- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
75

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

13de Mai 1882.

Fedraheimen.

T5

til dei norske Bygdemaali i den seinare
Tidi, ein kann ikkje annat segja, men
det er endaa mykje meir ugjort. Norig
hev ikkje, naar ein tek undan Aasens
vesle ”Søndmørske Grammatik”, nokot
Arbeid yver nokot einskildt Maal, som
Sverik og i mindre Mun Danmark hev
so mange av. Hr. Vidsteen er difor
stor Takk verd fyr Boki si, helst sidan
Sunnhordlandsmaalet hev voret minder
kjent til dessa. Maalet fell etter Hr. Vid-
steen i tvo Greiner: den nørdre Greini,
som Hr. Vidsteen reiknar nokre nord-
horske Bygdar med til (Os Sokn, Fusa
Prestegjeld, Austevoll Sokn og Møgstr
Sokn) hev 1 Fleirtal av Subst. -a-e
(Hesta, Skaale) utpeika -anna (-anne)
-enna (-cnne) liksom Nhl., ld med tyde-
leg d (Sild) liksom Hard.; dn for nn
(Gradne) liksom NÅl. og ytre Hard., bm
for mm og sumstad fyr mm (Skjebma,
Obm) liksom Nhl., mask. Subst. som
endar med Vokalen fær i utpeikad
(”bestemt”) Form -den: Bø, Bøden,
Ve(d), Veden, Skae, Skaden. Den syn-
dre Greini hev -ar -er, -adne -edne,
ll for Id (Sil), aldri bm, ikkje dn for

mn, ikkje slike Former som Bøden o.

8. V.,— å og mn vert i Enden av Mask.
etter lang Vokal til dl og dn: Hed,
Stodl, Steidn, Raudn o. 8. v. (== Gamal-
norsk hæll, stöll, steinn o. s. v.)g og Ik
vert møykte (”mouillerte”)jamlegare enn
i dei nørdre Bygdarne"). I alt dette
semst den syndre Greini med Ryfylkje,
og det er ikkje likt til at der er nokon
Skilnad paa Maalet i syndre Shl. og i
Ryf. annat enn Ryt. hev »m, mm og ng
(Sann, Lamm, Seng) i St. fyr nd, mb,
ngg, som Shl. hev. Etter dette ser det
ut til, at i Vissa nørdre Shl. maa reik-
nast med til dei hordske Maalføri og

ikkje som Aasen vil, til dei rygske.

Nørdre Shl. hev vist berre ein Ting
i Hop med Maalføri paa Rogaland og
Vest-Agder — som det ikkje hevi Hop
med dei andre hordske Maali daa —
og det er, at Fleirtal av Adj. hev same
Formiialle Kyn. — Boki inneheld mykje
nytt og forvitnelegt, baade Ord og For-
mer; serleg skal eg nemna, at kort
Vokal fyre kort Konsonant (galen, bera)
finst i Maalet (S. 12) liksom i Nhl. og
i Sogn (1 minsto i Fjærland, og vida
paa Austlandet og Nordlandet. S. 33
fær ein vita, at Shl. og Hard. no hev
skj = sj (sjota, Sjegg): Kvamm (Vikør)
i Hard. skal hava stj: stjota, Stjegg,
Nhl. hev sj: sjota. Naar Bergens By-
maal skal hava s + æj liksom den

7) Denne syndre Maalgreini ser ut til aa
vinna Grunn fraa det nørdre; soleids
segjer dei yngre i Moster og Bøml no
mm, nn, Hestar, Skaaler o. s. v. (8. 96)
Ivar Høyem segjer i si Maallæra, at En-
dingarne — ar — er berre brukast i
Robyggjelaget, Telemarki, Hardanger og
den. syndre Luten av Romerikjes Fylkje.
Ivar Høyem hev her tekjet storleg i
Mist, for-r i Fleirtal av Subst. brukast i
heile Oslo Stift, sonær som Hallingdal

og øvre Numedal, i heile Hamar Stift

sonær som Valdris og nørdre Gudbrands-
dalen, i heile Telefylkjet (Bratsbergs
Amt), heile Aust-Agder so nær som i
Sætisdalen, og vestanfjells i Hardanger,
Ryfylkje og syndre Sunnhordland. Det
vert væl halve Landet dette, i Vissa i

