- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
119

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

29de Juli 1882.

Fedraheimen.

18)

Dagjen og den store Løni, enn ho
nokon Gong hadde ventat paa den vesle.
So kom det Alt paa ein Gong.

”De er ikkje nokos Dame, Madam
Larsen, og eg wil gaa til Mannen
Dykkar med Rekningi,” skreik Fru
Schæfer; ”han er ein ærleg Mann,
vonar eg.”

”De fær ikke gløyma, att Kjøt og
Varur maa betalast. Eg vil snakka
med Hr. Larsen”, brumlade Mathand-
laren.

”Koli og Veden vil eg hava Pening
for”, sa Kolhandlaren. ”Eg trur ikkje
Mannen Dykkar vil narra meg.”

”De er fælande fin no; men daa
Du gjekk med Bomullskjolar, daa be-
talad Du Skorne Dine” sa Skomaka-
ren. ”Bg vil gaa til Thomas!”

Snidkaren kom ein Dag aat Døri
med Vogni si. Brussel-Aaklæde, Sto-
lar, Marmorbord og alt reiste avgarde
med den. Der var betalt 50 Dalar
paa det; men det vyrde ikkje Snidka-
ren paa. Sally kunde ikkje hjelpa
seg ut. Aa — um berre Fru Schæfer
vilde teket att Stasen! Men det var
raadlaust.

So sat Sally ein Kveld og greet,
medan Thomas aalvorsamt talde ihop
alle Rekningarne.

”Tri hundrad Dalar, Sally, umframt
dei 50 til Snidkaren”, sa han. ”Det
vil verta ein hard Bask. Men eg vil
betala dei alle. Eg vil "kje vera kallad
Tjuv av Kjenningar.”

”Eg ynskjer eg var i Jordi”, sa
Sally.

”Nei kjære, kom ikkje med siikt”,
svarad Thomas. ”Me skal ikkje verta
Uvenner for dette. Men me hev lært
ei Leksa baae tvo: Borg er ikkje Kon-
tant, og Lukka er ikkje Lukka, um
ein ikkje tek ho rett. Me vil flytja
til gamle Plassen vaar att og spara
ihop ei Tid.”

”Og eg vil taka Sauming att”, sa
Sally.

”Det tarv Du no væl ikkje”, meinte
Thomas.

Men Sally tok Sauming. Der var
nok baade for henne og Enkja. Ho
gjøymde burt Silkeklæi og gjekk i
Bomullskjole att. Og ho tok te arbeida
med ærleg Vilje. Det var eit tvo Aars
Arbeid; men dei greidde det. Og Tidi
kom daa, at dei saag kvarandre glad
1 Augo, — fri fraa Skuldi.

”Me kann liva nokot betre no,
Sally”, sa Tom, ”men me lyt hugsa
Røynsla vaar.”

Og det gjorde dei. Dei var i Grun-
nen gode ærlege Folk, so det bar fram
med dei.

”Eg vilde ikkje bjoda henne, daa
me livde saa fatikt”, sa Sally ein Dag;
”men no, me hev fengje det betre att,
— no vil eg bjoda Martha Dokkji til
meg att. Ho er ein gamall god Ven.
Men eg vart tryllt av Fru Schæfers
Silkekjolar og av alle dei, som var

høflege, so lengje dei trudde me var
rike!”
”Det er sannt”, sa Tom. ”Me hev

tent nokot med Røynsla vaar likavel.”
— Her var det Sally. Likso jamt
er det Tom! —

Leiv Sandsdalen.

Aasmund Vinje sagde ein Gang, og
mange hev sagt det etter honom, at
der i Telemork var Diktarto nok for
alle 3 Nordlandi. Visst er det, at Tele-
bonden hev store Skalde-Gaavor. Men
han hev og store Gaavor paa andre
Kunstleider. Der er gode Treskjerarar
i Telemorki, der er gode Sylvsmedar —
dei hev lært av deim 1 Byarne og i
andre Land. Og der er gode Spilemen-
ner, Myllargutten var ein, og Kristofer
Janson hev skildra slik ein Telespele-
mann i Boki si: Den bergtekne.

Og no hev Leiv Sandsdalen kome
inn til Hovudstadeu med Fela si og
kveikjer upp Folk med sit friske, ende-
framme Spil, Det er so, ein lengtar at
Ende til det naturlege i alt dette Stræve
for aa faa gjort alt so kunstigt som det
er Raad. Leiv Sandsdalen kann for-
telja Folk, korleids Tonarne læt, naar
dei strøymer fram fraa Folkedjupet utan
aa vera tilgjorte elder tilskapa paa
nokor Vis.

