Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
26de Ausust 1882.
Fedraheimen.
Erkebispen av Paris fyreslog, at dei
Dagen etter skulde syngja Te Deum.
Men ein av dei, som gjorde mest til
aa øsa upp Mugen til alle dei stygge
Valdsverk, var den falske Fridoms-
mannen og store Ukjura Hertugen av
Orleans, som gjenom Revolusjonen vilde
arbeida seg upp til aa verta Konge. —
Nasjonalforsamlingi (den grunnlov-
gjevande) gjorde mange Gagnsverk
(som du i Skulebøkerne ikkje fær vita
stort um), men gjorde dei for braadt,
so Folket ikkje kunde fylgja med elder.
forstaa; og Kongemagti var reint magt-
laus, av di Riksraadarne ikkje fekk
vera med i Thins-Forhandlingarne.
Den Grunnloven, som endeleg kom
istand (30te Septbr. 1791) fær du
Greida paa 1 denne Boki S. 54—55.
Resten av Revolusjonen med all
sin Villskap og all si Rædsla er sterkt
og maalande skildrat, og du les det
som det var ein Roman.
Napoleon raakar me fyrste Gongen
som 24 Aar gamall Artilleri-Offiser i
Striden mot Tulon 1 1793. I 1795
hjelpte han Konventet mot Adelsmanns-
Upprøret i Paris, sidan fær me fylgja
han gjenom heile hans straalande, blo-
dige Liv. Bernadotte, som i 1789
var Sjersant, finn me her som Krigs-
minister under Direktørstyret. Han
var ivrig Republikanar, og ein Mot-
standar av Napoleon, som han mis-
tenkte for Svikstankar mot Republik-
ken, men vart sidan hans Mann, og
Napoleon gjorde han til Marsjall, og
tilslutt til Prins av Ponte Corvo. —
Utviklingi i Norig fær me fylgja
til Aaret 1814, som her er skildrat
friare og i større Samanheng enn i
”Norigs Soga.” I Sverig vart 1809
Merke-Aaret. Den halvgalne Gustav 4
hadde stellt seg slik, at Landet heldt
paa aa gaa under; han hadde Krig
baade med Rusland og med Danmark
og Norig. Paa den norske Grensa
stod Grev Adlersparre med ein Hær;
han var driven ut av Norig med ikkje
lite Tap. Daa gjorde ban Vaapnkvild
med Kristian August, gjekk so mot
Stockholm med Hæren sin for aa setja
Kongen av. Kongen prøyde aa verja
seg, men vart fangad i sitt eiget Slott
av Adlerkreutz og fleire Offiserar. So
kom det ein Riksdag ihop*), og den
gav Sverig den Grunnloven, som det
hev den Dag i Dag. I 1810 vart Prin-
sen av Pontecorvo vald til svensk Krun-
prins; han gjekk daa yver til Luther-
Trui og tok imot Kallet. —
Hellest fær ein i denne Boki høyra
fraa alle europæiske Land i denne
store, grunnbrjotande Tidi, som skapte
Fridom og nye Vilkaar for mest alle
Folk. Heile Europa var i ein Baare-
gang av Folkereisningar og Krig. Det
var som Wergeland sidan song:
*Kongerne holdt paa Kronen:
Folkene lo, og
vented med Længsel at se den
komme drivende, lig en
Sæbebobl.”
Enden vart, at Kongarne vann —
for det fyrste; men Fridomen kunde
dei ikkje: tyna tilgagns. Dei døyvde
han ned ber og der; men naar det
leid paa, so vaknad han upp att.
1) ”Den evig mindeværdige Riksdag,” som
Karl den 13de (i Norig den 2dre) segjer
i Brevet sitt til Riksdagen i 1814.
Boki sluttar med ei Skildring um
Napoleons Liv og Arbeid, som me her
tek inn til ein Prøve paa, kor godt
ho er skrivi —:
”Napoleon var magtsjuk, æresjuk og
svyiksam, men skal ein døma rettvist um
han, lyt ein ikkje gløyma, at hine Fyr-
starne knapt var stort likare, men det
tedde seg ikkje so mykje med dei, fyr
di dei hadde so mykje mindre Gaavur
og Dugleike. . Visst er det og, at han
berre til aa fremja sin eigen Stordom
øydde Millionar av Mannaliv, men tru-
leg hev alt Ustellet og all Smaadomen
og all den jammerlege Styringi i Eu-
Kor
var han ein oysterk Herrens Reidskap.
Han hindrad det bourbonske Bakstrævet
i Frankrike, til dess det franske Folket
hadde livt seg so inn i den nye Tidi,
at ikkje Bakstrævet lenger kunne taka
Frukterne av Revolutionen fraa det.
ropa freistat han hardt. som er,
Som ei Vindflaga stormad han yver
Europa og sopad burt alle Murar og
Bolkar og Gjerde, som stod att fraa
Feudal-Bygmngi, og han jamnad Grun-
nen, — som han sjølv meinte fyr si
eigi Magt, men i Røyndi fyr at Folki
kunne samla seg til heilvaksne, sjølv-
styrde Nationalitetar. lIser gjorde Tysk-
land eit stort Steg frametter til Binskap,
daa han kjøyrde burt Smaatyrannar i
I dei Rike, som han ikkje
vann aa leggja under seg, fekk han
Dørerne upp, so det kom ei frisk Gufs
fraa den nye ’T’idi inn i dei kovne Romi.
