- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
42

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

18de Marts 1882.

Ingebjørg, Kjeringi hass, va inki
netupp vene, men so snille. Fysst du
saag ho, maatte du halde av ho.

De lyste av ho som ei Sol, aa kot
ho .drogs mæ ha ho Lykke av, aa alt
umkring hennar fekk ein Svipe av hen-
nar sjav, aa Straala fråa seg noko av
den Gosklegheit, som laag yve ho
lik ein Solglisl. Vene aa snille Bonn
ha dei, aa livde hyggjelegt aa godt.

Hermod va reint undren, han ha
alli kunna tenkt seg slikt Liv, slik
Heim, aa so gla-e aa stutte Dagar.

Bjønn va ein gott upplyst Mann,
som ha lese myki, tenkt yve de, aa
gjort seg upp ei Meining um alt som
va innum hass Tanke-Ring. Aa den
Ringen voks mæ kvar Dag. Aa so
heldt han Avisur, aa fygde mæ i Da-
gens Spursmaal. Stutt aa segja: Bjønn
va ein av dei klokaste aa vitugaste
Mennar i Bygde.

For ei Gleda for Hermod om Kvel-
lanne a& faa lesa Blad, lesa i Snorre,
i Verdenshistoria aa. i Berlins Natur-
lære! De va Skule, ti Gaangur bær
hell” aa sita paa den laage Skammelen
aa ramse upp ei Lekse, som han ha
kunna i mange Aar, hell aa høyra
paa Lærarens Utvikling av t. D. kos
- Forholle va millom Gjerningar aa Tru.
De ha han inki mæ beste Vilje vore
Kar ti skjynne noko av. Dei kaam
so tjurre aa kalle Ore, at ein vart
syvjuge, aa dei la seg som ei Duft
yve Tankjen, aa gjore de kjeidt aa
leidt i Skule-Stoga.

Men naa um Sundagen fysst Inge-
bjørg song Salma, aa Bjønn las eit
Stykki av Bibelen hell ei Preka av
Postillen, de va anna Slag; de kaam
so varmt, der va Liv yve Orde, Hjart-
unne fygde mæ, aa Åugunne tindra
i Gleda.

Hermod kaam hellest inki ti gange
so svært myki i Skule naa helle. Bjønn
forsto kos de ha seg mæ Skulen. EFi-
rik, Son hass, va so flink ti aa reikne
aa skrive, at han kunne syne Hermod
de som trengdest. Aa han vart snart
likso flink ti skrive aa reikne som ti
lesa.

Presten gav Bjønn Snei-Ord; men
Bjønn visste mæ seg sjav, at han gjore
Rett, aa so tagde han, aa gjekk roleg
si Gaang. Ke

Hermod vart snart kjende yve all
Bygde for sit gode Hovu aa si ærlege
Ferd i alle Maatar. Han gjore meste
altslags Snikkar- aa Smed-Arbei aa
skar reint meistarleg .ut mæ Kniven.
Aa de Aare han gjekk aa las for Pre-
sten va der bare ei Meining um de
millom Folk: at Hermod va den flin-
kaste Komfirmant der ha vore i Manne-
Minne.

Men han vart inki No. 1. Presten
ha, som fyre sagt, eit Pikk ti Bjønn.
Bjønn va for sjølvstendige aa vaaga
seia imot. Aa so ha ’ki slike ”Ungar”
gott av aa stande høgst; ”det satte
dem Nykker i Hovedet, og fyldte dem
med Indbildningen om at være noget,”
aa so b. Signe møtte au sama Åare,
aa va likeins utmerkt ti lesa aa ti
svara ”paa Grunenn” som dei kalla de.

Men daa Dagen kaam, va de noko
”rike aa dumme”, som sto høgst; Her-
mod aa Signe va mæ dei seiste i

Røkkja. Folk murra yve dette seg
imillom, men sa inki noko høgt.

Bjønn harma seg paa Presten.
Hermod vart illi faren, han kjende
han lei Uret, baade han aa Signe.

Men Bjønn tala for han aa tok de
paa den Maaten, at Hermod slog seg
ti Tols, aa seiste lo bare aat de.

Naa sto Hermod der som vaksen
Kar aa vel upplærd i alle Maatar.
Men paa Uppigar kunne han inki verte
verande lenger; Bjønn ha ’ki Bruk
for han no. For Bjønn va inki rike,
aa ha bare ein liten Gar; naa voks
hass eigne Bonn ti, so han ha meir
hell nok Arbeids-Magt ti de vessle
Gardbruke sitt. So naa lout Hermod
flytja atte, aa prøve Live paa eigjo
Haand.

Bjønn va stolte av Guten, daa han
bou Farvel. Hermod gret aa takka
for seg. |

”Deg — dikkon alle — kann eg
alli fulltakke, alli gløyme”, sa han.

ø
Gengangerec
(Jørund Telnes.)