Jørund Telnes, Diktaren, hev skrive
um Leiv Sandsdalen i ,,.Rupe-Ber". Leiv
talar der med Bjønn Aasen, Timber-
mannen, um Fridomsarbeidet, Røyste-
retten o. m.sl. Bjønn er det som sidan
fortel um den Samrøda, dei hadde. Han
segjer daa ifraa, kor han sjølv er for
Kar og so fortel han vidare:

”So kann dæ treffe, at eg gjenge ne
te Leiv, Grannen min, han er no so
unaleg og morosam han. Me sete oss
daa stundom ut paa Vollen, og so kann
dæ treffe, at Leiv teke Fela mæ seg,
han er Spilemann au han. Er han daa
i rette Lona, so spilar han, so dæ siler
fraa Bogjen, Tonanne strøymer ut yver
Sellgjorsvatne og wupp-imot Skogjen,
Fuglanne feller sine Tonar inni Slaat-
ten, og Roaren ute-paa Vatne kastar
upp Aarenne og sit og lyer, mæ Praa-
men svive rundt i Kring mange Gon-
gur paa den blanke Fjoren. som den
blaae Himmel og dei høge Fjølli speg-
lar seg i. Folkji paa den andre Sia
kjem ut og stend og lyer, og alt syn-
est vera sveipt som 1 ein sæl Draum
fyr dei mjuke, lokkannes og lengtannes
Tonanne; der er baade Leik og Graat
i Spile haanoms. Du høyrer liksom
Huldrelokk fraa Skogjen i dei reine
Fjølltonar, du høyrer dei lettaste Hal-
lingar, dei kaataste Springarar, Brure-
slaat og Kivlemøyanne fraa Skorvefjøll
osb. Han er Guten sin te spila Leiv,
dæ er sant dæ, eg kjenner inkje Likjen
haanoms no, sia Myllarguten og Haa-
var er burte.”

Vil du høyra Sandsdølen sjølv tala,
so kjem her nokre av Innleidings-Ordi
hans til Slaattarne han spelar, korleis
dei vert til. Um Skarsmuten fortel han
so (sjaa Nyt norsk Tidsskr. 3, 226).

”Langedrag”jen aa Soterud’en, tvo
spélemænnar, kaam fraa Omersdal, —
di ha vore der aa spéla gjestebo. Der-
mæ lae di seg té sova mitte paa hø-
gaste skaré möt Svartdal, mitt imot
Skarsnuten. Saa mæ ei gaang hörde
di i svevnen sin, söm ein droum, at
dæ för té tulle saa svært uppi Skars-
nuten, — ein slaatt, som di aller ha
hört noken spéla noko tak av, hokke
spélemann dæ va, — du veit dæ, dæ
svive mange slaattar saa ikring byg-
dæn, aa fysst inkje dei kjænnde”n, saa
rænnde karar som dei va i spélé, saa
maatte’n vera ny. Baae vakna daa
mæ ei gaang, aa hörde’n dæ sama daa,
baae tvo; dæ va ei stönd, førr di fekk
aaretta seg, — di va syvjuge etter

gjesteboé; men saa tå aa faa i félehusi
sine, aa læse upp, aa te aa stille saa
fort di könna, aa té aa gripe etter,
Aa saa sat di længje aa spéla etter,
— dæ hélt paa, söm om dæ skulle vera
télaga, at di skulle faa dæ i hovud sitt
—; aa saa spéla di slaatten ihopes ut
etter vegjine, — gjekk ein stubb aa saa
sette seg aa spéla atte, — hélt paa
mæ"n heile vegjen aa ville bli stø in,
— aa spél’an baae söm ein mann: di
va naa saa samspelte, daa di spéla
gjestebo ihöpes støtt, saa dæ lét som
ett 1jö. Langedragjen va fa min, han*.

Um Sævlé’en:

*Qla Sævlé vart hegda ei halv mil
aamafe Kongsberg. Han va skulla fe
aa hava drepé ein paa vatné, mæ di
fiska mæ gaani, — eg trur dæ va mo-
bror hell fabror — aa saa skulle den
mannen ha blitt börte paa vatné, aa
denne vart skulla fe dæ; men han
könna ha blit borte, etter di skjuldes,
veit du. Aa Ola Sævlé ville’kje stande
té dæ; di va tvo prestar öm’n; di hænta
den presten ban ha gjængjé lesé fe:
di tænkte han skulle hava meir yndest
ihjaa’n. Men dæ va aller raa. - Denna
presten héls mæ"n té slutten, aa sae
daa dæ: .Naa min snille Ole, naa
faar du gaa te bekjændelse om at du
er skyldig aa dø; naa ved du, at du
om nogle minutter træder frem for den
bøieste dommer*. ,,Ja, eg veit dæ:
me æ alle skullige aa døy*, sa Ola;
dæ va dæ senste, han gat. Dermæ
hegda di’n. Men denné slaatten, den
tulla”n, mæ di ledde’n 6t6 arresten aa
té rettarstaen.*

Um Skuldalsbruri:

«Hö rei brur té Omersdals kyrkje.
Aa saa sat ho tulla paa denna slaatten,
som hö hae gjort, alt fraa hö för heim-
até aa té ho kaam té Harang; der æ
der et svo’uberg mitt i vegjen; dæ
gaadd’6 ikkje at, mæ ho sat tulla;
dermæ datt hesten, aa ho kaam né paa
ryggjen aa skambrout föten. Dæ synes
ænnaa skriplune etter hestesköen, der
söm han glatt.*

Indbydelse til Bidrag for at lindre
den paa Island herskende Ned.