Han krenkte Folkeretten hardt,
nettupp ved det vekkte han Folki upp
til fullt Medvitande um Retten sin, og
dei reiste seg imot han, daa han hadde
Hundradvis.
men
gjort si Gjerning. Daa den sterke Kjem pa
var burte, so briskad Smaadomen og
Bakstrævet seg ei Stund og trollreid
Folki;
lenge, for det hadde vaknat ei Leneting
men detta kunne ikkje vara
etter nokot betre og større; te meir ho
vart kuad, te meir aukad ho paa, til
dess Folki fekk sin Vilje fram.”
Fraa Femdagsstrien ved Drammen.
Eg maa sende lite te ”Fedrahei-
men”, det eg kann minnast. Eg hev
set dæ hev vori umskrivi i andre Bla,
men dæ er snaut eg kann kjenne meg
att, endaa eg var med sjølv, men dæ
hev vori Oficerar, som hev skrivi hitt,
og eg er berre Soldat, ein ser ikkje
dæ sama ein Oficer og ein Hermann
hellest; sumt ser han, som me ikkje
veit um, so som gilde Fester og mange
Retter Mat, og sumt kann me sjaa,
som han ikkje veit.
Dæ vart ein stor Hop av Hermenn,
daa me kom saman i Asker um Laur-
dagskvelden, og sandeleg var me glae,
me fekk ein Kviledag um Sundagen,
der me daa kunde kvile mæ slik Greie
som me hadde. Nei for eit gott Ver,
aa nei for ei ven Bygd, dæ er so varmt,
at dæ er reint for gott te gje:a nokon
Ting, allvist for oss Fjellkarom, dæ
er so vitt ein orkar kvile, ein fær draga
Pusten og sjaa seg ikring. Dæ ser
so framandt og storsleg ut all Ting
for mange av oss, som snaut hev vori
utum Heimbygde, desse gjilde Garane
med pryelege Hagar umkring seg, som
raunar og glor av Blomar og Ber,
og Aakrar so gule og bylgjande; sumt
av Konne er alt sett paa Staur, dei
stend i hundravis burtetter so goe og
feite og ruggar seg i Sole. Millom
vældyrka Engjer er Haugar og Holt
med underlege ukjende Tre med myrke
store Lauv, og Fjoren skjer. seg inn
millom QOddar og Øyer. Lufti kjennest
so tung og so fyllt, so ho er remt
som rusande. Fjellbuen vert svevnug
og lat.
Brigademusiken var med oss, den
spila Salmetonar midt paa Dagen, og
naar dæ lei paa Eftan tok den te med
leike Slaattar og ymse Stykkje. ”Dæ
er nok vent”, var dæ ein, som sagde,
”men dæ er Musik, som me ikkje for-
staar, detta”, og dæ er sannt, dæ er
ikkje alle, som kan fullskyne slik Musik
med. ein Gong, som ikkje bev høyrt
anna enn heimegjorde Slaattar paa
Fela.
Me sov væl i Asker, dæ var so
vælsigna gott og varmt um Nætene.
Tileg Maandagsmorgonen laga me
oss te. Gjeve me kunde koma ut no
idag, fyrr Dagen vart for heit! Men
nei, dæ drygde og drygde, te dæ lei
langt paa Dag, og Sole var varm, me
sveitta der me laag inne i Telte. Jau
endeleg vart me wuppstelte, dæ vart
lesi upp ei Order fraa Kongen, um
korleis Stellingi var tenkt baate um
Fienden, korleis han var laga, han
skulde laast som vera 15—20,000 Mann
og hava stigi i band ved Larvikskan-
ten, og so um, at dæ me helst skulde
øva, dæ var Marsdicplin.
So rugga me iveg uppetter Valsta-
bakkane. Naar ein gjeng mot Bakke
med ei tung Byrd paa Ryggen, so
plar ein hava den Gjerde anten dæ
er Mann hell Hest, at ein vil gjenne
smaastanse og draga Pusten, rett som
dæ er, daa kann ein halde paa og
mona langt i eit Tak, fyrr ein treng
kvile. Dæ er ikkje den Gjerde med
dei militære; der skal ein taka heile
Bakken i eit drivande Renn, og dæ
vert ikkje Kvild, fyrr dæ li langt nok
etter Klokka. Hu, dæ leitar for den,
som hev 3—4 Pund aa bera paa seg»
Sveiten renn ned yver Andlite 1 store
Dropar, og du vert so heit for Bringa,
at du maa kneppe upp so mykje du
kann, um dæ aldri kan vera Løyve
te dæ, daa slær dæ ut som ein varm
Damp, men Belte sit stramt og klem-
mer Varmen inn um Midja, og dæ
kann du ikkje faa løyse. ”Ja nu svetter
Dere ut alt Øle, Dere drakk igaar”,
segjer Oficeren, han gjeng tomreipes
og ser paa, kor me staukar. Ja gjeve
dæ var so væl, at me hadde Utysten
aa gaa paa, men dæ er vandt dæ vert
for myki, naar ein aa kalle maa snikje
seg te kvar Drykkdropen og kvar Mat-
biten, ein skal hava. Eg trur dæ var
mange, som unnte honom Skreppa si
aa bera.
