- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
46

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

46

Fedraheimen.

25de Marts 1882.

kaam i Rop fyr aa vera ei Stytte for
Tru-e. Missionen kastå sine Augur
paa han, aa han byrja reise vidt aa
breidt By aa Bygd aa tente Pæning.

Hermod va ein Tenare som va
umissande, aa mot Hermod va Knut
myki snillare aa dømde han inki so
strengt som dei andre Tenaranne,
”desse stakkars forblinda Synde-Træ-
lar.”

So Hermod lika *ki han so ille,
men trudde han væl. Visst va de so
at Hermod au fekk sitt, fordi han las
i Avisur aa ”verdslege” Bøkar, reiste
av Garde um Sundagen 1 ”verdslege”
Ærend aa s. b. Men Hermod vyrde
de ”ki stort, svara han snillt, at han
trudde de! va ”ki noko gale i slikt, aa
gjekk roleg si Gaang.

Men Kjeringe va illi aa inderleg
uonelege aa vera ihop mæ. åÅa so
dei andre Tenaranne. De va meste
jamt reine Avrak, Unyttur, som ingjen
annen ville ha, for visklegt Folk blei
”ki gamle paa Vestvoll. Aa so va dei

nøygde te taka dei som dei kunne faa.

Knut preika for dei, aa dei saag to-
legt fromme ut unde hass Augur, men
so braut Raaskapen so myki verre
fram i Løyndom.

Bonne sine heldt han strengt, aa
gjore seg Flit mæ aa fostre dei upp
i ”Tugt aa Formaning”. Dei maatte
inki koma stort ut blandt andre Bonn,
daa lærde dei ”ki kot vondt. Han
preika lange Stunder for dei, aa for-
taalde dei um Synd aa allslags Styg-
gedom, aa ba dei ville passe seg.
Han fortaalde um reint ufyselege Ting,
so dei Smaa vrei seg unde Orde hass
aa heiltupp skamraudna. Han vara
dei au mæ, aa heldt dei so myki som
mogeleg fraa aa vera ihop mæ Tenar-
anne.

Dette fyllte dei smaa mæ stygge
Tankar. Dei spurde fysste seg sjave,
so kvorandre imillom kot dette aa
hitt va; dei grunda aa tenkte. Dei
vart forvitne aa lystne, aa stal seg ti
aa lyde ette. Tenarannes Samrødur-
Av dei fekk dei høyre full Greide paa
myki aa mangt som Bonn inki burde
vita. Dei gjekk der kjeide aa leide,
maatte inki halde Moro som andre
Bonn, aa desse raa Tankanne fengde
i dei som Varme i Høyelflis. Bonn
æ alli ledige, aa so kaam dei ti ar-
beide myki mæ de, som vondt va.

Hermod vart reint forstøkkt, han
kaam nokle Gongur ti aa høyre, kot
dei rødde um, naar dei trudde seg
eisemalle.

- Soleids lærdest dei fraa Baans-Bein
upp i aa laast vera de, dei inki va;
—;.unde Fars aa Mors Augur gav

dei seg eit stillt, fromt Skap, aa gjekk

syndlege; men naar dei va eisemalle —

Aa som Hermod venta paa kvor
Laudag; daa arbeidde han for seg
sjav aa Signe! Han ha alt gjeve
Plassen sin Navn; han het Sollid; han
laag so varmsklege uppunde Li-e midt
imot Middags-Sole. Her tumla han
aa tok tunge Tak; han rudde burt
Skogen, braut upp Stein aa Stuv, aa
laga til Aaker aa Vollar. Han ha alt
prøva aa saatt noko Jord-Eple, aa dei
gav ven Grøde. Fysst han laut kvile,
sat han aa drøymde um, kos herlegt
de ville verta ein Dag aa hava ein

Heim, han kunne bjoda Signe! Sumti
tenkte han: kor tru ho er ættad ifraa?
Alt de Folk visste va de: at for ei
17—18 Aar sia va der kaamen ein
Fant aa ei Fente ti Bygde, helle daa
kleint klædde mæ liti aa bera paa.
Men dei bad seg inki helle. I ein
Plass vart ho baansjuk, aa pintest
syndlege, aa strakst ette Baane va
født, andast ho. Folk høyrde, at
Mannen nevnde hennar Signe. Ho va
ung aa vene. Daa ho ha døytt strouk
Fanten sin Vege mitte paa Naatte, aa
ingjen ha set hell” spurt han sia. So
vart Signe Legdsunge. Stakkar! ho
hev alli havt anten Far hell” Mor,
tenkte Hermod, aa sette seg fyre aa
vera god aa snill mot hennar, aa vera
ho i Fars aa Mors Stad all sin Dag.

