- Project Runeberg -  Varg i Veum. Soguspel fraa fortidi (900-1000) /
77

(1901) Author: Ivar Mortensson-Egnund
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ti

De skal faa gull av meg, fordi Dé halde meg og
folke mitt med kost.

HELGE.

Me treng inkje um noko gull.

SIGMUND
(lær).

Aa De styvne heimalingar!
For gull kan ein faa alt ein vil.

HELGE.

Me hava fulla aatt gull her paa garden og.
Men inkje hev eg set at me hava fengi noko godt
for de. Skulde me hava litt paa sovori, hadde
me longo baade svolti og frosi ihel.

SIGMUND.

Reis ut i verdi, so mun du nok røyne, kva
du fær for gull.

HereE.

Men eg vil inkje reise ut. Eg hev sysla mi
her heime. I frendelyden min trivst eg, andre
stadir kan eg inkje una. Naar eg gjeng 1 de
arbeide eg kan, tykkjest eg ingin ting sakne.
Men jamt hev eg høyrt, at med gull fylgjer de
ulukkur. Burte er de, fyrr ein veit orde av, og
daa hev ein inkje att.

KOLBEIN.

De er som dei sae gamalt:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:54:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vargiveum/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free