Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fedraheimen.
——>>OED ODO ————
Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt. Betaling fyreaat.
Eit Blad aat det norske Folket,
Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.
No. 45.
- Kristiania den 1lte November 1882.
6. Aarg.
SSI
Baktalings-Skule.
Lystspel i 5 Bolkar
af Richard Brinsley Sheridan
(fødd i Dublin Septb. 1751, daaen 7 Juli 1816.)
I Umskrift fraa Engelsk.
Tridje Møtet.
Eit Rom i Sir Peter Teazles Hus.
«(Sir Oliver Surface og Rowley koma inn).
Sir Oliver. Hahana! So, min
gamle Ven er gift? Ei! ei ung Kona
ifraa Landet. — Hahaha! Um han
so lengje heldt seg so gamal Sveinkall,
so skulde han daa sokkja seg ned som
gift Mann tilsist.
Rowley. Men du maa ikkje gjøna
med honom um den Saki, Sir Oliver,
d’er ein saar Verk, det kann eg sanna,
endaa han heve ikkje enno voret gift
Jenger enn sjau Maanader.
Sir Oliver. So heve han just i
eit halvt Aar fengjet lida Anger, som
han sjølv er Skuld i, den stakkars Pe-
ter. — Men du segjer, at h*n heve
heilt uppgjevet Karl og ser honom
aldri meir — kvat?
Rowley. Hans Vrangsyn um ho-
nom er fæl; og den heve aukat paa
seg av Åabrydskap imot honom og
Lady Teazle; og der eit skamlegt
Drøse-Samlag her i Grendi, som heve
fengjet honom paa dei Tankarne; dei
heve sett ut eit leidt Ord um Karl.
Men Sanningi er, etter som eg- trur,
at um Lady Teazle likar nokon av
deim, so er det Josef, Bror hans.
Sir Oliver. Ja, eg veit, at d’er
eit leidt Drøse-Lag, eit skamlaust Herk,
baade av Kar og Kvende, som driv
burt Tidi med aa rakka Folk til; og
dei vil setja leidt Ord ut um unge
Menne, fyr dei er komne til Skjels
Aar og Alder. Men eg let meg ikkje
setja upp imot Brorson min, det skal
eg lova for. Nei, nei; heve Karl ikkje
annorleids gjort nokot fals og fusk,
80 skal eg setja honom paa Føter att.
Rowley. So vil du vinna honom,
det kann eg standa inne for. 0, Sir
Oliver! det gjerer meg so inderleg
godt, at du ikkje heve vendt Hjartat
dit ifraa honom, og at denne Son av
min gode gamle Herre heve i det
minste ein Ven enno.
Sir Oliver. Kvat? Skulde eg hava
gløymt, Master Rowley, koss eg sjølv
var i hans Alder? Åa nei, korkje min
Bror hell eg var dei stadegaste Gutar
i vaar Ungdom; og likevæl trur eg, at
Personerne. Sir Peter Teazzle.
Surface. Sir Harry Bumper.
jamin Backbite.
Sir Oliver
Sir Ben-
Josef Surface. Karl
Surface. Careles. Snake. GCrabtree.
Rowley. Moses. Trip. Lady Teazzle.
Lady Sneerwell. Miss Candour. Maria.
du heve ikkje set mange betre Menn
enn din gamle Herre var. —
Rowley. Aa, naar eg tenkjer paa
det, so er eg viss paa, at Karl enno
vil gjera Æra paa Ætti. Men der
kjem Peter.
Sir Oliver. Ja, det gjerer han
sanneleg. Aanei, kor han er umbrigd!
Aa slikt eit gift Mans Lag! Ja ein
kann paa lang Leid sjaa det i And-
litet hans!
(Sir Peter Teazle kjem inn).
Sir Peter. Aa, Sir Oliver, min
gamle Ven! Vælkomen tusund Gonger
til Engeland att!
