Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ilte Februar 1882.
Fedraheimen.
23
for der kom kje ei Sjæl til meg heile
den Vika.
So var det ein Dagjen, eg hadde
ete Morgonbiten og gjengje min Veg,
som eg brukte. Eg hadde ete eit
heilt Fat med Auride, fersk fraa Bek-
kjen. Eg hade tekje meg ein liten
Lur — ein Lur, som vilde ha vårt
lenger, hadde det kje vore dei svarte
Flugorne og anna af ssme Slag — og
eg hadde tekje Øksi mi og vilde hogga
Ved til aa koka Te med, daa eg fekk
sjaa noko som eg vart reint forstøkt fyr.
Ei Indianargjenta sto framfyre meg.
”Eg hev kome fyr aa sjaa Bleik-
Andlite,” sae ho med mjukt Mæle.
Eg vart so klumsa ved Syni av ho,
at eg sat og stirde og sae kje eit Ord.
”Er kje Bleik-Andlite glad fyr
at eg kjem?” spurde ho, og saag paa
meg med sine svarte Augo.
Daa fekk eg atte Maale.
”Eg er reint tryllt,” ropte eg og reis
upp. *Vil den indianske Gjenta ver-
dugast taka ein Sess i Hytta aat hen-
nar bleikdømde Bror?*
Gjenta synte sine Tennar, som
blenkte i Motsetning til hennar nate-
brune Hamlit, og tok strakst den
Stolen eg baud ho inni Tjelde. Ho
saag nyfikje kringum seg, og eg nytta
Tilføre til aa skoda nærmare paa den
uventa Vitjaren.
Ho hadde eit gildt Haar, som
fløymde utyve dei fagre Herdarne og
sveipte ho inn liksom ei Sky. Det
hadde mest same Liten som Syd-
ney sitt, men ho hadde kje so mykje,
trudde eg. Paa sine runde Uvledar
hadde ho Armband, som likna svært
dei som siviliserade Damor hev, og
paa Føterne hadde ho slike Skor, som
so tidt vert selde paa Marknadarne,
og som skal vera indianskt Arbeid.
Dei svarte Augo aat Gjenta leitte
liksom etter noko rundt i Tjelde, og
«kom til Slut atte paa mitt Andlt.
(Meir.)
Enno litet um norske By- og
Bygdenomn.
I det fyrre Numer av Bladet er
der talat um aa bruka betre norske
Nomn paa Amtom her i Landet enn
dei, som no verta brukte. Alt no kann me
gjeva enno betre Grunnar for nokot av
dette, og det skal me leggja fram her.
Det var sagt, at Austfold vil vera eit
godt og laglegt Namn for Smaalenene.
Det var ogso sagt, at Namnet skal
finnast i gamle Brevskap. Dette kunde
ein segja var noko tvilsamt sagt. Men
dette kann me no segja med full
Vissa. Den namngjetne Presten Pe-
der Klauson i Undal (fødd 1545,
daaen 1614) kallar i sin ”Norges Be-
skrivelse” dette Fylkje Østfold. So
er det ogso kallat i eit Brev fraa
Aaret 1543. Namnet Austfold heve
soleis full :og god Grunn.
Likeins kallar han det noverande
Jarlsberg og Larviks Amt ” Vestfylda
Fylcke, det er Vestfold” . ... ”og det
næste Fylcke, østenfor Fiorden kalledis
Østfold” ”og vesten for Fiorden var
kaldet Vestfold indtil Agdestden.” Om
Agdesiden segjer han: ”Der effter er
Agdafylcke oc kaldis Austar Egda-
fylcke fraa Giernæs til Ottrunæs” —
”Oc saa er Vester-Egdafylcke til Aaen
Siru.”
Me sjaa soleis ogso, at det heve
god Grunn og gamal Hævd for seg
aa kalla dei tvau Amt Nedenæs og
Lister- og Mandal Aust-Agder og Vest-
Agder.
Gamle Per Klauson heve al Tid
voret halden for ein aalitande Heimels-
Mann, og han tek upp att desse Nomn
fleire Gonger i sin ”Beskrivelse.”
