- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
89

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

| : Skattegravar, liksom den han heitte

gamall; dei minntest ikkje lenger upp

arbeidde med ein Maskin, som skulde

Fedraheimen.

————==OOC-<08 ODO ——

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

Eit Blad aat det norske Folket

Lysingar kostar 10 Øre Petitlin-,

og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. 29.

Kristiania den 10de Juni 1882.

RR RR SNITT ETER

Bondestudentar.
Av Arne Garborg.

(Framhald.)
— Ætti paa Sørbraut var ikkje

enn til Farfar hans Ole Johannes.
Men det skulde nok ha voret ein litt
rar Kar, det. Han hadde voret ute i
Kongens Tenest, sagde dei, og daa han
kom heim att, var han so klok, at
han laag alle sine Dagar sidan og

kunna gaa av seg sjølv. Han fekk
ikkje denne Maskinen til; men det var
utrulegt for alle dei Greiur og Gong-
verk, som han fann paa og sette ihop.
Son hans heitte Dagfinn; det var endaa
honom, Daniel var wuppkallad etter.
Um gamle Dagfinn Sørbraut fortalde
dei, at han var slik ein Skattegravar;
ban hadde rotat upp alle dei Haugar
som fanst paa Garden, men hadde
ikkje funnet annat enn nokot gamalt
Jarnskrap; paa Garden brydde han
seg ikkje um aa leggja nokot Arbeid.
So kom Ole Johannes; han hadde voret
Skulemeistar i sin Ungdom og galdt
for ein klok Mann; men hellest foor
han so stillt gjenom Verdi og gjorde
so lite Braak, at Folk mest ikkje
hugsad paa, at han var til. Men ein
Arbeidar var han, so trugjen som ein
Træl, og dei sagde han hadde arbeidt
seg sovidt upp no, at han mest var
skuldfri paa Garden. Han hadde tri
Søner. Den eldste, han Elias — elder
?Lias”, som han heitte til Kvardags —,
var ein tung Slamp, men ein Arbeids-
træl liksom Fa’ren; den andre, han
Jeremias, hadde faret til Sjøs og ved-
kjem ikkje denne Soga; etter Jeremias
kom ei Dotter, Naomi, som ”hadde
voret so sæl ho hadde fengje døytt”,
og so kom Daniel, som ”var den klo-
kaste i heile Huset”. For det var
ikkje nok med, at han kunde lesa, slik
som Far hans, og skriva og rekna
med; men ”han var so brennande god
til aa svara or Grunnen;” — ”det var
som han kunde vera Son aat Presten.”
Men Arbeidshug hadde han ikkje; ”han
kunde visst ha best Hug til aa vera

etter.” — .

Men Daniel hadde større Tankar
enn 80. —

Det gildaste og gjævaste som fanst
etter hans Meining, det var dette store
straalende — Taarn, liksom — av Magt
og Glans, som bygde seg upp i Landet
fraa Lensmann og Skulemeistar gjenom
Prest og Fut og Skrivar og Amtmann