Ibsens. ”Gengangere” høyrde eg
mange rødde um var slik ei stygg
Bok; eg saag jamvel ein i ”Nordman-
den” sae, at dæ var som du kom inni
eit Anatomikammers, aa at der stod ei
Lukt liksom utor Likkjeldaren. Kann
so vera. Sanningji brenner ofte som Hel-
vitesstein, aa mange er so rædde Kni-
ven, at dei heller vil lata Verkjen hava
sin Gang en skjera Hol paa honom.
Mange skrik berre dei høyrer Kniven
nemd, aa sume daanar. Likeins mæ
Sanningji. Tak Plaggji aa Stasen av,
som dytter ivi Lygui aa Humbugjen,
so vil du kjenne Lukti otor Likkjelda-
ren. Som sagt: eg fekk den Mei-
ningi, at ”Gengangere” maatte vera ei
lei Bok. Ho lærde Fri-Ægteskap og
Hellenbachsmoral, var det sagt! Men
no, daa eg hev lese Bokji, kan eg mæ
mit firkanta Hovu inkje betre skjyna
en at dæ er ei go Bok. Bg tykkjer
eg alt meir aa meir bli var, at Folk
talar kvarandre meir etter Munnen,
en eg hadde tenkt, aa at dei mangei-
gong i annelaus Rædsla aa smitsam
Dømesjuke dømer dæ av mæ Live, som
vilde vera Salt i Samfunde.

Eg tykkjer ”Gengangere” ruskar so
godt upp i vore lettvise Giftarmaal aa
annan Styggedom, aa i gudeleg aa
samfundsleg Lygn; at eg skulde berre
ynskje at kvar ein vilde lesa hennar,
inkje mæ Fyredomar, men med sjølv-
stendug Tanke, spyrjande seg sjølv,
um dæ inkje altfor ofte finst slike Drau-

gar som dei ”Gengangere” syner fram.

Skulde ein verkeleg vera so rædd
for aa sjaa Live slik som dæ paa
mange Maatar syner seg, baade heime
hjaa oss og ute i dei større Samfund,
der Havbraati gjeng endaa høgre,
baade i Villskap aa Fagerdom? Skulde
Diktaren berre maale dæ fagre for oss,
Skulde han berre — som Pastor Man-
ders — spyrja etter ”Idealerne” og
ikkje etter ”Sanningi”, daa maatte han
vera som Moer aat Osvald Alving,
som i go Tru laug for Guten sin om
Far hans aa um Heimen hans, so Gu-
ten voks upp i reint galne Tankar

baade um si Ætt og um seg sjølv.

| Ho tenkte vel det var ikkje faarlegt.

Guten var frisk aa sterk; han hadde
ikkje noko aa arbeide seg bort ifraa
elder vara seg fyre; han kunde njote
Liysgleda i fulle Drag og liva i den
Trui, at alt stod godt til; — men daa
so det heile seig ihop som i ein Grus-
houg, vart Svikji so mykje større.
Slik vilde dæ koma til aa gange mæ
Samfundi au, naar Diktaranne aa So-
gumennarne skulde berre maale dæ
store aa fagre, som kann finnast fraa
Fedranne aa i Livet, aa derataat kan-
skje gjera dæ endaa noko større aa
gildare enn dæ i Røyndi er. Me vilde
inkje hava noko aa arbeie os burt
fraa aa upp til, me vilde berre koma
til aa liva paa dæ daue aa uppdikta
1 ei stor Draumesyn, til me til seinste
maatte falle saman, som eit Lik elder
som ein lamslegjen Mann, slik som
dæ ofte heve gjengje baade den ein-
staka Mannen aa eit heilt Folk, naar
dæ heve vore sendt ut i Live paa ei
straalande Lygn, paa eit Ideal um ei-
gen aa Fedra Stordom, som kann hende
ikkje var Helvti Sanning. — Aa nei
dæ er visst besst me fær vita alt som
det er til, endaa um dæ her elder
der skulde ”falle” eit Ideal. Og so fær
me ikkje gjera Diktaren ansvarleg
for dæ, som han læt sine Folk segja.
Um han syner fram dæ stygge, so er
dæ daa inkje honoms Meining, at me
skaa liva etter dæ. Dæ stygge talar
for seg sjølv; lat berre Folk faa sjaa
dæ slikt dæ er, so er dæ Spegjel go
nok.

