Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Hå
23de September 1882.
Fedraheimen
151
Elskelege Novembermenner! Naar
vart ”Novemberforeningen” skipad?
Hadde me det ikkje godt i den Tidi
og? Kva skulde me med ”November-
foreningen” og det absolute Veto? ”Vi
havde det saa godt, saaledes som vi
havde det! —”
Kvinne-Studentar.
I Aar fekk me den fyrste av det
Slaget, — Frøken Cecilie Thoresen
fraa Eidsvoll. —
Og det gjekk so stilt og fimt. Der
var ingen, som hadde nokot imot det.
Enn alle dei moralske, enn alle
dei vittige Ord, som hev voret sagde
um ”lærde Kvinnfolk” og ukvinnelege
Kvinnfolk og ”Blaastrømper”, som sat
og skreiv Bøker um ”Kvindens Under-
kuelse? og leet Steiki verta brend og
Grauten svidd!
Enn alt det, som hev voret skrivet
og sagt um, at Kvinna hadde si Livs-
gjerning i Kjøk og Kammers, at ho
var skapt til Kona for Mannen, og at
ho ikkje kunde uppfylla denne sin ”Be-
stemmelse”, dersom ho fekk Lærdom
og Kunnskap liksom han!
Sagde ikkje Syrach, at Kvinna var
skapt til aa gleda Mannens Hjarta?
Og sagde ikkje Professor Den og
Doktor Den, at Kvinna ikkje hadde
Natur og Hovud til aa læra det, som
Mannen lærde?
Væl var der ein og annan Villmann
ned i Frankrike elder England, — ein
Stuart Mill, elder. Mill Stuart, elder
kva han heitte — og kanskje einkvar
Rabulisten andre Stader og, som sagde,
at Kvinna kunde verta ”mykje til
Mann”, dersom ho fekk lesa og ar-
beida; men kven kunde bry seg um
slikt? Vaare innfødde Autoritetar, Pa-
stor Heuch, Professor Monrad, ”Vikin-
gen” og andre, dei gjorde alle ihop
berre Narr av slikt Snakk, og ”Vikin-
gen” kunde tydeleg teikna den lærde
Kvinna av, so kvar Mann kunde sjaa,
kva Veg det maatte bera!
- — da, Kvinna var skapt til aa
gleda Mannens Hjarta.. Ho skulde vera
yndig, ho; det var hennar Livskall.
— Men ho kunde ikkje vera yndig,
naar ho hadde lært nokon Ting.
Ho skulde ”forskjønne Livet.” Me
Mannfolk trong til aa sjaa nokot fagert
ein Gong imillom, og difor hadde Vaar-
herre skapt Kvinna og gjort henne
fager; og det ikkje han hadde gjort,
det gjorde Skræddaren og Modehandla-
ren, — og 80 vart Kvinna fager. Og
so lærde ho aa syngja og spela Piano;
for me Mannfolk likad aa høyra Song
og Spel ein Gong imillom, naar me
var altfor trøytte av alt vaart tunge
Stræv. —
Og so liyvde Kvinna som ein Fugl,
ein fager Fugl, i eit fint lite forgyllt
Kabinet; og ho fekk Sukker og kjælne
Ord. og alt det, som slik ein liten
fager Fugl likar; — for Kvinna var
skapt til aa gleda Mannens Hjarta,
og so maatte ho sjølv vera glad, —
glad og tankelaus, glad . . . og dum.
Det var Harem-Tanken, som raadde.
Den gamle asiatiske Harem-Tanken
laag under i all denne europæiske Fin-
leiken og i heile denne Dyrkingi av
det, som var fagert elder nyttigt ”for
Mannen;” og Presten sagde ikkje
nokot um det; for han totte det var
kristelegt, han. Det var so kristelegt
som nokot kunde vera i denne ufull-
komne Verdi, meinte Presten.
— Men Presten hadde Urett: det
var ikkje kristelegt.
Det var Harem-Tanken, meir og
mindre forklædd. I Ibsens ”Dukke-
hjem” finn me eit ”Mynster paa ein
god Ægtemann;” men denne same
Mynster-Ægtemannen er samstundes
eit Mynster paa ein ægte — Sultan.
For honom er Nora ikkje det minste
annat enn ein fager Fugl, som er skapt
til aa gleda hans Sultan-Hjarta.
Og Kvinna vart upplærd etter denne
Grunntanken. Ho fekk berre eit Livs-
maal: det aa kunna tekkjast Mannen.