Dei va naa forlova, aa Signe gjekk
aa drøymde um Hermod, aa song sin
Elskhug ut i Skog aa Mark som Fug-
lanne um Vaaren. Ho va vukse upp
ti ei fager Gjente, frisk aa sterk paa
Sjæl aa Lekaam. De va aalmeint
Ord, at ho va venaste Gjenta 1 Bygde.

Ho va ennaa paa Gladheim, tente
si gode Løn, aa ha de ”ki so ille naa.
Baade Leiv aa Kari skynna, at ho
va ei Gjente truge aa flink, so Maken
va vond aa finne, aa um Kari skjellte,
so va ho inki i Grunnen vond mæ ho,
aa større Løn hell noko anna Gjente
fekk ho.

Eigaang glapp de ut av Kari, at
ho inki ville vera av mæ ho, om ho
so skull gjeva ho Løn som tri andre
Gjentur.

Aa Signe brydde seg laauge sia
inki stort um at Kari skjellte; ho
tyktest hava røint, at Matmor hennes

inki meinte de so vondt i Grunnen.
(Meir.)

maale

Irland,

(Av Sir Roland Blennerhassett.)

(Fraa No. 7)

Ikkjei noko anna Land er det nokon,
som hev den Synsmaaten, at Jordi(Grun-
nen) bare er eit Slags Eigedom slik som
so mykje anna. Og likevel er netup
den engelske Logi full av millomalderske
Tankar um Eigedomen, liksom engelsk
Tenkjemaate og Sed endaa i mange
Stykkje styd seg paa dei; ja meir
enn det: netup i det siste Aare hev
det synt seg, at Merkje etter den Tidi,
daa Samfunde endaa berre var sam-
ansett av ein hell fleire Landsbyar,
kann finnast den Dag idag i engelske
Logjer, Skikkar og Jordstell.

Ikkje i noko anna Land hev Tan-
ken om Samblodskapen som Grunn-
lag for Samfunde halde seg lenger
enn hjaa dei skotske Høglendinganne
og Folke i Irland. Maine, som eg
fleire Gonger hev tekje Ord fraa, gjeng
so langt som til aa segja, at denne
Tanken stend tydelegare aa lesa i den
irske Brehon-Logboki, enn i Logjenne
um Grunneigedom i India. — Dei bre-
honiske Rettslæraranne godkjenner nok
og det Slags Eigedom, som einskilde
Huslyder hev fengje, ved di dei tok for
seg sjølve Stykkje av heile Ættar-
grunnen* men Rettenne aat slike Ei-
garar er mykje mindre i Irland enn i

dei indiske Landsbysamfund, og del
andre Medlimenne av Ætti hev eit
mykje strengare Tilsyn (Kontrol) med
dei. Og so syner Brehonlogboki, at
det fannst eit Slags Figarar, som fekk
Retten til Jordi si fraa ein annnan
upphavleg Grunneigar (— som soleids
hadde bygsla Jordi si. Men um so
Hovdingen for Ætti (Clanen) etter-
kvart vart aa reikne som slik ein Grunn-
eigar, so vart han det aldri heilt-
upp. Granskninganne um dette Emne
av den vise Venen min, Sullivan, høy-
rer til dei beste og mest forvitnelege,
som hev vorte gjorde. Dei syner oss,
korleids heile denne historiske Utvik-
lingi gjekk for seg. Etter desse
Granskninganne syner den irske Cla-
nen (Ætti) seg som eit Samfund av
Menn, som reiknar seg fraa same Æitte-
faren og hev Namne sit etter han.

Fin kann vita, at paa langt nær ikkje

alle i ein Clan var ætta fraa ein
Mann. Det kunde i høgste Lage berre
Huslyden aat Hovdingen og sume an-
dre vera; men likevæl kunde kvar
Medlem av Clanen taka Namne aat
den gamle Ættefaren, og Lande, Cia-
nen budde paa, vart kalla etter han.
Dette er ein Ting, som det endaa kann
finnast Merkje etter i den Synsmaaten
som Irlendaranne hev av Jordspurs-
(det agrariske Spursmaale).
Sullivan og Maine hev og gjeve oss
Greie paa Landstelle hjaa den irske
Clanen. Han budde paa eit avstaka
Stykkje Land, som var stort nok til
at eit politisk Samfund kunde grunn-
leggjast paa det. I Brodden stod ein
av desse mange Ættehovdingar, Rig,
som Folkemunnen sia gjorde om til
irske Kongar. Lande aat Clanen
heitte Thuath, det gothiske Thiuda,
det gamalnorske bjod og gamalgerma-
piske Diut; allestad tyder det ”Folk”,
det vil her segja ein Hop Huslyder,
som etterkvart vart til eit politisk
Samlag, Clanen. I dei Greivskapi,
som Irland no er skift i, hev vel my-
kje vorte onnorleids; men i det heile
og store finnst endaa dei gamle Tua-
thenne med dei gamle Grensunne.
Ved desse gjekk dei i gamle Dagar
ut ifraa den Fyresetningen, at heile

