Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sjaa det likevæl.
Fedraheimen.
Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt. Betaling fyrea
å Bit Blad aat det norske Folket.
Lysingar kostar 10 Øre Petitlins,
og daa etter Maateu fyr større Bokstavar.
No. 39,
Kristiania den 12te August 188
en
6. Aarg,
IIIIEEIIEEEE===
Bondestudentar.
Av Arne Garborg.
(Framhald.)
— Daniel budde paa eit Loft 1
Akersgata. Romet var ikkje litet; men
det var laagt og hadde Skraatak; Ljos
fekk det gjenom tvo Vindaugo, som
var bygde ut gjenom Taket. Romet
var fullt av Kantar og Kræer og var
litt halvmyrkt; Utsyn var der til eit
Par Hustak og nokre Skorsteinar. Men
Daniel likad seg her. Her var so
koselegt og lognt, totte han; og det
stengde Utsynet gjorde, at han kjende
seg so trygg, so godt gjøymd.
Byen likad han og paa ein Maate.
Her var ikkje slik, som han hadde
tenkt; her var smaatt og graatt i
graatt for det meste, og det var utru-
legt, kor simpelt det kunde sjaa ut
mest alle Stader, so nær som upp paa
Homansbykanten; men for Daniel var
alt so nytt, at han hadde Moro av aa
Og den einaste vesle
Stubben Storgata, som Byen kunde
segjast aa hava, Stykket fraa Storthings-
bygningen til Slottet, var so gild med
alle sine Tre og Slottet øvst uppe som
ein breid Vegg, at Daniel saknad ikkje
sine Marmordraumar so mykje endaa.
Det var væl slik, ein Storby skulde
sjaa ut. Fin kunde vera trygg paa,
at dei, som byggde her, og som hadde
Tilsyn med Bygningsstellet, visste, kor-
leis det skulde vera. —
Men Draumen um aa koma uppi
nokot stort elder forunderlegt, seig av
han helder fort. Han saag ingen Ting,
som minnte um Eventyr. Folk saag
fælt kvardagslege ut; og um han ein
Gong imillom saag ei gild Vogn, so
visste han, at inni den sat væl i det
høgste ein Grosserar.
Men ein Ting var han arg paa, og
det var, at Folk syntest so vigtige.
Han totte dei gjekk og smaaflirde aat
han, kven han raakad, elder saag ned-
etter han paa Sned, liksom han var
nokot styggt. Di lenger han var i
Byen, di verre totte han det vart. Um
han so berre skulde inn i ei Kraam-
bud, elder han skulde hava seg eit
kvart Pund Petum hjaa ein Tobaks-
handlar, so var dei Diskemennerne og
Sigarjomfruerne so vise og vigtige, at
han vart baade bljug og dum. Han
trøystad seg med, at naar han vart
Student, skulde han gjera dei Lika
for det.
Den einaste Moroi, han hadde, var,
naar han ein Sundags Ettermiddag i
Skomingi kunde vera med Haugum og
Aslak Fjordan elder Johannes Ortvedt
OT PPPIIEIIIERIIEIIEIIIEEEEEE====
kjende han seg fri og nøgd, lo, naar
dei andre skjemtad, og saag paa alle
desse ukjende, som strauk att og fram
der som Fisk under ei Aa-bredd, so
glad som ein Smaagut. Stundom kom
det unge Gjentur — heiltupp Frøkner
var dei visst — og saag paa Daniel
med slike Augo, at han vart beiltupp
varm um Hjarterøterne; og daa kunde
dei gamle Eventyrdraumarne hans livna
upp att. Men dei unge Frøknerne
gjekk altid sin Veg, og han høyrde
aldri nokot ifraa dei. —
Det var sjeldan, han fekk taka
slike Turar. Paa Fabrikken fekk dei
so vitlaust med Leksur, at den, som
vilde fylgja med, laut lesa baade Dag
og Nott. No lærde Daniel seg dess-
utan for Aalvor til aa røykja; det
høyrde med til Studentlærdomen, det
og. Og so sat han si meste Tid paa
”Hybelen” og las, røykte og las, so
det verkte i Hausen. Det var stridt,
men det var karslegt, totte Daniel;
for no kunde han daa kjenna, at han
studerad. Med Byrgskap skreiv han
heim, at no las han, so det heiltupp
røynte paa Helsa.
