- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
31

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Amtsskulen - Stortingsvedtaket i 1877 - Sidan 1877 - Dei einskilde skular

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 31 -

Jørgen Olafsen, O. Hjelmstad og Jaabæk
forsvaret for folkehøgskulen.

Ved avrøystingi vart fyrst Bentsens
forslag um beinveges statstilskot til
folkehøgsku-lane forkasta mot 30 røyster. Desse var:

Joh. Sverdrup, Haugland, Hjalmar Løberg, N.
Skaar, Juul, P. Rinde, Hjelmstad, Jaabæk, L. Liestøl.
Stoltenberg, Seljelid, O. Nilssen, Olafsen, W. S. Dahl,
overtollbetj. Castberg, Qvam, Welde, L. M. Bentsen,
P. A. Sæther og P. Chr. Bjørnsgaard.

Qvam hadde teke upp forslag um
beinveges statstilskot til Vonheim. Dette fekk
berre 14 r.

Dinæst vart Joh. Sverdrups forslag um
vilkaari for atntsskulane vedteke med 58 mot
51 r. Dei 51 var høgre og nokre vinstre som
Enge, Steen, D. Iversen, Veseth o. fl

Tilslutt vart fleirtalsinnstillingi um
vilkaari for folkehøgskulen vedteki med 61 mot
49 røyster. Her røysta Steen, Enge og Veseth
for fleirtalsinnst.

Ved vedtaket i 1877 var tvo ting vunne:
For det fyrste var folkehøgskulane stiilt friare
enn fyrr. Og for det andre var amtsskulane
komne heilt under folkevalt styre.

Desse reglane for statstilskot var
ved-tekne etter hard strid; men dei vart no
gjel-dande like ned til vaare dagar.
Kyrkjedepar-tementet stræva visstnok enno i lar.g tid m^d
aa faa uppatt dei gamle reglane fraa 1875 og
76 for folkehøgskulane, og i sine
budgettfyre-legg sette det kvart einaste aar like til i
1884 (»riksrettsaaret«) upp desse reglane; men
dei vart alitid strokne av stortinget og umbytte
med reglane stortinget hadde vedteke i 1877.
I 1878 slo endaa til departementet frampaa um
sanktionsnegting for desse reglane si skuld.

Sidan 1877

har amtsskulen gjort sitt arbeid, utan at det
har vore nokon større strid um ordningi.
Kvart amt har stelt med sine amtsskular som
det har funne for godt, utan at staten har
blanda seg større upp i det. Difor har det
ogso vorte ymis ordning av skulane i dei
ymse amt. Medan amtsskulane sume stader
har vore drive paa lag like eins heile tidi sidan
dei vart uppretta, har dei andre stader faatt
heilt ny ordning og ny plan.

Der er no i gang ialt 38 amtsskular ut-

over heile landet — eller paa lag same tal soni
i 1877. Mange er nedigjenom tidene nedlagde
— soleis har ikkje Bratsberg og Nordre
Trondheim lenger amtsskular —; men so er atter
nye komne til.*)

Dei einskilde skular.

Smaaleni.

1 1875 vedtok amtsformannskapet i
Smaaleni aa uppretta tvo amtsskular. Dei skulde
vera flytjande og vart kalla »Nedre
Smaalenenes amtsskole« og »Øvre Smaalenenes
amts-skole«. Dei vart opnå i januar 1876 med berre
ein lærar. Alt aaret baketter fekk skulane ein
andrelærar, og s. aa. vart sett i gang serskilde
gjenteskeid paa 3 maanader. Ved desse vart
tilsett ei lærarinne i handarbeid. Elles skulde
det vera 6 mdr. skule for gutar um vinteren
fraa fyrstningi av oktober.

Denne ordningi varde til i 1898. Daa
vedtok amtstinget at det heretter skulde vera
fellesundervisning for gutar og gjentor, og at
kvart skeid skulde vara 7 mndr. fraa fyrst i
oktbr. Samstundes gjorde amtstinget ȯvre
Smaalenenes amtsskole« til fast amtsskule, og
skulestaden vart Askim. Fraa 1904 er ogso
»Nedre Smaalenenes amtsskole« fast.
Skulestaden er Sk/eberg.

I 1898 vart sløydundervisning innførd ved
baae skulane, og skulen i Askim fekk tillike
skulekjøken, med undervisning for gjetitone i
husstell og matlaging. I 1904 fekk ogso
skulen i Skjeberg sitt skulekjøken.

Lee rar personalet ved kvar av skulane har
sidan 1898 vore: Styrar, andrelærar, ei
lærarinne i boklege fag og handarbeid, og ei
hus-haldslærarinne.

Amtsskulen i Askim
vert halden i ein bygnad tett ved Askim station.
Bygnaden er kosta i lag av amtet og Askim
kommune, og kostar etter prisane no ein 13—
14000 kr. Askim kommune ber utgiftene til
ljos, reinhald og uppvarming.

Baade lærarar og elevar bur utanfor skulen.

Skulen har ikkje gymnastikksal.

*) Um elevtallet ved amtsskulane viser vi til tabellane
sist i heftet. Der vil ein og finna lærarloningar,
kva skuleupphaldet kostar elevane, pengehjelpi
til trengande elevar o. s.b.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free