- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
22

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

lite Februar 1889.

som var fullt av Heidningar. Denne
Lengdi og detta Skin av Studering
gjerer ogso, at Navnet sjeldan kann
verda brukat i Vers; og me faa so-
leides inkje sjaa det i nokon Song um
Fedralandet, for der vil Oslo altid
bjoda seg fram med si korte Form og
sin historiske Verdleike. Og sidst paa
er det ogso nokot blygslegt, at Hovud-
staden i vaart Land skal hava eit la-
tinsk Namn, medan derimot so mange
andre Hovudstader hava wuppehaldet
dei stutte og nette Namni, som Folket
sjølv hever gjevet deim i den uminne-
lege Forntidi. Eit slikt Uhøve maatte
vel endaa vera Raad til at retta paa,
og det kunde vel ogso vera betre Raad
til det no en fyrr, med di at den
«gamle Byen (Oslo) no nyst er lagd
saman med den nye, so der inkje len-
ger er det til at segja, at Oslo er eitt,
og Christiania eit annat.
- verd inkje gjort med det, atein berre
tenkjer, at det skulde vera gjort; det
duger ikkje at segja, at det no er for
seint, at det inkje nyttar, at det er
umogelegt, og so frametter, Me hava
Rett til at halda paa vaare gamle
Namn, og Utlendingen kann inkje for-
meinka oss att nemna vaare Byar,
sem me sjølve vilja, naar me tala til
vaart eiget Landsfolk. Vistnog er det
80, at eit slikt Umskifte kann inkje
- verda gjort i nokor Hast, og at det
Namn, som no er i Bruk, i visse Til-

høve ogso maa standa fyre Framtidi.

Men ei god Vending kunde daa alltid
verda gjord paa den Maaten, at Folk
av eigi Drift vilde bruka det gamle
Namnet i Brev og Bøker, i dagleg
Tale, og i alle dei Tilfelle, daa dei
inkje ero nøydde til aa bruka nokot
annat. Det vilde gjera so myket, at
Landsens Folk vordo kjende og vande
med Namnet, so dei med Tidi inkje
trengde um nokot annat Namn: til
daglegt Bruk og millom sine eigne
Landsmenner; og naar det var so langt
komet, so var det vigtigaste vunnet,
so at det andre kunde sidan laga seg
sjølv, som det vilde.

Den ville Rosa hell Speiaren.

Forteljing fraa Amerika av
Mabel Frothingham.

2. Stykkje.
Eg talar med Sydney.

”Tom,” kvinka ho, ”reis kjeeismalll,
du vil verta upp-eten av ville Dyr,
det er eg viss paa. Aa, det rysimeg,
naar eg tenkjer paa dei Faararne du
kjem til aa gjenomgaa.”

”Nei, Sydney,” skunda eg meg aa
segja, ”der er ingi ville Dyr derburte.
Du tarv kje vera rædd fyr meg fyr
den Skuld.”

«Men daa den Otten var kvorven,
kom det ein annan i Vegjen.

”Der er Indianarar,” sae ho med

ein Rysjing, ”og eg hev høyrt dei er

ville og mordlysta. Dei vil myrda|

deg, Tom!”
Publ. øy!”

Nei Tom”, segjer ho med Vyrdnad,
det er kje Tøv som eg segjer; eg hev
høyrt alt um dei — um Sitting-Bull,
og alle dessa ville og blodgiruge Her-
mennar — kosso dei flær Hedna av

Men slikt

Fangarne sine, piner dei paa alle mo-
gelego Maatar, og drep deiso til Slutt.
Og kva er til Hinders fyr at du kjem
i deira Vald, fyst du reiser imillom dei?”

Sydney gjorde dette Spursmaale
med ei Uppsyn, som synte, at ho trudde
det var umogelegt aa svara paa det,
og sant aa segja byrja eg aa kjenna
meg uppøst yve Stivsinne hennar.
Kvi kunne ho kje vera so snild aa
gjeva seg — lata meg faa ganga min
eigjen Veg, og ganga sin eigjen i Fred?
Under Innverknad av denne Kjensla,
er eg rædd Mæle mitt lydde kvasst,
daa eg svara slikt — stutt men greidt.

”Til Helvites med dei!”

”Tom !”

”Kya, Kjæra mi?”

”Sae du. til Helvites med Indi-
anarne?”

?Ja, eg gjorde, Sydney,” svara eg
roleg, endaa eg saag ho vilde aat meg.

”Daa” segjer ho argt, ”held eg meg
fyr fornærma.”

”Store Himel!” ropte eg. ”Korleis?
Du er daa kje skyld aat Sitting-Bull
hell dei andre Hermennarne, so kosso
kann du taka mitt stutte Umtal av
dei fyr ei Neising?”