Av Kjenningar fraa gamalt aatte
Daniel tvo, Ole Bentsen og Peter Dirk.
Desse Kararne gjekk no i øvste Klas-
sen og greidde seg godt. Peter Dirk
vår nokonlunde sin same, smaa-lentug
og pynteleg, men kanskje ikkje fullt
so vigtig. Men Ole Bentsen hadde
vortet gudeleg her inne. Han var
komen til aa bu hjaa ein heilag Sko-
makar, fortalde Johannes Ortvedt; ”og
daa han forstod, at han kunde faa bu
for halv Pris, dersom han umvende
seg, so umvende han seg naturlegvis,”
meinte Ortvedt. Daniel kunde sjaa,
at Ole Bentsen hadde forandrat seg;
det rolege, kjøtfulle Andlitet hadde
stivt seg og strekt seg og vilde vera
aalvorlegt, og dei smaae graakalde
Augo strævad med aa synast kjærlege.
Og Daniel forstod snart, at Ole Bent-
sen gjekk med løynske Tankar um aa
frelsa hans Sjæl og. Dette vart til
ei stor Plaga for Daniel. Han kunde
ikkje tenkja paa aa umvenda seg enno,
fyrr ban hadde livdt til Endes det
ideale Studenterliv, og ikkje torde han
vera ved, at han ikkje vilde umvenda
seg helder; naar so Ole Bentsen tok
til aa tala um aa passa paa Naadens
Tid, so visste ikkje Daniel, kva han
skulde svara. Han drog seg ifraa so
mykje han kunde; og daa Bentsen
endeleg forstod, at Guten var komen i
Henderne paa Hans Haugum, gav han
Daniel yver og var sidan imot han
og driva upp og ned Karl Johan. Daa
som imot eit annat Verdensbarn.
— Vinteren var lang, og Leksurne
var store. Ein kunde lesa baade Nott
og Dag, og endaa var det raadlaust
aa fylgja med. Daniel vart trøytt,
han som dei andre. Aa, at alt i
Verdi skulde veraso tungt og stridt!
I Grunnen var det med Skulearbeidet
som det var med alt Slit; det var ei
Straff. for vaare Synder. Det var i
Grunnen rart, at Folk vilde leggja so
vondt aat seg, naar dei kunde sleppa. —
Han lagde snart Merke til, kva det
var for Lærarar, ein kunde taka det
lett med. Og so tok han det lett med
dei. Han lærde ikkje det, dei sette
han fyre, og vart meir og meir burte
fraa deira Timar. Naar andre kunde
gjera dette, so kunde han med. —
Han lærde i den Skulen han gjekk.
Men dette gjorde, at han aldri hadde
full Fred i sitt Samvit.
Etterkvart vart han kjend paa
Skulen. Det var ein underleg, ujamn,
av likt og ulikt samanreken Flokk,
den, som her var aa sjaa, Det meste
var Bondegutar og Smaafolks Søner;
men her og der kunde ein sjaa ein
Presteson, elder andre slike, som var
burtviste fraa Latinskulen, elder som
av andre Grunnar fann det laglegt aa
skjota denne ”Beinvegen til Eksamen.”