Dæ sig so jamt burtetter, Bakke
upp og Bakke ned, som ei lang ende-
laus Skrei, ho rekk yver heile Dalar,
so langt ein ser og endaa er dæ berre
ein Brigade hell 2—3000 Mann, som
her gjeng saman.
Musiken er go aa hava, eg kjenner
dæ, naar me strævar upp mot ein
Bakke, og so Trumma fyst tek 1, og
so dei andre fell inn i um nokre Takter
med Honne, daa er dæ, som ein heilt-
upp fekk ei Studning under Ryggen.
Ja dette er 1 Fystningi paa Marsen,
men naar du hev gjengi, so du er
trøyt og klaar, Gut, daa toler du inkje
aa høyre den, dæ gnell og skjer for
Øyrom kvar Tonen, dæ piner deg aa
høyre den minnste Ljo. Dæ vert so
stilt daa burtgjenom alle Rekkjune,
kvar Mann gjeng berre for seg sjølv
med lenger og lenger Stig framlutt
og stiv og ser ende ned i Dufte for
Føtene sine. Ingen talar og ingen
svarar viare, anna — ”Fa’en”. Folk
er sure og vonde, kjem ein attpaa no-
kon hell ivegen for nokon, so høyrer
du berre ”Fa’en”. Maale synest
verte so fatikt, og Uttryksevna so lite,
at dei nøgjer seg med dette ”Fa’en”
te alle Ting, um dæ, som er vent og
um dæ, som er stygt, um gott Vatten
og vondt Vatten, som Tetale og som
Svar, so er det ”Fa’en”, hell, naar dei
skal gjeva Tala noko meir Vegt, ”Dæ-
velen brenne”, ”i heite Helvete” hell
noko slikt. Dæ vilde slett ikkje vera
so umaatsamt, um dei paa Fana si
hadde trykt i Gull istaenfor dei Namn,
dei no brukar, te Dømes: ”Fa’ens
Bataljon”, Bataljonen ”Dæyvelen brenne”
osv. Naar so Løytnanten kann hava
Namn som ”Dø og Pine”, ”Hestefisen?
og slikt, vilde dæ høve utruleg ihop:
Løytnant Dø og Pine av Bataljonen
”Dævelen brenne”, N. Brigade.
Mange trur, at dæ aa vera Soldat,
allvist daa aa vera med ute i Felten,
dæ er so lystugt og lett eit Liv, dæ
er som ein Leik alt saman. Langt
ifraa, Halvdelen vert ufriske og uføre
paa nokor Vis, og den andre Halvde-
len vert trøyt og sliten, dæ er snaut
ein orkar syngje sopas som ein Vise-
stubb. Dæ var berre eit Par Gonger,
trur eg, me hadde Mot og Magt te
tralle lite, dæ maatte no vera, daa
me for utyver Paradisbakkane, og daa
me hadde kvilt i Drammen. Dæ var
vent, daa me kom utpaa og saag heile
Lierbygde neafor oss, der alt sto i
beste Bragen. Dæ totte mange, dei
hadde ikkje set finare, slikt Aakerland
so vitt og breitt var meir enn mangein
kunde tenkje seg, her maatte dæ vera
Velstandsgarar alt saman, annaslag
enn uppi Bygdom vaare. Vegen sneidde:
seg og bugta seg nedgjenom, og langt
langt alt te ned paa Slette bylgja He-
ren fram utetter Vegen, og ned med
Fjoren hadde sume alt slegi Leger,
ein saag Telt i Raer og Folk og Hestar
i store Mugar. Me au tok inn paa
eit Jore ned med Sjøen og slo os te
Ro paa ein Grasvoll, som var so g0-
dæmd og frisk. Dæ kom nokre Dropar
Regn, som reinska Lufte, so dæ dufta
all Ting, Solrøyken sveipte seg so varm
og mjuk um Aasane um Kvelden, og
dæ var so gott eit Ver. — Me fekk
kjøpt oss Høy der paa Garen for 10
Øre Fange, daa sov me gott i Lier.
Dæ var sjaa-and te, me var komne
nærare Fienden no, dæ vart so myki
Folk. Alt ved Kristiania støytte me
paa andre Bataljonar, og i Asker laag
me heile Brigaden saman, men her i
Lier fyst va dæ rektig folksamt, for
her laag dæ fraa andre Brigader æu,
og baate Hestfolkje og Kanoner var
dæ med her; dei for um kvarandre
desse påa Vegjene, dæ saag reint kalleg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>