Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fedraheimen.
————=> OED OD >—————
Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.
Betaling fyreaat.
Bit Blad aat det norske Folket
Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.
No. 41.
Kristiania den 14
de Oktober 1882.
6. Aarg.
IINR
John Bunyan.
(Etter Macaulay.)
(Framhald.)
Det er forvitnelegt aa sjaa, korleis
Hugen hans vart tekjen av den Skim-
en, han hadde set av Krigen og dens
Stas og Staak. Heilt til det siste likad
han aa taka sine Bilæte fraa Herstelle:
fraa Læger og Festningar, Kanonur,
Trompetar, Fredsflagg og Herhopar,
uppstellde under kvar sit Merkje.
”Storhjarta”, Kaptein ”Boanerges”, Kap-
tein ”Credence” o.a. er tydeleg Por-
træt, som han hev teikna etter dei
hermannlege Helgon, som slost og lae
ut Guds Ord i Parlamenthæren.
Nokre Maanadar etter snudde Bu-
nyan heimatt og gifte seg. Kona hadde
nokre gudelege Skyldfolk, og den ei-
naste Heimanfylgja, ho hadde, var
nokre gudelege Bøker. No vart han
fyllt med ei svær Uro. Hugsaar og
udana som han var, aatte han ingi
Motstandskraft mot den sjuklege Lesar-
skapen, som daa breidde seg yver
heile England. I alle utvortes Ting
vart han snart ein streng Farisæar.
Han møtte altid fram ved Bøne- og
”Talemøte. Fraa Leikanne sine reiv
han seg laus ein etter ein, men ikkje
atan mang ein tung Strid. Best som
han ein Dag stod og slog Ball, vart
han standande med Seltra i Handi og
stirde ende upp i Himmelen. Han
hadde høyrt ei Røyst, som spurde, um
han vilde leggje av Syndi si og gaa
fil Himmelen, hell um han vilde halde
ved med Syndi og gaa til Helvite; og
han hadde set eit gruselegt Anlit, som
kvesste Augo til han fraa Skyerne.
Han heldt upp med den forfælande
Udygdi aa ringje med Kyrkjeklokkurne;
men endaa ei Tid vaaga han aa gaa
til Taarne aa sjaa paa, med” dei andre
ringde. Men snart skaut det han i
Hugen, at Taarnet maatte falle ned
paa han, um han heldt paa med Syndi
si; og full av Rædsle rømde han fraa
den fordømde Staden. Aa halde upp
med Dansen paa Leikvollen var endaa
hardare; og det varde fleire Maanadar,
fyrr han fekk Magt til aa skiljast med
denne den kjæraste Syndi. Men daa
dette siste Offre var gjort, var han
lytefri, endaa um dei prøyde han med
«det strenge Maale aat den Tidi. Heile
Elstow tala um han som ein overlag
gudeleg Mann. Men hans eigen Hug
var likso uroleg no som fyrr. Daa
han ikkje hadde meir aa gjera i ut-
vortes Betring og likevel ikkje fann
Vederlag i Trui for den Ungdoms-
gleda, han hadde sagt fraa seg, so
IRER ERR
tok han til aa tru, at han meir enn
andre var forbanna; og han vart pint
med Tankedraumar av eit sovore Slag,
at det saag ut til aa maatte ende med,
at han vart galen elder drap seg.
Ein Gong sette han seg i Hovude,
at alle, som var av Jødeblod, skulde
verta frelste; og han vilde daa faa ut,
at han sjølv var av Jødeætt; men Far
hans vilde ikkje vera Jøde og tok snart
all Von fraa han i den Vegen.
Ein annan Gong sa han som so:
Dersom eg ikkje hev Tru, er eg for-
tapt; dersom eg hev Tru, kann eg
gjera Underverk.” Han vart freista
til aa ropa til Vatsdiplarne millom
Elstow og Bedford: ”Vert turre;” vart
dei det, so skulde han bergast.