- Folketal. Ytre Namdalen og syndre
Helgeland hev ikkje -r i Hankynsordi
elder dei ”sterke” Hokynsordi, men i
dei ”linne” t. D. Visor, Gjentor. Hadde
Ivar Høyem leset ut Aasens Grammatikk,
so hadde han funnet detta.

nørdre Luten av Stiftet, so er difor
dette vist ei Minning um, at dei i
Nhl. fyrr hev havt s + hj. Hr. Vid-
steen synest merkjeleg nokk tru, at
s-+- kj = engelsk sh. Dei eldste Folki
i Kvamm i Hard. skal au hava tj (t-+
kj?) fyr Kj: Tjørtjo (Kyrkja). Mer-
kjelege er slike Former som Dom-
anna (8. 45), Menno, Føtno, Bøndno
(S. 48), Røtno, Kydno (8. 56). Neutr.
paa -å (Auga) fær i Fleirtal -e -er,
utp. -0 -46 -æ sjeldan -ene. Slike

Former som (8. 79) traanga (treng’e,

traang, traange),- slaanga (sleng’e,
slaamg, slaange) er eit forvitnelegt
Døme paa, at Inf. er paaverkat af
Impf. Til Slut kjem nokre Maalprøvor.
Formi hart i Stevet fraa Tysnes (S.
191: ”Der hart du Søgo, aa den æ
sadn”) er svært merkjeleg; ho høyrer
væl i Hop med du saagt, du fort,
du kant i Vossemaalet (Aasens Gram-
matikk S. 224) og kann liknast med
de kallart, beiturt (2: bit), kau-
part i gutnisk (Noreen, Fårömålets
ljudlåra S. 28). Hr. Vidsteen segjer
i Fortala, at han kann henda helst
skulde hava drygt med aa gjeva ut
dette Arbeidet, til han hadde fengjet
meir Kunnskap i Maalkunna, serleg i
Ljodlæra (Fonetikk.) Han orsakar au
sin Vant paa ”filologisk Dressur” 1 aa
leggja til Rettes Emnet. Desse Bre-
sterne kjem mest fram i Ljodlæra»
som er nokot ugreid. Naar Hr. V.
Sida 18 segjer at ”den diftongiske
(islandske) Udtale af å findes intetsteds
i Shl. Den forekommer i Vikør i
Hard., neppe andetsteds i Amtet,” so
er det vist ikkje rettigt so. Den is-
lendske ”6” er eitt verkelegt Tviljod
(sjaa Sweets Phonetics S. 146) og det
er væl detta Uttalet, som finst i Vikør,
liksom t. D. i Aurland i Sogn, Bjel-
land i Manndalen o. få. St., men hel-
dest er vist 6 halvt Tviljod (o" hell
o",) i alle Vestlandsmaalføre, fraa
Aust-Agder til Sunnmør. — Det er
nokot, som skjemmer Boki, at Hr. Vid-
steen sumstad nyttar Tilføret til aa
gjeva Sneidord til sine politiske Mot-
standsmenn. — Politikk skulde reint
haldast utanfyr i vitskaplege Verk.
Kva skal ein segja um slikt som dette
(S. 34): ”Naar saa let haandterlige
Bogstaver som d, 1 og r foran j ved
en slurvet Udtale kan forsvinde, kan
man let forklare sig, hvorledes det
ulige mere besværlige h foran 1, n og
r er forsvundet. Paa Island var det
vel ogsaa forsvundet, dersom ikke der-
steds visselig allerede fra Alders Tid
Forældrene havde passet paa, at Bør-
nene talte korrekt, thi der blev tidlig
Sproget igjennem den rige Literatur
Folkets sande Eiendom, saa det vaagede
med Omhu over dets rene og rigtige
Udtale. Ikke saa i Norge, hvor Spro-
get neppe i den Forstand kan have
været Folkets Eiendom, hvor desuden
Politikken og Partikjevlet i Middelal-
deren ligesom nu ”spillede første Vio-
lin? og de literære Sysler vistnok nød
liden Anseelse”. Fyst er det no so, at
dei kjeglad likso friskt og kannhenda
væl so det, paa Island som i Norig i
Millomaldren, og di-næsthev Island
no det mest avskapelege Uttalet av
alle norrøne Maalføre (ei for øy, ai
for æ og Ø, jæ for 6, øy for au, i for