høgre og høgre, meir og meir glin-

sande, like upp til Kongen, som stod
øvst paa Toppen og var klædd i berre
Gull. Dei, som høyrde med i dette
Taarnverket, var store og megtige
og fine og kloke og hadde Æra og
Velde ’0g gode Dagar; men dei, som
ikkje fekk vera med der, dei var liksom
Israels Born 1 Ægypten, daa dei gjekk
og reidde Leir for Kong Farao. Berre
aa faa sjaa desse Kongens Tenarar i
deira fulle Glans totte Daniel var ei
Høgtid. Som dei steig fram for den
glaapande Bondemugen i sine herrelege
Klædningar, strake og høge, med glin-
sande blanke Styvlar, med snøkvite
Kragar um Hals og Hender, med blanke
Brillur yver morske Andlit og med
Gullkjede og Gullringar baade her og
der, syntest dei for Daniel som nokot
himmelsk og forunderlegt, som han
aldri kunde stira seg mett paa. Og
so audmjuke som Bønderne stod, so
snart dessé Stormenn viste seg, og so
som endaa den gildaste Bonden vart
bøygd og liten, berre han skulde tala
med ein av deira Kontorgutar! Det var
Karar, som hadde Magt. Og slik som
dei talad. Det var som aa høyra Guds
Ord sjølv. Det var ikkje dette tunge,
seine Maalet, som Bønderne gjekk og
brækad 1, og som dei skjemdest yver
sjølve, so dei knotad, naar dei skulde
tala med betre Folk; nei, det var eit
Englemaal, eit Høgtidsmaal, som Ein
kunde kjenna seg reint uppbyggd av
aa høyra. Og so var dei so lærde og
kloke, desse Folk. Naar dei talad
til ein, so galdt det berre um aa vera
gløgg til aa forstaa, og snøgg til aa
samtykkja. Dei likad det, desse store,
naar Folk forstod dei strakst, og sagde
ja med det same; for so slapp dei aa
segja nokot uppatt. Og um ein kanskje
hadde ei onnor Meining, so maatte: ein
aldri vera so styven, at ein kom fram
med den, so dei høyrde det; nei, mot
Kongens Tenarar galdt det aa fara
fint fram; for dei bar nok ikkje Sver-
det forgjæves, som der stod i Kate-
kisma. Det var nokot med det fyrste
ein klok Mann lærde Son sin, det, at
han aldri maatte motsegja ein Storkar.
— Og enn slik som det var aa koma
inn til slike Folk! Daniel hadde voret
med Far sin inn paa Prestegarden
eitpar Gonger, so han visste det. Der
var so reint og fint, at ein maatte tru
dei vaskad Golvet kvar Dag; og Stolar
og Bord var gjorde av Tre, som blenkte,
og der var Blomar i Vindaugo, fagre
som i Paradis, og Gardinur so lette
og kvite som Kveldskyer paa Himme-
len, og paa Veggen var der Bilæte,
som var so reint ulike den Jomfru

Maria og den Keisar Nikolaus, som
dei hadde heime, at der var ikkje
Liknament; og blanke Messinghamrar
i Dørerne, og Glasskaap med raude
og blaae og forgyllte Bøker, og eit
stort, underlegt Spil, som dei klunkad
paa 80 vent, at ein kunde graata, og
eit kvitt Marmorhovud uppe paa ei
Hylla, og so mange, mange fine Ting,
som han ikkje visste Namn paa, —
og yver det heile ein Daam, nokot
reint og mildt og himmelskt, ein fin
Ånge, som han ikkje kunde forklara
seg, ein linn, sunn, smeikjande Varme,
som ikkje tyngde, og som ein ikkje
vart svevnug av... aa, aa, — det
var ikkje til aa utsegja.

Alt dette bygde seg upp for Daniel
til ein Himmel paa Jordi, som han
knapt torde drøyma um aa koma inni,
men som han drøymde um jamt like-
væl, Di eldre han vart, di meir tenkte
han med seg sjølv, at han maatte ut
or Trældomen og Tre-skorne og Vad-
maalsbroki med Skinnbøterne framme
og bak; han maatte ut or den laage,
myrke Bondestova og burt fraa desse
Bønderne, som sat der og snakkad
vondt um kvarandre og surt til kvar-
andre i eit fælt Maal og i ei kvævande
tung Luft; men fyrst og sist maatte
han burt fraa Arbeidet. Aa, den som
berre var vaksen!

I Bygdi gjekk det ei stor Fraasegn
um Son hans Jo Kleppe, han fraa Berg
Sokn, som hadde voret i Kristiania og
”leset seg fram til Prest”. Han hadde
leset og strævat i mange Aar, fyrr
det vart nokot av; for det var nok ein
fælt strid Skule. Gong paa Gong
maatte han taka Eksamen, og det gjekk
stundom galet og stundom godt; det
spelad nok reint paa Vitet for Guten
sometider; men han hadde drivet paa,
og so hadde han vunnet fram tilsist.
”Qg no”, sluttad Soga, ”no er han Prest
der nordpaa ein Stad og hev kanskje
sine 600 Dalar um Aaret.”