So trudde han, at Naadens Dag
for Bedford og Landsbyarne ikring
var ute; at alle, som skulde bergast i
den Luten av England, alt var umvende,
og at han hadde tekje paa aa beda
og stræva nokre Maanadar for seint.
So vart han pint med Tvil, um
ikkje kanskje Turkarne hadde Rett
og dei kristne Urett. So vart han
uroa av ein halvgalen Lyst til aa beda
til Tre, Kosteskaft, elder til Sokne-
Uksen. Men endaa stod han berre
ved Inngangen til Daudens Skuggedal.
Snart vart det mykje verre. Forfæ-
lande Skapnader synte seg for han.
Forbanningar og Klagerop lydde for
Øyro hans. Han tykte Livsvegen hans
laag gjenom Illtev og Eld langs Ope
av den botnlause Avgrunn. Han vart
elt av ei sjuk Nyfikna etter aa faa
vita, kva det var for ei Synd, som
ikkje kunde tilgjevast, og av ein vill
Lyst til aa gjera den Syndi. Men
mest forfælande av alle dei Skap, som
Sjukdomen hans tok, var ei utøymeleg
Lyst til aa banne og segja ugudelege
Ting, iser aa fraåsegjå seg sin Lut i
Kristi Utløysing. Nott og Dag, 1
Sengi, ved Borde og ved Arbeide, totte
han, at vonde Aander tok uppatt og
uppatt, tett med Øyro hans: ”Sel han,
sel han.” Han slog etter Djevlarne,
han skauv dei fraa seg; men allstødt
var dei ved Sida hans. Han svara
dei og ropa, Gong etter Gong: ”Aldri,
aldri, ikkje for tusund Verder, ikkje
for tusund.” Tilsist, daa han var heilt-
upp uttrøytt av den lange Daudrædsla,
leet han dei usæle Ordi sleppe fraa
seg: ”Lat han gaa, um han vil.” No
vart det galnare enn nokon Gong. No
hadde han gjort det, som aldri kunde
tilgjevast. Han badde misst sin Lut
av det store Offere. Som Esau hadde
han selt Fyrstefødsleretten sin, og der
var ikkje lenger Tid til Anger. Han
AA
AS
hev skildra sine Lidingar med stor |
Styrke, med høgt og einfeldt Aalvor.
Han misunnte Dyri; han misunnte Stei-
narne i Gata og Taksteinarne paa Husi.
Han tykte Soli drog fraa han Ljose
og Vermen sin.
’Rædsla for Domen og Dauden fekk
han til aa skjelva heile Dagar paa
Rad, endaa han var sterkbygd og i
si beste Ungdomskraft. Han fann ut,
at Skjelvingi hans var det Teikne,
som Gud hadde sett paa Kain og paa
dei verste Syndarar. Den Uppøsingi,
han gjekk i, var so fæl, at tilslutt
Magen hans vart øydelagd. Han hadde
stundom so vondt, at han trudde han
skulde rivne sund liksom Judas, som
han heldt for Mynstere sitt.
Korkje dei Bøkerne, Bunyan las,
hell dei Raadgjevaranne, han hadde,
kunde hjelpa han i denne Naudi. Ei
ny Bok, han hadde fengje: Forteljingi
um Francis Spira og hans syrgjelege
Ende, var verre enn dei gamle; ein
gamall høgvyrd og gudeleg Mann, som
Sjuklingen spurde til Raads, gav eit
Svar, som lett kunde fengi syrgjelege
Fylgder: ”Eg er rædd, eg hev gjort
Syndi mot den heilage Aahd,” sa Bu-
nyan. ”Ja, eg er rædd, du hev so,”
svara den gamle Fanatikeren.
Endeleg letnad det. Skyerne rivna,
Ljose vart klaarare og klaarare, og
Eldsjæli, som hadde trutt, at han var
brennemerkt med Merkje aat den fyrste
Mordaren vg lagi til aa faa same
Enden som Storsvikaren, han fekk no
Fred, og ein glad Tillit til Guds Naade.
