- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
52

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III. Private ungdomsskular - Private ungdomsskular

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

III.

Private ungdomsskular.

Desse skular h ar tilskot av amt og stat paa
same maaten som folkehøgskulane.
Det namn kvar skule har, gjev ikkje
større rettleiding. Eit par kailast berre
»ungdomsskule«, ein »praktisk ungdomsskule«,
ein »privat amtsskule«, andre »kristeleg
ungdomsskule«. Ser ein paa skuleplanane, synerdet
seg at dei i sin undervisningsmaate ikkje skil
seg større ut fraa folkehøgskulane. Men mange
har med fyresegner, som beintfram staar i strid
med folkehøgskuletanken, soleis dette at eit
styre eller forstandarskap set upp skuleplan,
set inn lærarar og fastset lærarløner.

Dei største av desse skular er uppretta og
ko-sta av indremissjonen, som her har ofra mykje
pengar, og som ogso har raadvelde over
sku-lane. Mange av indremissjonsfolket meiner at
dette er den beste ordning. Skulestyraren har
det moralske andsvar for skulen, men er fri
det økonomiske.

Um ordet »kristeleg« har det vore ikkje
so lite strid. Mange har funne at ein med
dette namnet liksom vilde setja desse skular
upp som motsetning til dei andre
ungdomsskular, som soleis ikkje skulde vera kristelege.
Fleire av indremissjonsfolket har her halde fram
at ein ikkje skulde tyda det paa den maaten,
men at ein med namnet »kristeleg
ungdoms-skule« berre vilde faa fram at desse skular la
meir vigt paa kristeleg vekkjing enn
folkehøgskulane og amtsskulane. Desse la meir vigt
paa det humane og nasjonale. Men sjølvsagt

gjeld det same indremissjonsskulane som alle
dei andre: Det kjem meir an paa læraren enn
paa pianar og fyreskrifter.

Ein tilsvarande skilnad har det vore og er
det i ungdomsarbejdet ellest og. Dei frilynde
ungdomslag har arbeidt i same leid som
folkehøgskulane, medan dei »kristelige
ungdomsforeninger« har halde seg til dei kristelege
ungdomsskular. For mange av
indremissjonsfolket i Norge har Grundtvigs »glade
kristendom« vore noko dei ikkje kunde vera med i.
Og daa folkehøgskulen ættar fraa Grundtvig,
har mange funne at dei heller ikkje kunde
god-kjenna hans skuletankar. Det kann kanskje
vera andre ting som og maa takast med her,
skal ein faa full klaarleik. Politiske umsyn har
kanskje i sume bygder korne med, men
langt-fraa ikkje i alle. Sikkert er det iallfall at det
er mange som ikkje har funne seg tilfreds med
dei 2 eldste slags ungdomsskular, men gaatt
igang med aa uppretta andre med »kristelegt
program« som dei har kalla det. I mange
bygder har indremissjonsfolket her synt stor
offerhug, so det er klaart det er ei hjattesak
for dei aa faa kristelege ungdomsskular i gang.
Mange av skulane har med studnad av
prestar og vakte lækfolk faatt stor søknad.

1. Totens private amtsskule

ved Lena st., den eldste private ungdomsskule
utanum folkehøgskulane, vart sett i gang 1882.
Herradsstyret i øystre Toten gjorde det fyrste
tiltaket. Dei havde faatt eit amtstilskot paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free