”Veit de det ikkje, Hr. Veezey, so
bryr kje eg meg um aa upplysa dykk,”
svarar ho og retter seg upp. So
svara eg kvast att, og so svara ho
endaa kvassare, og til Slutt vart me
so uppøste, at me sae svært harde
Ting til einannan.

Enden paa det heile vart, at ho
bad meg reisa min Veg til Fureskog-
arne, med den Meiningi, at eg ikkje
turvte koma atte aat ho, so nigja ho
djupt aat meg og sopte ut or Rome.

So hadde eg kje anna aa gjera
enn aa reisa, ikkje so fælt hugsprengd,
det maa eg tilstaa, yve hennar Far-
væl, hell dei Ordi som fylgde med.

Naar eg skal segja den reine
Sanningi, so hadde eg strævt mykje
med aa faa slik ein Endskap paa det.
No vilde Sydney gjeva upp alle Tan-
kar um aa vera med meg paa denne
Reisi, det var greidt, og likeins vilde
ho ha vunne yve Mistykkje sitt den Tid
eg snudde heimatt til eit folkelegt Liv,
og vilde gjeva meg so varmt eit Mot-
tak, som me hadde skilst som dei
beste Vener. Eg var: so viss paa
detta, og so sæl avdi Knipe mitt hadde
gjengje so godt, at eg kunne vandt
dylja Gleda mi, til eg var komen ut
or Huse.

3 Stykkje.
Indianargjenta.

”No,” segjer Nelly, Syskinbarne
mitt, daa me møttest ved Middags-
borde same Dagjen, ”kva sae Syd-
ney til at du forlæt oss?”

”Aa det var kje mykje det,” svara eg.

”Fortel meg daa detta litle.” helt
ho fram.

Eg kann verkeleg ikkje minnast
det.”

”Aa Tøv! Likte ho det?”

”Ikkje rettigt.”

”Vart ho vond?”

”Aa ja litt,” tilsto eg.

”So ho kunne kje faa deg ifraa
ditt tullutte Paafund?” segjer Nelly,
som ser svært aalvorsleg ut.

”Meiner du Ferdi mi, so fekk ho.

meg ikkje ifraa det.”

|ved aa veita dei sjølv.

”Det kann du daa vita ho ikkje
kunne,” tok Papa Veezey frami, som

|skiftesvis aat og turka Sveite, for Vere

var lika varmt. ”Du venta daa kje,
at han var so vitug, gjorde du vel,
Nelly?”

”Eg totte, Tom kunne bry seg litt
um Kjenslorne til Sydney, Far,” var
Svare, og paa same Tid saag ho paa
meg med eit neisande Augelag.

”Naar me skal tala um Kjenslor,”
svara eg, ”so bryr dei seg kje mykje
um mine, tykkjer eg. Hadde Sydney
Syn fyr mine Kjenslor, vilde ho ikkje
vera med i eit Sellskap, som denna
Kvelpen og Syster hans er med i, en-
daa eg ikkje hev noko imot Systeri
fyr hennar eigi Skuld.”

”Kor hugstort!” ryt Farbror, og
Nelly spurde etter Namni paa denna
Kvelpen og hans Syster, som eg var
so snild eg ikkje hadde nokot imot.

”Det er Charles Howt, som du burde
visst, kjære Barn.
han slo Kroket med Sydney i Dag tidleg,
og eg tilstend openleg at eg hadde god
Hug paa aa slaa sundt Hovude hans.
Det er sanneleg paa Tid at Karen
lærde aa fara som Folk.”

Eg lae Merkje til daa eg helt upp,
at Farbror og Nelly blinka fult til
einannan.

«Hev du imot, at Charles Howt
veiter Sydney Merksemder,: segjer
Farbror, ”so kann du daa bindra det
— Men,” lae
han til med ein Svip av Vonløysa,
”det kann kje nytta snakka meir um
dette. Du, Tom, vil gaa din Veg utan
aa bry deg um vaare Ynskje og me
paa vaar Sida vil fara sameleis —
Sydney likso fullt som me andre, kånn
du vita.”

Etterpaa dette tagde han reint.

Nelly gav meg ikkje fleir Spurs-
maal og eg enda mi Maaltid med ei
Kjensla av aalmenn Mishug; som hadde
meg til Fyremaal, Men alt dette fekk
ikkje hugvendt meg, og tidla um Mor-
gonen — um Kvelden fyreaat hadde
eg vilja funne Sydney, men ho lest ha
det so annsamt med aa pakka inn, at
ho ikkje hadde Tid — baud eg Far-
væl til Farbror, som ikkje lest høyra
meg hell sjaa at eg rette fram Hondi,
og til Nelly. som berre svara med ein
liten Nikk fraa Vogni, som førde- dei
til Jarnvegsskifte. — So reiste eg vest-
etter til Skogarne.