Elder som ein oftare ser det uttrykt:
det aa kunna verta gift. At ho var
eit Menneske, at ho skulde vera nokot
for seg sjølv og hadde Rett og Skyld-
nad som sjølvstendigt Væsen, — det
lærde ho visst ikkje stort um; for det
stod i ”den kristelege Etti.” at Kvinna
tilmed ”forholdt sig til Gud” gjenom
Mannen, —
Kvinna vart upplærd til aa vera
yndig. Ho lærde Dans, Pianospil, Pyn-
tekunst og ”elskværdig Uvidenhed;” og
naar ho i seinare Tider fekk læra meir
— som framande Maal og annat
slikt —, so var det, fordi Mannen
sette større og større Krav til ”Lerke-
fuglen sin”, — ikkje fordi ho sjølv
hadde Bruk for aa vita elder kunna
nokot.
No skulde ein tru, at paa denne
Maaten maatte Mannen faa det just
som han vilde; paa denne Maaten
maatte Mannen verta fornøgd.
Men den, som trur det, tek syrgje-
leg i Mist.
Samstundes som dei lærde Kvinna
upp til aa vera ei Pyntedokka og ei
Giftedros utan Tanke paa annat enn
Stas og Fjas og Leik og Lyst, —
samstundes jamrad dei seg av Naudi
yver, at Kvinna var — det ho paa
den Maaten vart. Dei gjorde henne
til ei Pyntedokka og jamrad yver, at
ho var ei Pyntedokka. Dei gjorde henne
tankelaus og aalvorslaus og sjuk etter
Moro, og jamrad so yver, at ho ikkje
var forstandig, aalvorleg og paaliteleg.
Det var eit forunderlegt Narrekor.
Aldri hev Menn klagat med so god
Grunn og so liten Rett; aldri hev djup
og syrgjeleg Liding voret meir til aa
læ aat.
For det var sannt: Kvinna var ikkje
som Mannen maatte ynskja henne.
Der var gode Undantak; der er Kvin-
nur, som hev so god ein Natur, at
dei stend seg endaa mot den laakaste
Uppfostring; men 1 det heile og store
vart dei slik, at det berre vart so
maatelegt med den ”Gleda for Man-
nens Hjarta,” som skulde vera Maalet
og Meiningi.
Det fekk dei gode Herrarne kjenna,
naar dei hadde gift seg. For daa var
det Slutt med Leiken; daa kom Aal-
voret, — og Kvinna hadde ikkje lært
aa forstaa seg paa Livsens Aalvor.
Daa kom det ille med, at ho tenkte
meir paa nye Silkekjolar enn paa
Pengar til aa betala Silkekjolarne med;
daa kom det ille med, at ho likad seg
betre i Balisalen enn i den heimlege
Stova; daa kom det ille med, at ho
ikkje kunde Logikk og ikkje forstod
seg paa Grunnar; og det, at ho ingen-
ting visste, gjorde sitt til, at Mannen
altior ofta vart leid av Lerkefuglen
sin, som: var skapt og upplærd til aa
gleda Mannens Hjarta.
Og Ægteskapet vart eit Syrgjespel
i hundrad tusund Akter. Mannen gjekk
under, fordi Kona hans var som ho
var, og Kona var som ho var, fordi
Samfundet og Mannen hadde gjort
henne til det. —
Det kom so vidt, at Folk no mang-
ein Gong belst læt Giftingi vera. Dei
unge Mennerne veit, at det er reint
eit Hende, um dei fær ei Kvinna, som
dei kann koma utav det med, og Kvin-
nurne — dei veit, at det er mest raad-
laust. aa finna ein Mann, som vil hava
dei til annat enn til Lerkefuglar.
— Det nyttar ikkje, um den unge
Gjenta vert upplærd til ein god Kokk,
ein god Hushaldar, ja um det so var
til ein god Lærd, — so lengje Grunn-
tanken er den same gamle, at Kvinna
er til for andres Skuld, d. v.’s. at
ho ikkje er heilt ut Menneske; det er
den Grunntanken, som øydelegg henne,
— øydelegg fyrst Uppfostringi, og so
henne gjenom den; Kvinna maa, liksom
Mannen, fostrast nmied den Tanken, at
ho, ho sjølv, skal verta eit godt, ær-
legt og audsvarlegt Menneske, — ho
sjølv, utan Tanke paa Mannen, utan
Tanke paa Ægteskapet; — og 1 Sa-
manhbeng med det maa ho verta upp-
lærd slik, at ho, liksom Mannen, sjølv
kann livnæra seg, so ho ikkje er nøydd
til aa gifta seg for Levemaatens Skuld;
kjem den Tanken til Magt i Kvinne-
Uppfostringi, og so i heile Samfundet,
so er Grunnen lagd til betre Tilstand
1 ymse Maatar.
Det er den Tanken, som no seint
umsider held paa aa arbeida seg fram.
