- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
29

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Amtsskulen - Amtsskulane vert sett i gang

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 29 —

tvo folkehøgskular i Trøndelagen. Resten
skulde gaa til amtsskular, med undantak av
300 spd. som departementet tenkte seg til
pengehjelp til lærarar som vilde utdana seg som
aiiitsskulelærarar.

Departementet var no korne til det, at
det burde vera 2 lærarar ved kvar skule, at
løni for styraren burde vera 400 spd. og for
andrelær^ren 200-250 spd., og at det ogso
burde setjast i gang serskikle skeid paa 3
mdr. for gjcntor. Ved desse skeidi skulde
tilsetjast ei lærarinne i handarbeid.

Kyrkjcncmncii (formann sokneprest A.
Bakhen) fann at sumen burde aukast til 25000
spd. daa det var upplyst at det kom til aa
verta uppretta endaa fleire amisskular enn
departementet hadde tenkt seg. Nemndi fyreslo
ogso hjelpi for dei lærarar som vilde utdana
seg til lærarar i amtsskulen sett til 500 spd.
Nemndi sette tillike upp reglar for tilskot til
private folkehøgskular. Innstillingi var soleis:
Til amtsskoler og piivale folkehøjskoler 25000
spd. paa betingelse

1) For amtsskoler:

a. At skolens og undervisningens ordning og plan
approberes af kongen eller den han dertil bemyndiger.

b. At skolen bestyres af en kommission bestaaende
af stiftets skoledirektør og saamange af
amtsformandskabet i eller udenfor dets midte valgte mænd
som det bestemmer, hvilken kommission tillige har
at afgive indstilling ved lærernes ansættelse.

2) For private folkehoiskoler:

a. At skolens og undervisningens ordning og plan i
det væsentlige er overensstemmende med den for
amtsskoleme approberede plan.

b. At skolen sættes under samme tilsyn som
amts-skolerne «.

Denneinnstillingi vart vedtekiav storlinget.

Striden millom amtsskulen og
folkehog-skulen var no i full gang over heile landet.
Til lærarar vtd amtsskulane vart for det meste
valt menn som etter heile sitt livssyn var
mot-standarar av dei grundtvigske folkehøgskular,
og um enn dei fleste amtsskulelærarar heldt
seg utanfor striden og berre gjorde si gjerning
so godt dei kunde, vart det likevel av seg
sjølv ein motsetnad millom dei tvo slag
sku-lar og maaten dei vart drivne paa.
Amtsfor-mannskapi stillte seg i regelen paa amtsskulen
si side. Eit undantak gjorde
amtsformannska-pet i Nordre Trondheim, som fraa fyrst av
heldt paa folkehøgskulen og studde den. Pre-

stane og skuieautoritetane stillte seg i regelen
imot folkehøgskulen og det grundtvigske
skule-og kyrkjesyn, medan dei nytta alle høve til
baade munntleg og skriftleg aa halda fram dei
nye amtsskular som gode «lutherske» skular,
som folket trygt kun’de senda bomi sine til.

Vilkaar! var soleis at dei frie
folkehøgskular hadde vondt for aa halda seg uppe i
tevlingi med dei nye skulane.

Lærarane i amtsskulen var offentleg
ut-nemnde, medan lærarane ved folkehøgskulen
hadde teke upp arbeidet av fri personleg drift
– utan aa vera offentleg »kalla« til det.
Enn-vidare arbeidde amtsskulane etter ein kongeleg
godkjent plan, medan folkehøgskulane hadde
heller lite av pianar aa syna fram. Alt dette
gav etter mange si meining amtsskulane ein
stor fyrcmun for folkehøgskulane. ho fall ogso
andervisningsmaaten ved amtsskulen (fast
timeplan, leksor, dagleg overhøyring og
avgangs-prøve) meir saman med dei gamle tilvande
synsmaatar paa skule og undervisning, enn
dei frie foredrag og den frie tileigning som
folkehøgskulen sette som den beste
undervisning for vaksne elevar.

Amtsskulane tok elevar like ned til
konfirmationsalderen. Folk saag paa det og som
ein fyremuu, endaa skulane paa den maaten
ikkje vart verkelege ungdomsskuter, men i
røyndi berre eit slag framhaldsskular.
Folkehøgskulane, som etter heile si uppgaave laut
krevja at ungdomen skulde vera vaksen fyrr
han kom paa skulen, maatte difor nøgja seg
med eit faatal av elevar, medan mengder av
konfirmert ungdom i 15—16 aar’s alderen og
ofte under fyllte amtsskulane. I lengdi verka
dette soleis at ogso folkehøgskulane laut slaa
av paa kravei um den høge aldersgrensa.

Ikkje minst gjorde det økonomiske. Ved
amtsskulane var undervisning!* anten fri, eller
skulepengane var svært lange. Dei
folkehøgskulane som ikkje hadde offentleg tilskot,
maatte halda høge skulepengar. Dette gjorde
mykje til aa draga ungdomen fraa
folkehøgskulane til amtsskulane, som ogso ofte hadde
dugande og drivande lærarar. Paa den maaten
vann ikkje folkehøgskulane halda seg uppe i
lengdi, og vi ser difor ogso at den eine etter
den andre av dei laut gjeva upp og vart
nedlagde. Berre dei som fekk offentleg tilskot

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free