Island har i den forløbne Vaar været
hjemsøgt af frygtelige Orkaner, der ra-
sede i Dagene mellem den 23de April
og 3die Mai. Forrige Aar var et fuld-
stændigt Uaar, og Faar og Heste er 1
Vinterens Løb styrtede i tusenvis af Sult.
Store Strækninger af dyrket Jord og
Beitesland i Rångårvallasyssla omkring
Hekla er under Orkanerne fuldstændigt
ødelagte af Flyvesand.

Følgen af disse Ulykker bliver stor
Nød eller endog Hungersnød, hvis Hjælp
udebliver.

I Sverige har man allerede sat sig
i Bevægelse for at komme Islændingerne
til Hjælp.

Vi henvender os til norske Mænd
og Kvinder med Ånmodning om Bidrag
for at lindre Nøden paa hin vidunder-
lige Ø, hvor sin Tids bedste Nordmænd
tog Land og reiste vort Folk Mindes-
mærker af udødelig Berømmelse.

D. OC. Danielssen, Bergen. L. J.
Eide, Haugesund. Thv. Bllingsen, Kri-
stiania. Tho. Joh. Heftye, Kristiania.
Amund Helland, Kristiania. Gisle John-
son, Kristiania. Birger Kildal, Kristia-
nia, J. A. Køhler & Co., Stavanger.
S. Å. Sexe, Kristiania. Gustav Storm,
Kristiania. H.S. Svendsen, Stavanger.

Lister til Paategning er udlagte i

Cammermeyers og Cappelens Bogbandel
samt i Andwords Papirhandel. Bidrag
kan indsendes under Adresse Helland,
Frognerveien 18, Kristiania.

Dette bør Folk vera med paa. Det
er ingenting so fælt som at Folk lid
Naud. Bladst.

Kristiania, den 28de Juli.

Med Veto-Guden gjeng det meir og
meir til atters. Fyrst var han ”ophøiet
over Tvil”. So kom dei litt i Tvil like-
væl og gjekk til Fakultetet; og Fakul-
tetet forsvarad Veto-Guden so godt, at
Livius Smitt umvende seg og vart By-
fut i Brevik. Men endaa var der lite-
grand Tvil. Og der vart skrivet og ylt
og bleset i Taakelur og sendt Professo-
rar og Sakførarar ikring for aa berga
Guden; tilslutt slog Selmer i Bordet
noch einmal og sagde, at det var ei
”urokkelig Overbevisning!” at der var
ein Veto-Gud; — men ingen Ting hjelpte;
Tvilen sat i like godt, som ein Makk
i eit Hple, og vilde ikkje døy. Og no
vedgjeng endeleg Møgbl., at ” Vetoet i
Grundlovssager er en gammel Strids-
gjenstand, om hvilken der er talt og
skrevet og har været forskjellige Me-
ninger saagodtsom ligefra Konstitu-
tionen blev til” (altso ikkje berre fraa
1880); og det einaste, som kann segjast
for visst no, meiner Mgbl., det er, —
ikkje at Vetoet er absolut, men at Ve-
”absolut nødvendigt”.. Takk
skal Di ha! paa den Maaten kjem der
nok ikkje nokot Veto inn i Grunnlo-

toet er —

ven! —

Ein Innsendar i Mgbl. hev likefram
sagt, at etter Grunnlovens Ord er Ve-
toet i Grunnlovssaker berre suspensiyt.
Det gjeng til atters med Veto-Guden!

Berre dei reint umyndige, slike som
Budstikka, Fædrel. og andre, ligg enno
og masar um, at det absolute Veto stend
i Grunnloven.

Kongedømmet og Unionen ere de for-
nemste Betingelser for vor Tilværelse som
selystændig Statf* — segjer Mebl.

- — Naar det eine Taarnet paa Dom-
kyrkja i Stavanger dett ned, elder naar
den gamle Eiki, som stend utanfor Døri
hans Simon Støylen vert nedhoggd, so
skal Verdi forgangast, — segjer Spaa-
kjeringarne.

Verdi kann ikkje staa, dersom det
Taarnet elder den Kiki dett ned, og
Norig kann ikkje vera til, dersom Konge-
dømet fell, elder dersom Folket sjølv
skulde forsvara sitt Land, — meiner
Mgbl. —

— Tenkjemaaten kjenner me. Nord-
mennerne skal venjast av med aa lita
Dei skal slaa all si Lit
til andre; for daa vert dei slike hyggje-

paa seg sjølve.

lege Kjeringar alle ihop, og daa kann
dei veto-køyrast so lengje det skal vera.
Leve Usseldomen! ”Me er stolte av aa
stydja oss til ein annan Nasjon,” sagde
Arendølerne.

— Morgenbladet er eit fint Blad.
Hadde slikt vortet sagt i 1814, so
hadde den, som sagde det, vortet skoten.

Kongen hev ikkje andre Meiningar
enn det som er Lov og Rett, sagde han
i ein Tale upp paa Trondhjemskanten.

Han forsikrad paa det.

— Og det kunde ein vita.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free