Me hava ogso umrødt i fyrre
Stykkjet, at desse Fylkje-Nomn enno
era i Bruk paa den Maaten, at Aal-
mugen paa Tunsbergkanten kallar
Folk fraa Austsida av Oslofjorden
Austfollingar, at Aalmugen i Bygdom
ved Dramn kallar Folk fraa Bygdom
lenger ut med Vestsida av Oslofjorden
ved Horten, Tunsberg o.s.v. Vest-
Jollingar, og at Aalmugen i Numedal
kallar dei same Utfollingar, og at dei
i Telemarki kalla Folk fraa Agdesida
Egder.
(Innsendt.)
”Fedrahemmen” kjem no ruslande for
6te Aarct, og eg helsar han hjarteleg
vælkomen. Fyrst som Maalblad. For
Maalsaki si Skuld er det av større Vigt
enn det kann utreknast, at eit slikt
Blad kann hbaldast uppe, og eg tykkjer
alle Vener av Maalsaki burde stydja det
av si beste Magt. Det gjeld um, at
Bladet kann faa større og større Lesar-
Krins. Det er snart aa sjaa, at Re-
daksjonen ikkje vantar Innhald til Bla-
det; men det maa faa koma vidare um-
kring og verta større. Men kanskje
maa det ganga med dette som med so
mangt annat godt: det maa veksa seg
fram smaat i Senn med Ungdomen.
Manndomen, som er upplærd paa Dansk,
skynar seg som rimelegt kann vera
mindre paa Maalsaki. Des hyggjelegare
er det aa sjaa, at Bladet kann halda
seg Aar etter Åar, og det trass i alle
dei Hogg, det fraa ymse Kantar hev
fengje; for det gjev Von um, at det
vil kunna verja Romet sitt, til dess dei
unge vert Menn:.:—
So vil eg ynskja ”Fedrh.” vælkomen
som potitiskt Blad. Hald fram, som
du stemner, ”Fedraheim”!
Eg tykkjer det er rart, at dei so
endeleg vil hava Religion inn i Poli-
tikken i desse Dagar. Tru ikkje dette
er ein ”Gjengangar” fraa eldre Tider?
Var det ikkje i Millomalderen, dei helst
dreiv paa med det aa regjera alt i Sam-
fundsliyet etter kyrkjelege Reglar og
Bod? Og var det ikkje fraa den Skikken,
at Pave-Veldet byggde seg? Det ser
mest uttil, at vaare smaa norsk-lutherske
Teologar hev Hug paa aa faa upp eit
lite protestantiskt Pave-Velde her i Lan-
det. Fe kann fullt halda med Bruun
i det, at ban vil hava eit ”kristelegt
Vinstreblad” for dei, som vil hava Re-
ligion og Politikk ihop, men eg kann
som god Vinstremann ikkje tru, at slik
endefram Samanblanding av Kristendom
og Politikk er gagnleg*), og helder ikkje
trur eg, at det er rett aa segja, at alle
Vinstreblad, som opnar Utsyner utanfor
den serlegt religiøse Tankeringen, er
Fritenkjarblad. Det stend daa fast, at
der er andre Synskrinsar i Mannheimen
enn den religiøse. Og skulde so ikkje
eit Blad, som nettupp vil vera eit Upp-
lysningsblad, hava Lov til aa klaargjera
*) Er det ikkje just det, Vinstrebladi hev
so mykje imot Høgre (og iser Prestarne)
fyre, at dei blandar Religionen saman
med sin Partipolitikk? Skulde daa
dei sjølve gjera det paa same Maaten?
! Bldst.
andre Tankar og Meiningar enn just
dei, som ligg innan-um den religiøse
Synsringen — endaa um desse Tankarne
og Meiningarne hadde den største Vigt
for den menneskelege Utvikling —,
utan strakst aa faa Namn av ”ukriste-
jegt”? For det vert Konsekvensen.