Sir Oliver. Takk, mange Takk;
Sir Peter, det gled meg i Sanning aa
finna deg so væl!
Sir Peter. Aa d’er lengje, sidan
me saag einannan. Det er vist fem-
tan Aar sidan, Sir Oliver, og det er
komet mang ei Sorg og Sut i den Tidi,
SirOliver. Ja,ja. Eg heve nog
havt min Lut av deim.. Men kvat? Du
er daa gift! Naa, det kann ikkje vera
annorleids, og eg ynskjer deg til Lukka
av fullt Hjarta.
Sir Peter. Takk, takk, Sir Ol-
ver! Javist er eg komen inn — i den
lukkelege Stand. — Men lat oss ikkje
tala um det no.
Sir Oliver. Det var rett, Sir Pe-
ter, gamle Vener maa ikkje tala um
sine Sorger, fyst dei møtast, nei, nei!
Rowley (ste til sir Oliver. Vara deg
no, Sir!
Sir Oliver. Væl! So er ein av
Brorsønerne mine slik ein Villstyring?
Sir Peter. Vill! aa min gamle
Ven! det gjerer meg illt, at du heve
fengjet so leide Tidender; han er eit
Ungmenne; men Bror hans gjerer alt
godt. Josef er eit Mynster av ein
god Ungdom; alle Folk i Verdi tala
godt um honom.
Sir Oliver. Det gjerer meg vondt
aa høyra. For so heve han for godt
eit Ry til aa vera ei ærleg Meneskja.
Alle tala godt um honom? So — daa
heve han bøygt seg like so djupt for
Skarvar og Kjeltringar, som for den
Vyrdnad, som kjem af Aand og Dygder.
Sir Peter. Kvat, Sir Oliver? La-
star du honom for, at han ikkje heve
gjort seg nokon til Uvener?
Sir Oliver. Ja, um han er værd
til aa fortena deim.
Sir Peter. Væl! du vil faa Vissa,
naar du lærer aa kjenna honom. Det
lyfter ein upp aa høyra, naar han
talar. Han held fast ved dei beste
Grunnsetningar.
Sir Oliver. Til Vegs med hans
Grunnsetningar! Tek han imot meg
RSA
med Preikor, so fær eg illt. Men du
maa ikkje mistaka deg med meg, so
at eg skulde tenkja paa aa forsvara
Karls Lyte. Men fyrr eg dømer um
deim, vil eg setja baae tvo paa ei
Prøva; og min Ven Rowley og eg hava
alt avtalt ein Maate aa laga det paa.
Rowley." Og Sir Peter skal nok
standa ved, at han heve teket imist.
Sir Peter. Eg vaagar Livet mit
paa Josefs Heidr.
Sir Oliver. Væl! Kom med ein
Butil med god Vin, so vil me drikka
Skaal for dei unge Gutar og fortelja
deg um vaart Fyremaal!
Sir Peter. Ja, godt og væl!
Sir Oliver. Og høyr so paa meg,
Sir Peter! Ver ikkje forstreng imot
vaar gamle Vens Son. Eg tek meg
det ikkje so nær, um han heve gjenget
litet utanfor Medelvegen. Eg kan for
min Lut ikkje lika for mykjet Klok-
skap hjaa den grøne Ungdomen. Den
er likesom ein Snikjevokstr um den
rette Vokstren; den skadar den i aa
gros (Dei ganga ut).
Tridje Bolken.
Fyste Møtet.
Eit Rom i Sir Peter Teazles Hus.
(Sir Peter Teazle, Sir Oliver Surface og Rowley koma inn).
Sir Peter. No væl! Lat oss fyst
faa fat paa den Mannen og drikka
Vinen vaar. Men min kjære Master
Rowley, eg skyner ikkje rett, kvat Med
de hava med Prøva dykkar.
Rowley. da, Sir, den Master
Stanley, som eg talade um, er nær-
skyld med Mor til Karl og Josef. Han
var ein Kaupmann i Dublin, men er
øydelagd ved mange uheppelege Um-
stødur, som. han ikkje var Skuld i.
