- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
112

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

112

Fedraheimen.

15de Juli 1882. |

at forandre Norges Statsforfatning
++ gjør Oprør eller foretager noget,
der som Forsøg . . . er strafbart, eller
derved enten med Raad eller Daad
bistaar, da skal han, saafremt han er
Anstifter, dömmes til Strafarbeide paa
Livstid eller til at have sit Liv for-
brudt!* — segjer Loven.
Men med Skræming og Trugsmaal vil
dei føra si syrgjelege Sak fram; med
Skræming og Trugsmaal skal Fedrelandet
bøygjast inn under Veto-Veidet. Dei
maa hava underlege Tankar um Norigs
Folk, desse sanne Arbeidsmenn. Dei
maa tru, at alle Nordmenn er likso kne-
bøygde i Hug og Tanke som dei er
Sjølve. FR
Dersom den Dagen kom, at ein
Konge ikkje vilde lyda Landslovyen, men
braut inn i Landet som ein Røvar og
vilde gjera Vald mot gamle Norig og
mot Norigs Folk, so vilde væl Nord-
mennerne no som i gamle Dagar vita,
kva dei hadde aa gjera.
at Nordmennerne er ræddare for Livet

Dei segjer nok,

enn andre Folk; men so rædde som No-
vembermennerne trur, er dei ikkje.

— Men kva skal me so segja um
det, at der her ikring Kristiania skal
finnast Folk, som, istadenfor aa segja
slike November-uppviglarar si Hjartans
Meining, læt seg skræma av dette jam-
merlege Skravlet um ”Krig?”

Me veit ikkje annat aa segja, enn
at dersom det finst slike Krusingar, so
bør dei kasta Broki og klæda seg i
Stakk, so Folk ikkje skal taka imist og
halda dei for Mannfolk.

Meir Arbeidsfolk. ”Vi arbeide, vi ar-
beide —!” Ja so men; dei arbeider.
Marius Hægstad er ein liberal Mann.
Han er Skulestyrar i Namsos; men dei
store i Namsos likar ikkje liberale Menn.
So hev dei ”arbeidt” i fleire Aar paa
aa faa Hægstad or Vegen. Dei prøvde
med ei Høgbrotssak, men fekk ei lang
TNos; dei prøvde med aa avsegja heile
den Skulen, som Hægstad styrer; men
Storthinget sagde Nei. No vil dei prøva
aa faa Hægstad avsett, fordi han skal
hava galne Meiningar i Trui.
Ja den Trui, den Trui; den er uyttig
til mange Ting.

— Kristian Gløersen, som var Skule-

styrar i Kragerø, maatte segja fraa seg
Posten sin, endaa han var Kristen. Trui
er nyttig til mange Ting; — men det

er Politikken, det gjeld um.
— "Hils Hans Majestæt, at vi ar-

beide, — arbeide!”

Grunnloven som han er* vil Morgen-
bladsfolket hava, segjer dei. Å
Um den Ting hev Professor Sars
skrivet eit Stykkje i ”Nyt Tidsskrift”,
som er slik, at me kunde ynskja, at det
vart leset av kvar Mann i Landet.

I 1859 kravde dei svenske ”Stender”
ei ny Unionsakt paa Grunnlag av Kie-
lertraktaten. Den Regjeringi, me daa
hadde, sette seg med Kraft imot dette,
og Storthinget svarad samrøystes, at ”en
Revision af Unionsvilkaarene ikke kunde
finde Sted uden paa den i Rigsakten
giyne Grundyold, nemlig Rigernes Lige-
berettigelse . . . Storthinget er overbe-
vist om, at ingen norsk Mand, der agter

Nsit Fædrelands Rettigheder og sin egen
Ære, vil deltage i Revisionen paa andre
Vilkaar.” Men det svenske Riksraadet

brydde seg ikkje det Grand um, kva
dei norske Statsmagterne sagde elder
vilde; i 1861 kom den svenske Justits-
ministeren offisielt med ei Uppmaning
til Nordmennerne um aa vera med paa
aa faa istand ei ny Unionsakt, paa Grunn-
lag av det, som var framkomet fraa
”Stenderne”. Den
svarad i ei Innstilling av 21de Oktober
1861, at det, som Storthinget hadde
sagt i denne Saki, fekk staa, og inn-
stillte til Kongen, at Forslaget fraa den
svenske dJustitsministeren ikkje maatte

norske Regjeringi

faa Framgang.

Daa vart tri av dei norskaste Stats-
raadarne — tri av det gamle Høgre,
Og istaden-
for dei kom det 3 nye og mindre stive

— mnøyddde til aa gaa av.