Ser me oss rett um, so vil me nok
som Fru Alving finne, at her er ”At-
tegangarar? nok. ”Det er ikke bare
det, som vi har arvet av Far aa Mor
som gaar igen i os”, segjer Fruga’
”Det er alleslags gamle afdøde Menin-
ger og alskens gammel ufdød Tro og
sligt noget. Det er ikke levende i os,
men det sidder alligevel, og vi kan
ikke blive det kvit” Aa mang ein
Gong skal me finne, at det just er
slikt, som ”ikkje lenger er livande”,
som Samfundet aa ”Presten? signar
som ”Lov aa Orden? og styd og vak-
tar av al Magt, liksom dæ var Grunn-
lagje for Live. Dei legg ikkje Merkje
til, at just paa den Maaten driv dei
mange goe Folk reint ut paa ville Vid-
aatta. Meir enn Ein kann segja som
Fru Alving sae til Presten Manders:
”De er selv den Mand, som fik ægget
mig til at tenke. Da De lovpriste
som ret og rigtigt, hvad hele mit
Sind oprørte sig imod. som imod no-
get vederstyggeligt, da var det jeg
begyndte at se deres Lærdomme efter
i Sømmene. dJeg vilde bare pille ved
en eneste Knude; men da jeg havde
faat den løst, saa raknede det op alt-
sammen. Og saa skønte jeg, at det
var Maskinsøm.” Men Presten greier
seg paa sin Maate —: ”Aha!” segjer
han, ”der har vi altsaa Udbyttet af
Deres Læsning. Skønne Frugter isand-
hed! Å disse afskyelige, oprørske” fri-
tænkerske Skrifter!” — Ja, naar ein
vil undersøkja den Saumen drives ltt,
so er dæ, dei fordømar frilynte Blad
og Bøker aa segjer som Kapellan
Balle i ”Ein Fritenkjar”: ”Ser De
Uprørsaanden, Hr. Pastor? Høyrer De

kor dei riv aa slit i alle sine Band
og reiser Rygg mot alt, som er høgt
og heilagt, ja gjeng Storm mot sjølve
Samfundets Grunvollar?” — Naar der
so for gaaverike Folk, som inkje teke
dæ paa vanleg Latmansvis, som Øystein
Hauk i ”Ein Fritenkjar”, gjeng upp
mange slike Knustar, er dæ so Under,
at dei kann koma i Leitingji si til aa
snu seg mot heile Systemet. Aa naar
ein som Fru Alving spør: ”Men hvad
har De da forresten egentlig at ind-
vende mod disse Bøger?” — daa maa
vist mange svara som Manders, der-
som dei vil vera ærlege: ”De tror
da vel ikke, at jeg beskjæftiger mig
med at granske saadanne Frembringel-
ser?” Men kann daa Mannen fordøma
dæ han sjølv ikkje kjenner? Ja, for
Ein hev ”Autoriteten?”. ”Kjære Frue”,
segjer Presten, ”der er mangfoldige
Tilfælde i Livet, da man maa forlade
sig paa andre.” — Paa den Maaten
er dæ Systemet heng ihop. Paa den

Maaten, — og so ved aa tigja og dylja.

Presten vil ikkje ”negte, at der kann
være adskilligt tilbrækkende ved disse
Skrifter. Og jeg kan jo hellerikke for-
tænke Dem i, at De ønsker at gjøre
Dem bekjendt med de aandelige Strøm-
ninger, som efter Sigende foregaar
ude 1 den store Verden. — Men man
taler ikke om det, Fru Alvimg!” — Godt
sagt! Me kjenner dæ. ”Man taler
ikke om det”, — aa dæ som ”man
taler om”, blir daa Lygn, fordi at ein
tegjer mæ dæ, som ein inkje ”taler om”.
Dette er Moral! I denne Moralen er
Fru Alving upplærd, i den heve ho
fostra upp Son sin, paa den heve ho
reist Alvings Minne, aa paa den er
dæ, Presten Manders vil halde sin
”Orden”, aa sitt System uppe. Aa nei
so likt! Ein maa segja som Fru Al-
ving: ”Der ser du den onde Samvit-
tigheds Magt. Det stod mig altid for,
at det var umuligt andet, end at
Sandheden maatte komme ud og bli
troet paa. Derfor skulde Asylet lige-
som slaa alle Rygterne ned og rydde
al Tvil afveien.” For dæ vonde Sam-

vits Skuld maa Systemet haldast uppe;

— Sanningi kunde koma ut og bli
trud!!

Kor gjeng dæ mæ Samvite under
ein slik Moral? —=”Samvittigheden er
nok fæl sommetider, den”, som Eng-
strand segjer. Og kor kann ein vente
moralsk Mot og ærleg Søkjing etter
dæ sanne, naar heile Live gjeng ut paa
aa bergje ”dæ som ser ut.”

— Talar ”Gengangere” aalvorlegt
til os um vaar offentlege Moral i dæ
beile, so talar ho ikkje mindre aal-
vorlegt um Bgteskapsmoralen; ja det
er her ho segjer sitt tyngste Ord.

Fru Alving hev tekje Alving for
Penningane si Skuld. Ho raadførde
seg naturlegvis mæ sine næraste Skyl-
dingar ”saaledes som foreskrevet er”,
og det var ”naturligt, hvor greit de
fik ud, at det vilde være den rene
Daarskab at vrage et sligt Tilbud.”

Her er mange som vil kalle ei slik
Ihopkoma Egteskap. Liksom i Formi
kann dei hava Rett, aa me heve des-

værre altfor mange slike Egteskap,

som tærer paa Samfundslivet som
Kreft aa drege mange Ulukkur etter
seg. Os Pastor Manders lærer, at

DA

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free