Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
- umsette, so gjorde Daniel det same
.- etter.
- han helder ikkje taka paa den aand-
80, at dei ikkje skulde lesa Gramma-
so ofta att.
-—— Fedraheimen.
— Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.
Betaling fyreaat,
———DOO08FO000———
Kit Blad aat det norske Folket.
Lysingar kostar 10 Øre Petitlins,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.
No. 25. |
Kristiania den 24de Juni 1882.
6. Aarg.
VITE
Bondestudentar.
Av Arne Garborg.
(Framhald.)
— Det gjekk eit halvt Aars Tid;
daa kunde ikkje Kapellanen drygja
lenger med Tysken. Men den vilde
lause Latinskulemaaten. Latinskulen
var i det heile eit syrgjelegt Hol, leet
han um. Dei gjorde ikkje annat der
enn laag og ekserad med denne Gram-
matikken, so Gutarne vart so ”turre”
som Departementsfolk og so snuskloke
som gamle Kjeringar. Det var ikkje
ein Skule for Ungdom; det var ein
Skule for Kaldklokskap og Aandsfiend-
skap. Difor saag me daa og, dess-
verre, at so mange av vaare Émbeætts-
menn var paa Matstrævarsida i den
store Aandsstriden. Dette forstod ikkje
Daniel. At lærde og rike Folk kunde
vera Matstrævarar, hadde han aldri
tenkt seg. Men naar Kapellanen sagde
det, maatte det vera sannt. Han hadde
nok enno likat det best, um Kapellanen
hadde gjort som dei gjorde paa Latin-
skulen; for det var altid tryggast aa
fara Kongevegen, og han var slett ikkje
so rædd for aa læra Leksur; men naar
alt kom ihop, fekk han nok vera glad
til, at Kapellanen tok det paa sin eigen
Maate.
Men med Tysken tok Presten det
tikk her helder. Dei slog upp i Lese-
boki med ein Gong og gav seg til aa
lesa; Grammatikken skulde koma etter-
kvart. Fyrst las Kapellanen upp og
Og det gjekk. Hugsad ikkje
Daniel Ordi, so hugsad han Innhaldet,
og dessutan lærde han snart aa gissa
seg til, kva mange Ord tydde. Men
andre Ord lærde han, fordi dei kom
Tilslutt fekk han ein
Regel elder tvo um Grammatikken;
men det maatte gaa fort, for at dei
ikkje skulde koma ut av Samanhengen.
Daniel totte dette gjekk godt.
Det same totte Kapellanen. Haån
var fornøgd baade med Guten og med
Methoden; paa denne Maaten skulde
det kunna koma Aand inn i sjølve
Tysken. Og han skreiv ei Avhandling
i eit Skuleblad um, kor godt det gjekk
med den nye Metoden.
Likso sæl som Læraren var i Me-
toden, likso sæl var Daniel, fordi han
no endeleg kunde fortelja Folk, at han
las Tysk. Han lagde serlegt Merke
til slike Ord og Vendingar, som han
kunde ”faa Bruk for”. og dei pug-
lærde han paa eigi Haand. Dette
gjorde han for aa kunna vera lærd
heime, men serleg og alrahelst for aa
kunna vera lærd paa Klokkarskulen.
For der gjekk han i visse Timar
og lærde Rekning og Rettskriving og
slikt, og galdt for ein stor Mann.
Dette gjorde, at han likad seg her.
Men der var ein annan Ting og, som
gjorde, at han treivst godt paa Klok-
karskulen, og det var den, at han
likad so godt Inga Holm. Inga Holm
var Dotter aat Klokkaren. Det var
ein rund. søt liten Ting, med eit godt,
sorgblidt Andlit og fagre Fakter; Augo
laag liksom halvt attletne og smaa-
drøymde, symjande i matt, svevnug
Glans. Det var forunderlegt, so ljos
og hyggjeleg Skulestoya vart, naar ho
var inne. Der var nokot serskilt ved
henne, som Daniel aldri saag hjaa
andre; alt det ho gjorde, um ho so
berre rørde ein Fing, so var det so
tekkjelegt, so uskyldigt, so elskeligt
aa sjaa paa. Men Augo var som ein
Solglytt.. Kom ho til aa sjaa burt
paa Daniel, vart han varm, og ei for-
underleg søt og uroleg Kjensla gjekk
gjenom Bringa. Daniel drøymde ofta
um dei Augo, og naar Kapellanen for-
talde um Ydun elder Frøya elder
Jomfru Maria, tenkte Daniel paa Inga.