y, y for u, ao for aa — dette seinste
brukast heldest mangstad i Norig au
— kk for gg, tt for dd, pp for bb,
0. 8. v.), so det ikkje er likt til at
Foreldri hev passat so svært godt paa,
at Borni ”talte korrekt”. Men det
beste kjem Sida 89: ”Fra Ullensvang
berettes det samme som ovenfor nævnt
fra Vaag (at Fleirtalsformer i Verbi
er avlagde). Min Hjemmelsmand fra
sidstnævnte Bygd lagde til, at ”Høisko-
larerne” i den sidste Tid paany havde
optaget saadanne aflagte Former; disse
”seinsollende” Fremskridtsmænd er alt-
saa i denne Retning ”reaktionære”.
Skjønt denne Titel fortjene de nu idet-
hele, da de jo paany ville indføre Ene-
voldsmagten, — blot at denne nu skal
indehaves af 114 Personer istedetfor
som i Dansketiden af en eneste Mand.
Ikke godt at sige, hvad der er værst;
Fader Homers Mening var nu, at Ouk
agathon polykoiranié, heis kotranos estå!
(det er ikke godt at mange regjere
— lad en være Hersker)” Høgrefolket
skal daa blanda Politikk uppi alt. Skal
tru nokon Vinstremann vilde hava gje-
vet seg til aa leggja ut um Republik-
ken hell det Selmerske Styre i eitt
slikt Tilfelle?

Gissur Belsheim.

Fin ny Thingmann or vestre
Thelemork.

Det. vøre det greiaste og: klaaraste,
um alle Thingmenn, som vaaru støyge
den 9de Juni 1880, vurte vaalde upp-
atte. Eg gjeng helst med paa det
Valprogram. Det er paa det Punktet,
Hovudstyrkjen ved Vali maa leggjast
1aar, og det gjeld paa, at Folket der
talar so klaart, so samlat og so sterkt
som mogelegt. Det er ein stutt, men
avgjerande Tale, det norske Folk iaar
skal halde. Kom ihug det, kver myn-
dug Mann! — at den lisle Stemme-
setilen iaar hev noku .sers stort paa
seg: det er ein Tale, men framum alt
ei Avgjerd um Fedrelandets Lagnad
fyre lange Tider.

No kan det vel hende, at sume av
dei gamle Thingmenn kann vera trøytte
og ynskje Kvild. Til deim vil me
segja: Fedrelandet ventar, at kver
Mann stend paa sin Post. Men helles
kan det vera Sjukdom, Elde hell andre
gode Grunnar, som gjer, at Einkvar
av dei 74 lyt ganga fraa, so det vert
einkver Plassen tom. Difyr er det
godt, um Ein i kvert Fylkji itide sam-
lar seg um gode Varemenner til fylla
Romet med. Oy paa den Maaten kunna
me inkje hava imot, at dei alt i some
Fylkje hava voret ute og peikat paa
sovorne gode Menn, som kunde vera
aa taka til, um Ein ville koma til
trengja deim.

I Aust-Thelemork hava me Olav
Sveinsson, som er ein god, røynd
Fridomsmann, og som vist alle Libe-
rale hugheilt kunde stemma paa. Naar
eg her set fram ein fraa Vestre Thele-
mork, so er det inkje fyr aa setja
honom mot Hr. Sveinsson, men att-
med Ledi av honom.