Eg kann kje segja deg Namne paa
den Plassen, der eg til Slutt stadna.
Det var ein liten Landsby, som endaa
nautt var verd detta Namne, so faa
Hus var der, og laag med ei liti Elv
med ein tjukk Fureskog attum seg.

Eg var den Naatti i det einaste
Vertshuse, som Byen kunne kyta av,
og daa eg um Morgonen med nokon
Vande hadde fengje meg ein Hest og
ei Kjerra til aa føra Tye mitt, so lae
eg i Veg med ein Førar fyr aa finna
ein lagleg Plass til aa setja upp Tjelde
mitt. Dette fann eg. til Slutt ei Mils
Veg hell so fraa Landsbyen, i Skug-
gjen av den myrke Skogjen, men so
eg saag til ein Gare langt burte, som
laag avbakleg og eismall.

Endaa eg leitte etter Natur og
Fridom, totte eg likvæl det var so
hyggjelegt aa kjenna at nokon av mitt

Eg fann han daa

Slag var nære, og eg tenkjer det var
Garden, som gjorde, at eg just valde
den Plassen.

Føraren min stadna til dess eg

hadde sett upp Tjelde og fengje stelt

meg, og for so heimatt.

Klokka var 3um Aftanen, daa han
reiste, og daa eg inkji hadde ete sia
um Morgoneu, sette eg paa Kjetelen
med det same. So kokte eg litt Te
og sette meg i Grase, som eg lae ei
stor Trifsa yve til Bord-duk. og aat
til Nons.

Daa eg hadde ete, tvo eg min
Borddisk og Kapp i ein siklande Bekk
nære med, lae dei i Soli til aa turka
og gjekk so tilbakars til Tjelde mitt.

Eg var trøytt etter slikt eit uvan-
legt Arbeid, og eg sov godt den tyste
Naatti utan aa ansa kor vænt Mye
song fyst det stakk Brodden sin i meg,
og førde si Forgift inn i mine Aadrar,
hell dei underlege Ljod fraa Skogjen,
som helt meg vak mang ei Naatt
etteraat.

Daa eg vakna andre Morgonen var
eg svært svollen kringum Augo og
hadde mange smaae raude Trutningar
baade paa Hendar og Armar.

Men eg let ikkje so liten ein Ting
stogga mi Gleda, so at med same

eg hadde ete Morgonbiten tok eg Fiske-

stongi paa Herdi og gjekk til ein breid
djup Bekk, som Føraren min Dagjen
fyreaat hadde sagt var Tilhelde til
mangein flekkutt Auride.

Eg minnest ikkje, kor mange eg
fekk den Gongi, det er nokk aa segja
at eg likte oveleg godt Fengdi mi, og
den Dagjen aat eg til Middags som
ein Fyrste. Aldri fyrr hev eg tott
Fiskjen hev vore so god, so framifraa
i alle Maatar, og eg ventar det ikkje
sidan helder. Liksom detta var fyste
Gongi eg prøvde Skoglive, soleis vert
det nokk den seinste au, for no med eg
skriv er Vengjerne mine klypte. Det
er ein annan, som held Taumarne, og eg
fær kje Lov til aa gjera slike smaae
Utferder meir aaleine.

Den fyste Vika av dei seks eg
hadde ætla til Skogslive, hadde gjengje
med Fisking og Veiding. Eg hadde
moroa meg fælt. Ex hadde funne
Skogslive aa vera alt det, eg hadde
tenkt, og eg kjende kje noko Samvits-
agg yve det eg hadde gjengje min
eigjen Veg. Det var nokk so, at eg
ikkje totte likso gildt um Songi til
det lystuge og glade Mye, som um dei
væne Tonarne til Naattargalen, og eg
likte ikkje helder den vesle Brodden
aat det, naar han kom meg for nær,
men dette var smaae Illende, og det
frie og heppelege Live, eg livde, verka
fullkommeleg Jamvikt.

Den Garden, eg tala um, var for
langt burte til at eg kunne reikna
han fyr nokon Granne, og eg trudde
det budde Folk der, for eg tottest
sumtid sjaa noko paa Framsida av
Huse, som rørde seg og som saag ut
til aa vera mennesklege Skapnader,
og eg fekk sidan vita paa, at det var
SO au.

Du maa tru meg, naar eg segjer
eg ikkje brydde meg um aa faa nærre
Kjennskap med Gards-folkje. Eg var
nøgd med min Einlegskap, og var takk-
sam mot dei, avdi dei let meg vera,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free