Bg skulde lika, at Stillingi vart
klaar! Lat some av dei Bladi, som
ikkje er berre politiske, segja reint ut,
at dei vil gjeva full Upplysning um alt,
som er ”uppe i Tidi” utanfor det kri-
stelege, so Folket her i Norig kann faa
sjaa det au! Dei skulde ikkje bry seg
um, um dei fekk Namn av ”Fritenkjar-
blad.” Eeg vilde dei skulde segja: lat
Folk kalla meg Fritenkjar so mykje dei
vil! Ep tek inn alt, som eg trur der
kann vera gagnleg Upplysningi. Og so
kunde andre Blad med full Grunn stiga
fram og segja: no vil me halda oss berre
til der kristelege Synsmaatar, klaargjera
og festa dei, Eo trur, at Lufti her i
Landet daa vilde verta friskare. — Fe
likad godt at ”Fedraheimen” sagde dette:
”Bladet er utan Redaksjonsmeiningar i
Dru =>
+ Det tykjest tunglegt for meg, naar
Bruun, M. Skard og tildels O. Asper-
heim segjer, at Kristentrui er nokot eg
maa passa væl paa, daa eg hellest lett
kunde missa henne. Hnn eg daa, som
tenkte, at Trui var mi Sjæls Evne til
aa taka Saki so, som eg nettupp gjer,
so eg kunde ikkje, paa det Punkt eg
no stend, faa ei onnor Tru, endaa pm
eg vilde! E& trur ikkje. Viljen kann
passa Trui, men vel Trui Viljen. Eg
hev ei einfaldig Katekismetru, just deu
eg er døypt paa; men er der nokot,
som skulde kunna rugga den, so maatte
det vera all denne hugrædde Talen um
Fritenkjarskapen som ei Magt, som kann
øydeleggja all Barnetru, utan at Kin
fær vita, kva Fritenkjarskapen gjeng ut
paa. Be hev derimot min Tankje i
dette, og det erat fekk me fyrst full
Greide paa Fritenkjarskapen og dens
Læresetningar, daa vilde mange av oss
segja som so: mel, dette her kann me
ikkje liva i! Daa inneheld vaar Daaps-
pakt og Kristendom mnokot heilt anna
baade for Hug og Hjarta til aa liva eit
Aandsliv paa! — Bg fæler ikkje for aa
lesa det eg kann faa Tid og Tilhøve
tilav Fritenkjarskrifter, og naar eg det
hev gjort, vileg med enn større Sanning
vitna: eg trur! Ja, ettersom her no
vert so mykje talad um desse Ting, og
alt ligg so*tilslørat og gjøymt, so vert
det meg ei personleg Trong aa faa full
Greida paa Saki. Men skulde eg prøva
aa verja mi Tru ved aa ikkje vilja
elder tora sjaa alt dette, som rører og
reiser seg ikring meg, so maa eg all
Tid’ fæla fyre, at Trui mi ingi rett Tru
er, ikkje er mi Sjæls Griping elder
Favning av Sanningi, altso ikkje mi
personlege Yvertyding, men nokot,
som er meginngjevet av andre, og daa
kann ikkje denne Trui frelsa meg kor
som er. Eeg trur det for mange vilde
vera gagnlegt aa tapa den ”Trui,” dei
no rosar seg av; for skal Fin sjaa væl
etter, so er det ikkje Trui; det er som |
eit Klædesplagg, dei kann taka paa seg
ein Messedag, men som ligg gjøymt og
gløymt inni Dragkista um Vika.
Kvitseid 12—1—82.
Aslak Houkom.
Salme.
Eg kveda vil fyr Gud ein song
enno ein gong
frå desse heimsens dalar.
Vår berre Krist han hentar meg
snart heim til seg
i himlens ljose salar.
Som elding fer,
ban kjemer her.
Då skal hans pris
på onnor vis
dei Guds basunur tala!
Når mi avløysing stundar til
eg gled? meg vil
og lyfta upp mitt hovud.
Då vert eg løyst, då gjeng eg inn
til yenen min, —
Gud vere ævleg lovad!
Då ris det av den myrke grav
det som var sått med sukk og gråt,
då er den søvn utsoven.
Når trei sprett ov skyter blad,
eg er so glad,
då vert her snarleg somar;
når himeriksens blomar sprett,
så trur eg rett,
Guds riksens tre ber komar.
Hans brud eg er, hans ring eg ber,
* hev lampen tendt og hjartat vendt
til honom — heimsens domar.
Bg høyrer hans liysæle røyst,
Guds born til trøyst, ’
frå høgan bimel tona:
”No kjem eg, sjå eg kjem med hast,
hald berre fast,
at ingen tek di krona!
Mi brud, deg gled, eg løn hev med:
til deg, var tru, eit fredarbu
og gleda fyr Guds trona.”
a
I ånden glad då brudi from
mun segja: kom!
Ho sorger all” mun gløyma.
Og den, det høyrer, segjer: kom!
lat livsens flom
utyver oss få strøyma!
Den, som lid tyrst, han kome fyrst!
kven vil og kann, livsvatn ban
tek fritt, — for kjelda fløymer.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>