Det er Bonden Jon Kjilland i
Fyrrisdal.

Det er ein Ting, me ljota sjaa vel

etter med nye Thingmenn, og det er

Støygleik og Røynd. Det kan vera
ein ung livande Fridomsmann, men
han hev endaa inkje voret ute i større
Arbeid og havt Tilføre til syna, at
han hev Hug og Dug til føra si
Tenkning fram til vidare Syn og i
større Sakjer. Ein sovoren Mann vil
lett — det fyrste imindsto — verta
ustøyg og utrygg i si Framferd. Og
han kan inkje leggja til noku Auk i
Thingets Tru paa Folksens Framtid
og i Arbeidsmotet. Han maa verta
boren sjølv, istadenfyre han sille vera
med aa bera. Me hava havt nog av
sovoret 1 Thinget fyrr.

Me maa vera komne so langt no,
at dei nye Thingmenn kan møta fram
som politiske Karakterar med same.
Det er no so rikt politisk Liv ute
blandt Folk, at dei maa kunna læra
mykjet meir av det heime no hell fyrr.
Der er nog aa læra i Thinget likevæl.
Det er inkje alstødt visst, at. den
Mannen, som er frisinnad og dugande
i det smaa heime, at han er god i
Thinget, — at han eig den politiske
Myndugheit, som skal til fyr aa skyna
Leidi og Laami fyr Landsstyringi.

Bjørnson sagde det um Jørstad, at
han hadde vakset utyver Bygdepoliti-
ken heime, og difyre var han komen
påa Kant med dei smaa Interesserne
i Bygdi, so dei kunde "kje hava han i
Heradsstyret. Og det tok Bjørnson
som eit godt Merkje paa, at han var
dugande til Thingmann. Det er mest
likeins med Jon Kjilland, som dei inkje
enno hava tort tekjet til Ordførar i
Fyrrisdal. Fin Mann, som &. D. kan
paa eigjen Kostnad reisa utyver Aust-
landet fyr aa sjaa etter, um Jernba-
narne er til Nytte fyre Skogbrukjet,
som kan taka stort Bry og Kostnad
fyr aa fremja Sakjer, som er til aal-
mennt Gagn, han syner so sterk ein
Framstigshug, at det er lett aa skyna,
at Bygdi vert rædd. Me er kje komne
lenger. Men det skal seigjast til Ære
fyre Fyrresdal, at dei hava daa kje
stengt Hr. Kjilland reint ute fraa He-
radsstyret.

Jon Kjilland vil i Politiken koma
til standa mest som Haugland og
Hektoöen. Eg tenkjer her t. D. paa
Hauglands Tale den 9de Juni og Hek-
toens Motivering av Åppanageneiktingi.
Det er desse djupe sterke Røtar i
Bondegrunden, som gjev Menn som
dei tvo nemnde, Enge, Lindstøl, Skaar
o. fl. sin politiske Fastleik. Og difyr
hev deires Framferd meire Klem og
gjev meire Tillit, enn um det kjem
fraa Ein, som liksom hev meir stude-
rat seg til det, enn han hev vakset og
livt seg til det. Og slike Karar lyt
Motparten vyrda. Det er au ein god
Ting. Eg kjem ihug, at det isumar
stod eit vent Stykkje i ”Mgbl.” um
Hektoen, og liknande Ting hev eg
høyrt av Høgrefolk um Lindstøl og
fleire av dei gamle bondestøyge Ka-
rarne.

I dette gode Selskap vil Jon Kjil-
land høva og som ein yngre Mann
taka med seg meir Framstigshug og
Djervleik enn some av dei éldre hava.
Som Hektoen, Ueland o. fl. er han
”Pietist hell Lesar”, styd Lægmanns-
virkingi, og han kan sjølv halde ”Sam-

lingar” i si Grend. Det er ein Grunn

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free