Han heve skrivet baade til Josef og
Karl Surface um aa faa Hjelp. Av
Josef heve han fengjet berre undan-
bøygjande Svar og tome Lovnader um
Hjelp sidan; Karl heve derimot gjevet
honom alt han hadde att etter all
den Øydslingi si; og han strævar no
aa faa fat paa ein Pengesum so stor,
at han kunde lata den stakkars Stan-
ley faa ein Lut av den, endaa han
sjølv er so mykjet 1 Beit.
Sir Oliver. Jau, det er ein Son
til min Bror! :
Sir Peter. Væl, men kvat kann
Sir Oliver gjera ved det?
Rowley. Jau, eg vil fortelja Karl
ag Josef, at Stanley heve fengjet Til-
høve til aa koma hit aa faa tala med
sine Vener, og daa dei inkje hava set
Sir Oliver fyrr, so gjev han seg ut for
Stanley, og han fær daa paa ein god
Maate læra aa kjenna, kvat To d’er i
deim, og um dei hava ein god Vilje;
TT TATT RTR
EIET
og tru du meg, at du vil finna, at den
yngste Broren, midt i Armodsdomen
sin, heve, som Diktaren segjer, elt godt
Hjarta og ei Hand, som er opi som
Dagen til aa gjera Sælebot.
Sir Peter. Haha! Kvat kann ei
opi Hand og Pung segja, naar ein
ikkje heve Pengar i den? Men gjerer
de Prøva, som de vilja. Men kor er
den Mann, som kan fortelja Sir Oliver
um Karls Saker?
Rowley. Han er utanfor og ven-
tar paa Sir Olivers Paaleg, og ingjen
kann gjera betre Greida for dei Saker
enn han. Denne Mann, Sir Oliver, er
ein godviljug Jøde, som heve gjort
alt, som stend i hans Magt, for aa
læra Karl aa kjenna til Gagns sin År-
modsdom, — det er vist.
Sir Peter. Lat han koma inn!
Rowley di ein Tenar. Bed Moses
koma inn!
Sir Peter. Men koss kann du no
tru, at han vil segja sannt?
Rowley. Jau, eg heve yvertydt
honom um, at han heve ingji Von um
aa faa store Pengesummar, som han
heve laant til Karl, utan ved Sir Oli-
vers Hjelp, som han veit no er komen;
du kann difyr lita paa, at han for
si eigi Skuld segjer sannt. Eg heve
og eit annat Prov i Handi, ein Mann,
som heiter Snake, som eg heve grepet
i Svik, og som eg kann straks faa
fram, og det skal gjeva deg full Vissa.
Sir Peter. Eg heve høyrt for
mykjet um denne Saki.
Rowley. Her kjem vaar heider-
lege Israelit. (Moses kjem inn) Det er Sir
Oliver.
Sir Oliver. Eg høyrer, at du i *
den siste Tidi heve havt mange Forret-
ningar med Karl, Brorson min.
Moses. Ja, eg heve gjort alt,
som stod i mi Magt; men han var alt
øydelagd, fyrr han søkte Hjelp hjaa
meg.
Sir Oliver. Det var ille. Du
hadde soleids ikkje Tilhøve aa visa
din Vælvillje.
Moses. Nei, slet ikkje. Eg var
ikkje so heppen. at eg hadde lært aa
kjenna honom, fyrr han hadde fleire
tusund Punds Skulder.
Sir Oliver. Det var rett ulukke-
legt; men eg trur visst, at du heve
gjort alt for honom, som stod i di
Magt, min ærlege Moses?
Moses. Ja, det veit han ogso sjølv;
enno i Kveld skulde eg sent hit ein
Storkar ifraa Staden, som ikkje kjen-
ner honom, men som eg trur vilde lata.
han faa noko Pengar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>