- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
15

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Folkhøgskulen - Folkehøgskular som er i gang no (1914) - 7. Møre folkehøgskule - 8. Valdris folkehøgskule - 9. Vefsen folkehøgskule - 10. Jærens folkehøgskule - 11. Folkehøgskulen i Vaagan - 12. Gudbrandsdalens folkehøgskule - 13. Torshus folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

paa Austlandet, til han vart knytt til Møre
folkehøgskule.

8. Valdris folkehøgskule.


Fraa slutten av 70-aari var der i Valdris
ein flytjande amtsskule. Den vart nedlagd i
1898. Aaret etter tok O. E. Bø til med ein
folkehøgskule paa Løkje i V. Slidre. Mest alle
heradsstyre i Valdris hadde uttala seg for aa
faa ein folkehøgskule for desse bygder. Av
dei som elles hjelpte til, maa nemnast
lensmann O. K. Ødegaard og lærar O. Skrutvold,
som daa var formann i amtsskulestyret.

Skulen var paa Løkje i 7 aar, so paa
Nes i N. Aurdal i 5 aar og har dei 2 siste
aari vore paa Leira, der styraren har kjøpt seg
skulegard. - O. E. Bø (f. 1867) gjekk paa
amtsskulen i Valdris i 2 vintrar, deretter paa
Hamar lærarskule, eksamen 1887, var lærar i
fleire bygder, deretter 3 aar i Amerika, so
lærar i framhaldsskulen og amtsskulen til han
fekk sin eigen skule i 1899. O. Islandsmoen,
no styrar av Vestuppl. folkehøgskule, var
medlærar i fleire aar.

9. Vefsen folkehøgskule


er grunnlagd av Odin Benum og vart opna
hausten 1899 paa garden Kulstad. Lensmann
M. Bjørnaali, ordførar P. Flaa, lærar Olaf
Hals
m. fl. var med i arbeidet for aa reisa
skulen. I 1900 flutte den til Halsøy.
Heradet har til denne tid gjeve fritt hus m. v., men
no skal skulen kjøpa garden og husi. Odin
Benum
(f. 1869) tok eksamen ved
underofficersskulen i Trondheim 1890, var sidan 2 aar
paa Askov, vart hausten 1897 lærar paa
Namdalens folkehøgskule og var der til han flutte
til Vefsen.

10. Jærens folkehøgskule


er som fyrr nemnt grunnlagd av Søren Øvretveit.
Skulen vart opna 1899, var dei 2 fyrste aari i
leigde hus, men fekk seg eigen heim i Klepp
i 1901. Bønderne paa Jæren har gjort mykje
for aa faa skulen so godt utstyrd med hus
som mogelegt.

Eit lutlag eig skulen, men det er ordna
soleis at i røyndi er det eit garantilag, so
styraren kann overta det heile um han vil.

Søren Øvretveit tok lærareksamen paa
Stord i 1886 og var nokre aar lærar i
folkeskulen fyrr han tok til med høgskulearbeidet.

11. Folkehøgskulen i Vaagan


heitte fraa fyrst av »Lofotens og Vesteraalens
folkehøgskule«. Den er grunnlagd av A. M.
St. Arctander,
ein av dei fyrste som kom med
i folkehøgskuleflokken i 70-aari. Han har ofra
mykje arbeid og pengar paa høgskulen
deruppe, som for det fyrste møtte sterk motstand,
kanskje mest fordi styraren var maalmann.

Arctander er fødd i Hadsel 1847, vart
teologisk kandidat i 1872 og var i mange aar
lærar ved Ullensvang folkehøgskule, og hjaa
Ullmann i Seljord. I 1900 selde han den
eigedomen han hadde i Ullensvang og kjøpte
ættegarden Ekren i Nordland, og her vart
folkehøgskulen opna hausten 1901. Men i
1904 vart han sjuk, so han maatte slutta med
skulearbeidet, og daa amtstinget ikkje vilde
gaa med paa at han fekk ein i staden sin
solenge, maatte han selja skulegarden til
medlæraren sin K. Løndal. Han selde seinare
eigedomen til kommunen til fatiggard og kjøpte
att ein mindre gard i Vaagan ved Kabelvaag
og flutte med skulen dit.

Ketil Løndal er fraa Telemark, fødd 1873,
gjekk paa folkehøgskulen og lærarskulen i
Seljord, var lærar i folkeskulen i 6 aar, og 4
aar paa lærarskulen og høgskulen i Seljord og
vart medlærar hjaa Arctander i 1903.

12. Gudbrandsdalens folkehøgskule


vart opna hausten 1902 i leigde hus paa
garden Vik i N. Fron, der den enno er. —
Styraren Rasmus Stauri (f. 1867) gjekk dei tvo
fyrste aari etter konfirmasjonen paa ein
privatskule hjaa presten Eilert Juul, tok eksamen
ved Stord lærarskule 1888, var deretter lærar
i folke- og framhaldsskulen (88—98) og lærar
paa Ullmanns høgskule og lærarskule (98—02).
Daa Ullmann vart amtmann og lærarskulen
nedlagd (1902), reiste han til Gudbrandsdalen
og fekk sin eigen skule igang der. Skulen
fekk amts- og statstilskot i 1903.

13. Torshus folkehøgskule.


Upplysningsmenn i Orkedalen skaut
saman ein sum pengar til Hjelp for ein
folkehøgskule, Orkedals kommune og sparebanken

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free