Menn inn i Raadet, og millom dei var
— Fredrik Stang. st

Alle trudde, at den nye Regjeringi
skulde fylgja same Politikken i Revi-
Morgenbladet,
som den Gongen var mot Revisionen

sjonssaki som den gamle.

liksom alle andre norske Blad, og som
strakst vart Organ for den nye (Stang-
ske) Regjeringi, sagde endaa, at ”Afslag
af Revisionen, overensstemmende med Na-
tionalrepræsentationens Adresse,” maatte
”være den mye Regjerings Program.”

Men Fredrik Stangs sanne Program
var, at Revisionen skulde faa Framgang,
og det paa den Maaten, som dei svenske
den Gongen vilde. ’

Og Revisjonen fekk Framgang.

Fyrst galdt det aa faa Stortbinget
til aa taka i seg att Adressa av 1860.
Det gjorde ikkje Storthinget. Men det
gav eit Svar, som i Formi var so svært
høflegt, at Regjeringi saag seg Kans til
aa fortolka det um til eit Samtykkje.
Og so utrulegt det høyrest, so fann
Regjeringi tilslutt nokre Nordmenn, som
leet seg setja inn i ”Unionskomiteen”
paa dei Vilkaar, som no baudst.

Og so snudde Morgenbladet.

I 1860 hadde det skrivet, at det var
”taabeligt og uværdigt at sondre mellem
stort og smaatt, hvor det gjaldt et Folks
Ære og Selvstændighed,” og at ”et Folk,
der roligt bærer paa Afhængighedens
ydre Mærker, ikke fortjener at beholde
og ikke vil beholde Selvstændighed i
det, som mere er;” og i 1861 skreiv
det, at ”det bliver en Revisjon paa
Grund af eller formedelst (de svenske)
Stænders Skrivelse, og den svenske Hen-
sigt dermed lader sig ved ingen Kunst
forklæde eller bortsnakke.
Revision maa enhver norsk Mand ube-

Til en saadan

tinget svare: nei!” — Men daa Stang
hadde vortet Statsraad, gav Mgbl. seg
til aa forkynna, at Revisjonen, slik som
dei svenske hadde kravt han, maatte
faa Framgang, og at dette var so vig-
tigt, at dersom Nordmennerne sagde nei
til det, so kunde ”Europa” blanda seg
inn i Saki og tvinga dei til aa bøygja
seg *).

Og Morgenbladsfolket fann seg i denne
grove Kuvendingi. , ”Det skandinaviske
Selskap” kom til i 1864 og arbeidde
trutt paa aa gjera Norig til eit Under-
bruk under Sverig. I det Laget var
fleire av dei Mennerne med, som sidan

*) Mgbl. driv enno paa med dette um ”Eu-
ropa”, naar Storthinget ikkje læt seg
skræma paa annan Maate. Men til andre
Tider fortel Bladet at Europa ikkje veit
av, at Norig er til.

hev vortet Statsraadar elder annat stort
i dette Landet. å

I 1867 var Unionsforslaget ferdigt.
Det var paa 71 Paragraffar og skulde
gjelda framfor Grunnloven. Det var
uklaart ihopsett; med Fortolkningskun-
ster kunde dei ha fengje ut av det kva
dei vilde; ingen kunde, naar det hadde
vortet Lov, visst, kva som skulde gjelda
av Grunnloven, og kva som ikkje skulde
gjelda. Forslaget vilde hava eit Uni-
onsstatsraad, som var so lagat, at svenske
Statsmenn sagde, at naar det kom istand,
so vilde Unionsstorthinget koma av seg
sjølv; endeleg var der i Forslaget fyre-
skrivet, at mange av dei Ting, som
Folket fyrr hadde avgjort sjølv gjenom
Storthinget, dei skulde heretter skipast
ved Unionslovar, som daa ikkje kunde
gjerast um utan Samtykkje fraa Sverig.

Det var ei Umstøyping av Unionen
fraa Personal- til Real-Unionen; det var
ei Uppgjeving av Norigs Rett og Æra
som sjølystendigt Rike; det var i Grun-
nen ei Umyeltning av sjølve Forfatningi.

Og no tok dei til aa arbeida, heile Mor-

genbladsflokken, arbeida av all Magt, og
med alleslags Raader, for aa driva dette

Forslaget fram. Regjeringi skreiv ei

| Innstilling um, at det skulde godtakast,

og Morgenbladet strævad i fleire Aar
med aa faa det godkjennt. Det brukte
Lokking, Trugsmaal og Lygn um ein-
annan og det hadde med seg dei same
”gode” og ”upplyste” Borgarar, som det
hev med seg mo, i Striden for det ab-
solute Veto. –

Og no fortel det med diger Skalle,
og heile Partiet fortel det same, at det
er Unionsaktpartiet, som alle Dagar hev
voret, og som alle Dagar vil vera —
”Grunnlovspartiet”. Dei kallar seg
”Grunnlovspartiet” — tolv Aar etter
Unionsforslaget og samstundes med, at
dei hev framsett Krav paa absolut Grunn-
loysveto og Bevilgningsveto, og tvo For-
slag um Overhus. —

Ja, lat dei Kararne faa Magti. So
skal det ikkje vera so svært lengje, fyrr
Grunnloven av 1814 er sundriven og
”Grunnlovs-
partiet” hev vist, at det ikkje er bljugt,
so snart det trur det kann raa seg.