Han tenkte so smaatt, og vart blod-
raud ved Tanken, at kanskje elskad
han Inga Holm. —
Um ei Stund sagde Kapellanen, at
no fekk dei nok taka til med Latinen.
Det var ikkje etter Metoden. Men Tidi
fall slik, at Kapellanen laut driva paa.
Daniel vart stolt. Lesa Latin! Han
fortalde det til alle, han saag. Og
der var som ei Høgtid yver han, daa
han kom heim den Dagen.
Han hadde leset so mykje at han
visste, at det var Latinen, som skilde
millom Lærde og Ulærde. Latinen
var den tronge Vegen, som førde fraa
Kvardags-stimen til Aandshimmelen.
Ingen vart Stormann, som ikkje kunde
Latin.
Og no skulde han faa læra Latin.
Med Andakt tok han næste Dag
Cæsars Bellum gallicum under Armen
og strauk til Kapellangarden.
Men daa han kom dit, fekk han
høyra, at det gamle Romarfolket hadde
voret eit Røvarfolk, at den romerske
Bokavlen var ei aandlaus Herming
etter den græske, og at det var una-
turlegt og meiningslaust, at me Nord-
folk skulde lesa Latin. Dette kunde
Daniel paa ingen Maate forstaa. Naar
Kapellanen sagde det, visste han at
det var sannt; men han fekk venta
med aa forstaa det, til han vart eldre.
Det varde likevæl ikkje lengje, fyrr
han kom etter, at Kapellanen hadde
havt Rett, og at Latinen var nokot
Uvæsen. Latinen var i alle Maatar
so reint motsett det, me sjølve brukad,
so reint paa Tverke mot alle vaare
Tankar, at det var forunderlegt, at
Folk kunde læra slikt. For det fyrste
var Ordi i seg sjølv urimelege. At eit
Land skulde heita ferra, elder ein By
urbs, det var ikkje likt til nokon Ting,
Her nyttad det ikkje aa gissa seg fram;
skulde ein forstaa Ordi, maatte ein
læra dei, og det var væl nokonlunde
raadlaust. Dessutan hadde Ordi tidt
so mange Meiningar, so at um ein
forstod dei paa ein Stad, so forstod
ein dei kanskje ikkje paa ein annan,
og so var ein like nære. Men endaa
galnare var det med Setningarne. Dei
var vovne ihop slik, og Ordi var
slengde um kvarandre paa ein so vill
Maate, at det var mest raadlaust aa
faa Orden i dei att. Prædikatet kunde
staa fyrst i Setningen, og so kunde
Subjektet koma midt nedpaa Bladet
ein Stad, og stundom var der ikkje
nokot Subjekt! Han hadde aldri set
slikt. Og so Grammatikken. For her
maatte han lesa Grammatikk; det
kunde ikkje nytta med Metoden no;
det var vonlaust aa faa Aand inn i
Aandløysa, som Kapellanen sagde. Det
galdt likevæl aa lesa med Vit. Daniel
maatte ikkje pugglesa. Han skulde
berre ”sjaa” paa Grammatikken, og
so fekk det koma etterkvart. Ja, Da-
niel ”saag” paa Grammatikken. Men
han kunde ikkje faa Greida paa nokon
Ting. Fire Deklinasjonar! Seks Kasus!
Og tvo — tri Undantak fraa kvar
Regel, og Undantak fraa kvart Un-
dantak att, og so burtetter i Endeløysa!