| Landsstykkje, som Clanen budde paa,

var Sameigje (slik som i Rusland enno);
men i Røyndi var det mindre Samlag
av Ættarfolk, som aatte store Stykkje.
Eit Stykkje Land fekk deu styrande
Hovdingen, mea andre Stykkje vart
gjevne aat Underhovdinganne att (desse
vart kalla Flatb-Lordar, Grunneigarar,
segjer Sullivan). Alt Lande hellest
høyrde til Clanen, og over det hadde
nok Hovdingen Styre, men slett ingen
Eigedomsrett. Det Landstykkje, han
hadde fenge og all onnor Jord, som
vart gjevi burt i Løn, vart ikkje ned-
ervd, men vart gjevi aat Etterman-
nen i Embætte. Alt det Lande, som
Ætti aatte heiltup, vart utskift mil-
lom Huslydene; men ikkje som Eige-
dom; etter ei Tid vart det skift paa
nyt Lag (som i Rusland no). Ofte
Lende det likvel, at ein Flokk slog seg
ihop og fekk seg heil Eigedomsrett
til Jordlutanne sine; desse reikna seg
endaa til Clanen, men var i Grunnen
eit Samlag for seg sjølve. Det Lande,
som ikkje vart. nytta fekk Hovdingen

raade meir fritt med; dermed vidka
han ut Magti si ikkje so lite, avdi
han gav det til Framandfolk, som an-
ten var jaga ut or sin eigen Clan,
hell ikkje meir badde nokon. Ingen

Ting anna batt dei til Clanen enn

Truskapen mot den nye Hovdingen,
som dei oftaste slutta seg nær saman
med; av desse og andre Grunnar hev
dei havt mykje aa segja i Soga aat
Landstelle i Irland. Det Samfunde,
dei hjelpte til aa grunnleggje, kann
ein lett vita ikkje stod stille; smaa-
ningom vart Eigedomsretten aat den
einskilde Mannen større og større;
nokre Huslyder fekk draga seg unda
den stendige nye Skiftingi av Lande;
andre fekk Jordstykkje som Løn for
Godgjerningar, dei hadde gjort Clanen;
endeleg vart Jord og Grunn i Mengd
gjev: til Kyrkja, og meddi vart dei
gamle Clanrettenne og dei nye Kyr-
kjerettenne ihopblanda. Theologar og
Sogemenner hev streva mykje med aa
greie ut Skipnaden og Grunnen 1 den
gamall-irske Kyrkja, og dei nyaste
Granskninganne hev og her fenge
Ljos i desse Sakenne. Dei syner os
korleids den kristne Kyrkja med si
heiltupp framande Iklæding vart inn-
førd i eit Samfund, som kvilde paa
Samblodskap; so ulike som dei tvo
Samfundi var, kunde Kyrkja likvel
melta Gruntanken 1 det andre.
(Meir.)

Soga um Kirik den Raude
og korleis dei fann Vinland.

(Fraa Nr. 11.)

8. No rødde dei um Ferdi si og
skipardet. -Torhall Veidemann vil
fara nord um Furdestrendanne og
fyre Kjølnes og leita etter Vinland
der; men Karlsemne vil fara sud-etter
fyre Lande og austanfyr, for han mei-
ner, Lande vert større te lenger sud
dei kjem, og han tykkjer, det er best
aa kanna Lande paa baae Lei-
denne. -Torhall budde seg ute under
Øyanne, og der vart ikkje med han
meir enn nie Mann, men det andre
Folkje deira for med Karlsemne. Ein
Dag, daa Torhall bar Vatn paa
Skipe sit, daa drakk han og kvad ei
Visa um, at han laut lyfta Vass-bytta
naar han vilde drikka, og ikkje hadde
fengje smaka Vin. Dei lae sidan fraa
Land, og Karlsemne fylgde dei ut
under Øyi. Fyrr dei dro upp Segle,
kvad Torhall ei Visa um, at dei skulde
sigla heimatt til sitt Land, med dei
andre kokte Kvalen paa Furdestrend-
anne, fyst deilika Lande so framifraa.
Sidan skildest dei, og dei siglde nord
fyre Furdestrendanne og Kjølnes og
vilde bauta der vestanfyr. Daa kom
der ein Storm imot dei, og dei rak
upp ved Irland, og der vart dei fælt
trælka og illa medfarne. Daa let
Torhall Live sitt.

9. Karlsemne for sud-etter, han og
Snorre og Bjarne og det andre Folkje
deira. Dei for lengje, til dess dei kom
til eitt Stelle, der det rann ei Aa ner
av Lande og i eitt Vatn og so til
Sjøen. Der var svære Sand-Øyrar fyre
Elvegape, so ein ikkje kunne koma
inn i Aai, utan det var Flod. Dei

siglde daa til Osen og kalla Stelle

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free