Unionsforslaget uppe att.

Fraa Eksermoen (Ulven-moen ved
Bergen). 9de Juni Kl. 9 um Kvelden
samlad det seg ein Flokk Soldatar og
tok til aa syngja, fortel V.G. Oddmund
Vik heldt ein Tale for ”vaare Minne;”
det var ikkje Politikk, men leikad altid
litt innpaa. Det var no 9de Juni maa
vita. Midti Talen steig Kapteinen fram
og forbaud han aa tala meir, forbaud
med det same ”al Politik i Leiren.” Vik
sluttad; det vart ei Stund stillt. So
ropad ein Soldat ”Hurra for Yde Juni”,
og dei andre ropad med. So song dei.
Deretter Hurra for Storthinget, og for
Johan Sverdrup, og so ein Song til.
So kom Kapteinen og forbaud dei aa
ropa Hurra ”i Leiren.” Dei sluttad og
gjekk kvar til sitt. Dei visste ikkje av
annat, um at dei hadde voret heilt upp
lydige mot sine Fyresette.

Dagen etter vart Oddmund Vik dømd
til Arrest i 48 Timar, og dei 3 Solda-
tarne, som hadde foreslegjet Hurra for
Ode Juni, Storthinget og Sverdrup,
skulde hava Arrest i
Ulydighed.”

72 Timar

”for R

For dei vil ikkje hava ”Politik i
Leiren!” —

— Hadde Soldatarne ropat Hurra
for Professor Aschehoug ....

fdeelt* er Folket suverænt, men
praktisk er det ikkje suverænt, skriv
ein Mann i Mgbl.

Mannen er ikkje so galen som ban
ser ut til.

Han segjer det, som dei andre meiner.
Paa Papiret kann me gjerna finna oss i,
at det norske Folket er fritt; men i
Røyndi, i Gjerningen, — skal det bøygja
sin rædde Nakke under andre.

Det er det, som ligg under i heile
Novemberpolitikken. ”Me vil halda paa
Grunnloven som han er”, segjer dei (paa
Papiret kann Norig gjerna vera fritt);
”men absolut Veto maa der til; — i
Røyndi skal Norig bikkje-bøygjast.

— Lat Novemberkararne vinna til
næste Val, gode Nordmenn! Daa vert
dei so hjarteleg frie — ”ideelt”.

L. Skrefsrud hev no kome hit til Lands
og held Fyredrae paa ymse Stader,

Det er ille med di, det er so mykje
Regn um Dagarne. Folk fær ikkje inn
Høyet sitt.

Årbeidar-Møte. Eit svenskt slikt hev
vore halde i Norkøping denne Vika: Det
2dre norske skal vera i Trondheim Vika
kjem.

Med Grøda ser det klent «ut i Rus-
lønd. Men i Amerika teiknar det seg
godt.

I Egypten hev det no byrja med Ufred:
Styret gjorde i Stand dei egyptiske Fest-
ningarne 0: m., so sagde Fngland, at
det maatte det halda upp med, annars
tok Krigsskipi paa skjota. Det kom
ikkje noko greidt Svar, og so hev det
rignt med engelske Kulor i Aleksandria
denne Vika. Og Slavar i Byen slapp
ut og kveikte Eld i Husi paa fleire Stader,
sø der saag øgjelegt ut.

Lysingar.
(Qvams Skole.

(Smaaskole. Middelskole, kortvarigt
Kursus for ældre paa Latin- og En-
gelsklinje, 2aarigt Latin- og Realgym-
nasium). Indmeldelser, modtages Kl.
12—2, Universitetsgaden No. 6.

P. Qvam.

Q 9
8 Nikolai Olsens ;
8 Bogtrykkeri, å
9 æ 9

PS Torvgaden 5 b, s
8 Kristiania, 8
8 anbefales. 8
3 ov02m000008000008

Lystspel : 5 Bolkar av
Moliére. I Umskrift fraa

&99800008
Tartufi J Fransk av J. Belsheim.

112 S.7 Pris 1 Kr. i Posten 1.10.
Nikolai Olsens Boktrykkeri,

r

Torvgaden 5 b.
5 + En Fortelli fr.
FENG

mu TE

salgs i Bogladerne og i

Nikolai Olsens Trykkeri,

Torvgaden 5 b.

Kristiania.
Nikolæi Olsens Boktrykkeri.

:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free