- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / 1934 /
21

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Den nynorske bokhausten 1933. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 21 -

um. Han har robust gå-på-mod, og han arbeider seg upp med
idugt strev til fabrikkeigar. Forfattaren -ser i honom ein ny type,
som frigjer bondelivet og gjev det nye utviklingshøve i samspel
med ei ny tid. Det er ein miljøroman. Her og skimtar ein dei
politiske mote-etningane i 80-åra i bakgrunnen. Matre er ein
frisk og fengjande forteljar. Han skildrar med skarpt
psykologisk blikk og logne bienkar av humor. Verket fortener difor å
få ein større lesekrins enn det har fått hittil.

«Mot stupe», av Ragnvald Vaage, er ein
dramatisk bygdeskildring um striden millom den ættbyrge storbonden
som gjerne vil ha makta i bygda, og den sjøleigande
husmannen, som har betre grep på den nye tida. Dette er og eit
tids-bilete, men forfattaren har lagt mest vekt på ei dramatisk
karakterskildring. Romanen toppar seg upp i mordfreistnad, som
råkar upphavsmannen sjøl.

Ein fjorde vestlandsroman er «Eldrid Flun og Brit
a-b o r n a» av Knut Gjengedal, som heid fram førre boka
hans, «Berre ei mor». Det er ei skildring av lausingungar, som
blir lagde for hat av bygda, medan farsystra deira ofrar si
framtid for dei. Gjengedal fortel lett og spanande, han er fyld av
ein beisk indignasjon som gjev honom patos og intensitet. Men
enno er han noko ustø i stilen, og bunden av sine fyrebilete.

Tore Ø r j a s æ t e r debutera i fjor som romanforfattar med
«Uppheimen på Sandnes». Ei studie i norsk
Hamlet-psyke, kan ein kalle denne romanen - som nærast er ein novelle.
Eliand har mist fotefestet i fedre jorda/ Han sel heimegarden og
ætlar seg ut på flatbygdene til lettare kår. Men medkvart gar
det upp for han at han høver korkje heime eller ute lenger,
han trivst berre når han får reise frå det eine til det andre. I
røynda er han på stendig røming frå seg sjøl. Det er ei makt
inni han som trugar med å bli overmakt, det er noko gåtefullt
over alt han seg jer og gjer. Er han «overhugu», eller har han
ein skruve laus? - Slik spør folk, og det har lukkast
forfattaren få dette fram slik at heller ikkje lesaren kan anna enn
spyrja. I alle høve kjennest det som ei tragedie når mannen
blir sperra inne. - Det er ei bok med mange botnar. Og jamvel
um ikkje forfattaren klårar upp alle, so set han fantasien i sving
og vekk j er problem som lever lenge etter boka er lagd burt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:14:52 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1934/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free