der ogso mange høgskulefolk var samla, ei
tale um maalstriden, som vekte so sterk
motburd fraa »Kristiania-intelligensen« at han
maatte gaa av som statsministar. Ser ein vel
etter, er det samanheng millom den motstand
den fyrste og siste talen vekte, endaa det ligg
so lang tid imillom.

Det var ikkje berre i hovudstaden dei
nye skuletankar skapte rørsle. Kring 1870
var det eit sterkt arbeid paa alle kantar av
landet for aa reisa folkehøgskular, men mange
gjekk berre ei kort tid.

Det laag liksom i lufti i denne tidi at
ein laut slaa inn paa nye vegar, og at skular
for vaksen bondeungdom var naudturvelege.

Ivar Aasen og Aasmund Vinje sit arbeid
for atterreising av det norske folkemaalet fekk
ei fastare plan. Ein led i dette arbeid var
skiping av »Det norske Samlaget« 1868 og
»Vestmannalaget« i Bergen same aar. Bjørnson
vart formann i studentersamfundet (19/3 1870)
og Christopher Bruun heldt ei rekkje foredrag
i Kristiania vinteren 1870 um folkehøgskule
og maalsak — dette vekte røre alt paa sin
maate.

I grannelandi var dei same skuletankar
sterkt framme no. Etter krigen i 1864 var det
i Danmark ingen med andsvar som vilde setja
seg imot folkehøgskulane.

I Sverige hadde August Sohlman og Dr.
Ålund
gjenom »Aftonbladet« gjort saki kjend,
og dei 3 fyrste svenske folkehøgskulane vart
opna i 1868, same aar som rektor Leinberg i
Finland fyrste gong slo til ljod for tanken der.
Det var i det heile so sterkt eit straumdrag
til det nye, at dei som var imot Grundtvigs
skuletankar eller heldt paa det gamle, maatte
freista faa istand motskular.

Professorane R. T. Nissen og Gisle
Johnson, C. P. Essendrop, Jørgen Moe, J. Aars,
P. Hærem
og Fr. Wang fekk istand ein
»komité til indsamling af penge til
folkehøiskoler.« Teologane Christen Brun og Gustav
Jensen
fekk hjelp av denne komitéen og heldt
folkehøgskule i Skouger i Jarlsberg (71-73),
likeeins fekk Jakob Sverdrup hjelp fyrste aaret
til sin skule i Sogndal.

Striden med amtsskulane.



Den kamp mot Sagatun som tok til med
prof. Johnsons artikel i »Luth. kirketid.«
vart førd vidare av lærarane ved det nye
Hamar seminar (uppr. 67) med Nils Hertzberg
og O. Saxe i brodden og kom sjølvsagt
etterkvart til aa gjelda alle folkehøgskular.

I 1874 vart N. Hertzberg
ekspeditionschef i kyrkjedepartementet. Det møte av
skuledirektørar som vart kalla saman i august
1874 og den plan dei daa la, var vel fyrst
og fremst hans verk. Det førde til at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free