- Project Runeberg -  Viser og kvad /
52

(1920) [MARC] Author: Per Sivle
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sol

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


For Blomar vil spretta
i angande Lag,
og Fivreld vil fram
og vil liva sin Dag.
Og Sol treng dei alle.
        — Men Sol, det er
no inkje det sama
        som Solgangs-Vêr.

Me sender fraa Jord
eit bedande Bod,
        som upp imot Himmelen gjeng.
Me bed til Vaarherre,
for han hev Raad
        um Sol, so mykje me treng.
Me bed han um Sol
yver Hjarta og Hug,
med bed han um Sol
yver Yrke og Dug.
Gjev Sol, du Gud Fader!
        — Men Sol, det er
no inkje det sama
        som Solgangs-Vêr.



<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 13:54:14 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/viskvad/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free