- Project Runeberg -  Varg i Veum. Soguspel fraa fortidi (900-1000) /
76

(1901) Author: Ivar Mortensson-Egnund
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

76

tenkte heller at de var framandt folk som du heve
med deg, eg.
SIGMUND.

Dei er anten mine hermenn eller mine trælar.

HELGE.

Inkje skynar eg kva ein skal med sovori.

SIGMUND.
Trur du daa, at eg vil binde meg so fast her,
at eg inkje kan koma laus att?
Eller at eg vil gange sjølv og træle kvar dag
som ein annan heimaling?
HELGE.
Eg tenkte du var keid av vikinglive no og
vilde taka i med gagnsarbeid.
Elles skynar du at de vert inkje so greidt
for oss aa halde veitsle for flokken din so lengi,
naar ingin skal gjera nytte for seg.

SIGMUND.
Trur du daa, at eg inkje vil gjera like for de?
HELGE.

Ja de høyrdest helst ut for de.

Du hadde ingin hug til aa gjera noko sjølv,
sa du. Og trælane dine faa de annvint med
rydjing og byggjing aat deg.

SIGMUND.

Han tarv inkje arbeide, som hev nok gull.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:54:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vargiveum/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free