Men han var so mnervesliten, at det
gjekk Aar, fyrr han kom i Lag att.
Daa han hadde gjengji inn i eit Bap-
tist-Lag i Bedford og fyrste Gongen
fekk Lov til aa gaa til Alters der,
fekk han slik ein Hug til aa beda
vondt yver Brødranne, medan Kalken
gjekk fraa Haand til Haand, at han
var reint ille faren. Daa han ei Tid
hadde vori med i dette Samlage, tok
han til aa preike; og det vart veldige
Preikur. Ulærd var han; men han
tala og til ulærde Folk. Den strenge
Skulen, han hadde gjengi gjenom,
hadde gjevi han eit Kjennskap til alle
Slag av religiøst Tunglynde, som han
aldri kunde: ha fengje av Bøker; den
kraftige Aanden hans, gjenomglødd av
ein brennande Kjærleik til Gud, gav
han ikkje aaleine ei stor Magt yver
dei fatike og ulærde, men tvingad fram
ei halvt svivyrdande Undring fraa dei
lærde med. Likevæl varde det lenge,
fyrr han vart fri fraa den underlege
Hugen til aa koma med ugudelege og
stygge Ting fraa Preikestelen.
Men det eine vonde driv det andre
ut. Det ser ut til, at Bunyan endeleg
vart fri fraa den innvortes Sjukdomen
sin ved den kvasse Forfylgjingi utan-
fraa. Han hadde preika i fem Aar,
daa Kongedøme vart innført att, og
alle Herrar og Prestar paa Kongesida
soleids fekk Magt til aa tvinge og
tyngje dei sertruande heile Lande rundt;
og Bunyan vart kanhende verst med-
faren av alle. I November 1660 vart
han sett i Fangehuse i Bedford, og
der vart han sitjande i tolv Aar, berre
med stutte Millomrom av uviss og
halv Fridom. Forfylgjaranne hans
vilde tvinge av han ein Lovnad um,
at han ikkje skulde tale meir; men
han var stød paa, at Gud hadde valt
han ut til ein Rettferdslærar, og han
var fullbuga paa aa lyde Gud meir
enn Menn. Han maatte fram for fleire
Domstolar, vart lædd aat, høla fyre,
utskjellt og hota, men alt var faafengt.
Dei sae til han, at han gjorde Rett i
aa ikkje løyne burt Gaava si, men at
den verkelege Gaava hans var aa bøta
gamle Kjetlar. Dei lova aa sleppe han
strakst, um han vilde slutte med Prei-
kingi. Dei vara han, at um han
heldt paa med aa vera ulydig mot
Logi, so vilde han verta landlyst, og
at um dei daa fann han i England
etter ei viss Tid, so vilde han bli hengd.
Han svara: ”Um De slepper meg ut
idag, vil eg preike imorgo.” Aar etter
Aar laag han i eit Fangehol so fælt,
at det verste Fengsel i England no
er som ein Kongsgard imot det.
(Meir.)
Eit Vælstandshus.
(Fraa Politiretten i Paris.)
Etter Jules Moineauzx.
- ”Betre aa vekkja Qvund enn Ynk”,
segjer eit gamalt Ord, og det var
kanskje denne Sanningi, som gjorde,
at Savourin gjerne vilde gjelda for
ein halden Mann og ikkje brydde seg
um, at heile Grannelaget skulde hava
so god Greida paa Bui hans, som
Laanekontoret hadde. Kanskje det
attaat var for aa faa Dotter si sna-
rare gift.
”Gamle Savourin”, sagde Folk, ”naa,
han fer ikkje med store Ord, men han
hev Skillingarne; han er Dørvaktar i
eit godt Hus og sit dessutan all Dagen
og arbeider Sko; ikkje hev han nokot
Kvinnfolk til aa øydeleggja seg, for
han er Enkjemann; Son hans er komen
godt i Veg, han er Maalarsvein, og
Dotteri Athenais, ho driv og vaskar
for Folk; ho er ikkje nokot daarlegt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>