Det var ei Soga, som vart fortald
med slikt eit Aalvor og slik ein Age,
som galdt det ein Oskefot, som hadde
vunnet eit Kongerike. Og kvar Gong
dei kom til det, at ”no var han Prest
og hadde kanskje sine 600 Dalar um
Aaret”, so lyddest det for Daniel som
Lurtonar, som lokkad han ut til store
Eventyr. Skulde slikt kunna henda
med honom —? Den Presteskulen var
so fælt dyr. Sjølve Jo Kleppe, som
no var slik ein Riking, døydde som
Fant tilslutt, sagde dei, fordi han hadde
kostat so mykje ut paa Sonen. Og
Far, han var nok-ikkje nokon Riking,
han. — Der var smaae Voner.

|Grosserar i ein Austlandsby.

Men meir og meir drøymde Da-
niel um Presteskulen, og meir og
meir trudde han, at Vaarherre vilde
hjelpa han dit. Det kunde snart koma
Raad og Hjelp, naar han fyrst vilde.

Og det hendde titt nok, at Folk
gav desse hans Draumar Næring. ”Det
kunde verta nokot stort av den Guten”,
fekk han stundom høyra, at den elder
den hadde sagt, ”berre det var nokon,
som vilde halda han paa Skular.” Nokot
stort! — Det maatte vera Prest, det.

Dei hadde fengje ein ny Kapellan
der i Gjeldet for eit Aars Tid sidan;
han heitte Hirsch og var austantil.
Det var slik ein snild Mann, denne
Hirsch; daa Daniel gjekk og las, fekk
han gaa for honom.

Kapellan Hirsch var Son av ein
I Kri-
stiania var han komen i Lag med
grundtvigske og norsk-norske Folk,
som hadde ført han med seg inn i
den nye Aandsstraumen, som daa var
uppkomen, og som kveikte han upp i
ei stor ”Tru paa den norske Bonden.”

Det var Bonden, som sat inne med
dei ”bundne Krefter” her i Landet;
hjaa Bonden drøymde dei uløyste Tan-
kar, som skulde reisa det nye Norig.
No var Hirsch komen paa Bondebygdi,
og alt um han i Grunnen totte Bonden
saag annarleis ut, enn han hadde tenkt
seg, so drøymde han likevæl stødt um

skulde finna.

Kapellan Hirsch lagde snart Merke
til Daniel. Han likad denne sterkt-
bygde Guten med det rolege, godslege
Andlitet, og serleg likad han Augo.
Dei kunde sjaa so blidt og trufast paa
ein, desse Augo; der ”drøymde Aand”
i dei, meinte Hirsch. Og til hans store
Gleda viste det seg, at Guten var flink,
— mykje flink. Det var ikkje nok
med, at han kunde sine Leksur; han
forstod dei; han visste so merkjeleg
godt aa finna dei rette Svari. Med
stigande Voner fylgde Kapellanen Guten
ut gjenom Bøkerne. Og tilslutt var
han stød paa, at her hadde han funnet
ei bundi Kraft. Han spurde etter um
Daniel ut i Bygdi. Jau, alle sagde,
at det var ein framifraa klok Gut.
Han badde altid havt Ord for det.
Og Skulemeistaren sagde det same.
Kapellan Hirsch vart so glad som han
skulde ha funnet Gull.

”Ein Gut vert ikkje namngjeten yver
ei heil Bygd, utan der er nokot fram-
ifraa ved han,” tenkte Hirsch.

lig imist paa slike Ting.” Og Kapel-
lanen sette seg fyre, at her vilde han

dei store Aander, han her meinte han

”Folket
(dømer altid sunnt; det tek ikkje lette-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free