Meir og meir fær Kvinna Tilføre til
aa arbeida, og dermed kjem der meir
og meir Åalyor inn i Kvinnefostring1;
ho fær læra meir, og ho fær læra det
for si eigi dkuld, — ikkje for aa gjera
seg ”yndig” elder lokka Friarar med
det, men for aa bruka Kunnskapen
for Aalvor i Livsens Strid. Di meir
der kjem inn i Kvinneskulen av dette,
og di meir alle Utstillingstankar døyr
ut, di meir vil Kvinna arbeida seg
upp til aa verta eit aalvorlegt, and-
svarlegt’ og sedelegt Menneske, og der-
med vil alle hava vunnet og ingen tapt.
— Der er Tilføre til aa tenkja paa
desse Ting, og "der er Grunn for oss
til aa vera glade no, daa den fyrste
norske Kviuna hev brøytt seg Veg
heilt upp til Universitetet. Det maa
koma til det, at Kvinna hev full og
fri Rett til aa arbeida seg upp til det
høgste i Kunnskap og Utvikling, og
til aa taka alt det Arbeidet, ho viser
seg aa kunna magta. Gjenom sann men-
neskeleg Utvikling og ærlegt Arbeid
vil Kvinna meir og meir veksa av seg
sine Unotur fraa Lerkefugl-Tidi og
verta i full Meining ”Mannens Med-
hjelp.”
Kor mykje Samfundslivet vil vinna
ved dette, det kann ingen rekna ut.
Det vil skapa sunne, reine Ægteskap
og ein sterkare Moral gjenom heile
Samfundet; men alra mest vil det gjera
for Barne-Uppfostringi. Me veit alle,
kva det vil segja aa hava ei god,
sann, aalvorleg Kvinna til Mor, — og
det vil mange, mange fieire faa i Fram-
tidi, naar Kvinna hev vunnet sitt fulle
Verd og Andsvar som Menneske.
Mange trur, at Kvinna, naar ho
fær læra det same som Mannen, vil
kunna gjera store Verk elder hjelpa
megtigt til i Vitenskap, Kunst og annat
Aandsarbeid. Kann so vera; og det
vil i so Tilfelle koma væl med. Men
det vert no det minste. Av 100 Manns-
studentar vert kanskje 1 Vitenskaps-
mann; av 100 Kvinnestudentar vert
det ialfall ikkje fleire. Dei fleste vert
vanlege-upplyste Folk, duglege til van-
legt Samfundsarbeid og til vanleg Ten-
kjing og Lesning; men det skal me
og vera fornøgde med. Og liksom dei
fleste Mannsstudentarne gifter seg, so-
leis vil dei fleste Kvinnestudentarne
gifta seg; og der vil ikkje vera annan
Skilnad paa dei og dei andre, enn at
”Studentarne” hev større og djupare
Aandsdaning. Koka vil dei kunna
betre enn dei, som gjeng paa Karl
Johan elder sit paa Stasen, og huslege
vil dei verta likso mykje som dei, som
hev si meste Daning fraa Danseskulen.
Og skulde det gaa so galet, at ei av
desse gifte Kvinnestudentarne gav seg
til aa skriva Bøker, — naa, ein modig
Mann vil finna seg i det. Det var
altid betre for Hr. Hansen aa finna
Kona si ved Skrivebordet, enn aa vita
henne ute 1 Te-Slabberas; — det einaste
skulde vera, at ho skreiv so godt, at
Hr. Hansen vart heitande ”Mannen til
Fru Hansen!”
Det er so underlig bakvendt i Verdi:
naar ein trur aa stella seg fælt klokt,
gjeng det ofta reint galet; men naar
ein vinn seg yver til aa gjera Rett,
— so vinn ein stundom det, som ein
ikkje kunde vinna med all sin Klok-
skap.
Det løner seg aldri aa halda andre
Folk nede for sjølv aa kunna hava
Magti.
Mannen vilde vera Herre, og Kvinna
skulde berre vera til for hans Skuld.
Daa vart Kvinna ei daarleg Kona, og
Mannen hadde lite Gleda av Stasen.
Men ettersom han vinn seg yver til
aa gjeva Kvinna Rett jamt med seg
sjølv, so vil han snart finna, at han
sjølv hev vunnet paa dette.
Det var ei Tid Kvinna trudde, at
ho vart ”frigjord”, naar ho klædde seg
i Mannfolkklæde og røykte Tobakk,
Det var Barnesjukdomarne det, — lik-
som naar Mannfolki i Revolusjonstidi
trudde, at ingen var sann Demokrat,
utan han gjekk klædd som ein Slusk,
— elder som naar Smaaguten røykjer
Cigar for aa vera karsleg. So lengje
Kvinna dreiv sitt Fridomsstræv paa
den Maaten, so fekk ho finna seg i,
at Folk lo aat henne og heldt det
heile for Barneverk. No er den Tidi
ute, som væl er; Kvinna klæder seg i
sine eigne Klæde og prøver ikkje so
mykje paa aa gjera seg interessant
ved Tobakslugt. Difor ser Folk no
p JF
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>