Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Folkhøgskulen - Striden med amtsskulane - Nedlagde skular
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
amtsskulane vart uppretta. — Um
Stortingsvedtaki i 1875 og 77, skipingi av amtsskulane
og dei arbeidsvilkaar folkehøgskulane etter
dette fekk, er det utførleg fortalt paa ein
annan stad (side 7). At det var for aa fremja
folkeupplysningi dei styrande i denne tid
uppretta amtsskulane, og at desse har gjort eit
godt arbeid paa mange maatar, er det ingen
som no vil negta. Men paa den andre sida:
Folkehøgskulens menn har alltid set paa dette
med skiping av amtsskular som eit stort
mistak. Dei gjorde ikkje som i grannelandi:
kom med studnad til det upplysningsarbeid
som alt var igang, som mange av dei mest
varmhuga upplysningsmenn hadde ofra tid,
pengar og arbeid paa, og dei fyrste diktarar sunge
so varmt um, men dei gjorde det paa den
maaten at dei fekk i gang nye skular. At
tanken var den, at desse skular skulde
øydeleggja folkehøgskulane, vart vel ikkje
beintfram sagt av dei styrande. Men at det maatte
verta til det likevel, skyna alle. I den søknad
Chr. Bruun og Fr. Hansen sende til
Stortinget i 1877, staar m. a. at »der ved statsmidler
var blit oprettet en fast konkurrance med de
frie folkehøjskoler, de saakaldte amtsskoler«,
— Folkehøgskulane maatte fraa no av til aa
tinga med statsmagtene um korleis skulane
skulde vera. Dersom dei ikkje fekk tilskot,
vart dei ytre vilkaar so ulike at det ikkje kunde
vera tale um aa halda ein privat skule uppe.
Det arbeid dei grundtvigske
folkehøgskular paa den eine sida og Hærem og hans
flokk paa den andre hadde teke upp, vilde i
lengdi bli for stort til at det kunde berast av
private aaleine. Etter stortingsvedtaki i 75 og
77 vart det amtstinget i kvart amt som hadde
aa avgjera, um ein skule skulde faa studnad,
ikkje berre av amtet, men av staten og. For
det fyrste laag baade dei grundtvigske
folkehøgskulane og dei skular som nærmast
svarar til dei kristelege ungdomsskular no, under
i striden. Den »faste konkurrance« som
statsmagtene hadde faatt istand, heldt paa aa
øydeleggja alle private ungdomsskular. — Ein
fast konkurrance fraa den leidi vil alltid verta
faarleg for private tiltak.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>