Daniel saag seg tettpaa yvergjeven.
Ikkje var der nokot vidare Aand i
det, dei skulde lesa-helder. Daniel
hadde ventat seg djupe Tankar og høge
Syner og vidunderlege Sogur av eit
reint nytt Slag, og so fekk han &i
vanleg, turr Kvardagsskildring av nokre
Smaakrigar og Slag millom Romve-
ringar og Villmenn upp i Gallia. Var
det nokon Ting? Daniel hadde leset
mykje gildare Krigsskildringar i ”Al-
muevennen”.
So vart det daa stort Stræv og
liten Framgang med Latinen hans
Daniel. Men Kapellanen brydde seg
ikkje so mykje um dette. At den
naturfriske Bondeguten greidde seg
kleint i Latin var i Grunnen berre eit
Merke paa, kor sterkt det romerske
Væsen bar heile vaar nordiske Aand
imot. Vaar sterke nordiske Aand vilde
-
III REAR
ikkje inn i den romerske Tvangstrøya.
Og so trøystad han Daniel med, at
han altid lærde nok Latin til aa faa
Artium med. Det var ikkje verdt aa
kasta burt for mykje av sin Ungdom
paa eit Fag, som ikkje styrkte, men
snarare forkvaklad Aanden, og som
det i Grunnen berre galdt aa gløyma,
so snart ein hadde fengje Eksamen.
Fransk kunde det og drygja med.
Alt dette romanske var framandt for
oss og kunde altso ikkje utvikla vaar
Folkeaand. Aanden var som Diaman-
ten, kunde berre slipast i sitt eiget Støv.
Matematikken laut Daniel ”pugga;” for
den forstod ikkje Kapellanen seg paa.
Men no var Daniel komen ut av Vane
med aa pugglesa, og desse Formlarne
og Bokstavarne var dessutan so vrange
aa hugsa. Det gjekk soleis ikkje svært
fort i ”Matematikken” helder.
Det, Daniel lærde mest av, var
Soga. Kapellanen fortalde godt, og
Daniel fylgde med i stor Gleda. Det
var so lett, dette, og so godt aa hugsa.
Gløymde han nokot, so saag han etter
i Verdenshistoria si, og paa den Maaten
beit Hendingarne seg betre fast i
Minnet. Mytologien kunde han og,
endaa det varde ikkje lengje, fyrr Figu-
rarne tok til aa blotna i Kantarne og
glida yver i kvarandre.
Og so lærde han 4a drøyma. Han
drøymde um Huldri og um Inga Holm,
og dei tvo vart meir og meir eitt; og
so drøymde han um alt det store og
gode, han vilde gjera, naar han vart
Student ’elder Prest. Av Skaldarne og
av Kapellanen fekk han vita, at Ung-
domsdraumarne var nokot av det største
i Livet. Ingen vart ein rett Mann,
som ikkje hadde drøymt i sin Ungdom,
sagde Kapellanen. Og naar han for-
talde Daniel um Studenterlivet, som
han ikkje so sjeldan gjorde, so sagde
han gjerna, at det, som gav dette Livet
-sin Poesi og ”Idealitet”, det var i Grun-
nen dei ungdomsdjerve Draumarne.
Til Studenterlivet høyrde Gleda, Song,
friskt Liv, lystige Kammeratar; men
kvar Student, som der var Mannsemne
1, bar i Løyndom paa fagre Draumar,
som gav Gleda Aalvor og Leiken
Meining. —
So drøymde daa Daniel, og drøymde,
at han var eit Mannsemne, fordi han
drøymde. Stundom fekk han ikkje
lesa for Draumar. Dei tok Tanken
burt fraa Boki og bar han vidt, vidt
yver Land, og det var ikkje fritt, annat
dei tok Hugen burt fraa Boki med.
Men so høgt som han livde i sine
Draumar og i dei sæle Lyftningsstun-
derne hjaa Kapellanen, so ille totte
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>