Her sat friske, grøne Sekstanaaringar
Jamsides med røynde Skjeggebussar og
Fleinskallar paa 30; verdige Skule-
meistrar sat saman med friske Sjø-
gastar; heilage Menn som Ole Bentsen
maatte her hava Lag med Ranglefan-
tar og Galningar, som kanskje ikkje
gjorde annat enn dreiv rundt etter
Moro. Saag ein heile Flokken under
eit, hadde han nokot fortrykkt og for-
komet yver seg, eit Drag av Stræv,
Pengesut, vonde Dagar elder Rangel;
mange gjekk daarlegt klædde, med
skitne Kragar og Handliningar, med
Brøker upptrødde ned med Hælarne,
med skeive Sko, med geniale Hattar;
burtmed Omnen sat ein Gut med Vin-
terfrakken paa seg, endaa naar det
brann i Omnen so han var raud;
Tingen var, at han hadde eit Hol i
Broki si paa ein Stad ... der det
ikkje gjeng an aa hava Hol i Broki
si; og det kunde han ikkje dylja paa
annan Maate. Mange saag so skrale
ut, at ein maatte tru, dei svalt; og
dei, som arbeidde og prøvde aa fylgja
med, gjekk gjerne med ei jamn Skodd
yver Heilen sin, tunge og nervøse av
Nattevaking og Ovarbeid, so dei liksom
ikkje var fullt seg sjølve. Di lenger
det leid, di tyngre vart Tonen; all
Samtale vart aalvorleg og uglad, all
Skjemt matt. Det var som der ikkje
mm ——————
var Ungdom i denne Flokken. Dei,
som var uuge av Åar, var tidt vaksne
nok av Tankar; dei leid for mykje
vondt. ”Klasse-Aanden”, som aldri
hadde voret sterk, døydde etterkvart
reint ut; Klassen skilde seg sund i
Smaaflokkar, og dei, som ikkje hadde
nokon Flokk aa sokna til, gjekk og
tuslad aaleine.
Det, dei snakkad mest um. var væl
det, dei hadde minst av, nemleg Pengar.
Den, som hadde Pengar! Den, som var
rik! den Visa gjekk fraa Morgo til
Kveld. Men stundom talad dei um
Politikk, Tru, Maal, Nasjonalitet; og
kom dei innpaa slikt, kunde dei verta
varme. Heilt fraa Hausten av hadde
dei skilt seg ut i ulike Meiningsflok-
kar; der var liberale og radikale, der
var norske og norsk-norske, Kosmo-
politar og Maalmenn.
”ikkje brydde seg um Politikken.” I
Trui var der like eins Meiningsskil- -
nad; der var fleire Grundtvigianarar,
helst av dei eldre Seminaristarne, og:
um Jens Rud og eit Par andre vart
det sagt, at dei skulde vera Ny-Rasjo-
nalistar. Men uppi øvste Klassen
skulde der jamvæl finnast Folk, som
ikkje trudde paa nokon Ting.
Men med slike Gutar gjekk det no
for det meste som det kunde. Dei
kom her inn unge og faakunnige,
misste si Barnetru og hadde ingenting
aa setja istaden; helder ikkje hadde
dei moralsk Udvikling til aa bera
eit slikt Tap. Naar dei so misste
Trui, so misste dei si moralske Jam-
vigt med det same, og laag daa snart
og dreiv med Kjølen i Veret. Hans
Haugum og Johannes Ortvedt kjende
fleire Døme paa dette.
Soleis nemnde dei ein Rødberg,
som so vidt hadde fuskat seg fram til
Student ifjor Haust, men som baade
fyrr og sidan hadde sleppt seg so reint
yver. Endaa verre var det med denne
stakkars Olai Juberg. Det var ein av
dei rette, det.
skikkeleg ut, at ein skulde tru, det
var ein rein Mors-Unge; men i log-
naste Vatnet var verste Grunntrolli.
Det var med honom som med so mange
andre, som kom reint ferske fraa Bon-
debygdi og fraa eit innestengt Liv;
dei gjekk og brann av løynlege Lyster
under sekkte Augo, kom so her inn
og drakk av alle Kristiania Renne-
steinar, til dess dei ein god Dag laag
der. No gjekk Olai Juberg ikring
med snaud Skolt og avblømt Andlit
og glodde og glodde gjenom sine breide
Brillur som eit Lik gjenom ein Kjel-
Dessutan, var
der ein Flokk ”meiningslause”, som
Han saag so roleg og.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>