Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
|
|
b
Fr
192
Fedraheimen.
2dre Desember 1882.
ny ånd inn, som tok burt fleirgifte,
og når alle fyrr tenkte, at mennesket
var iil for staten si skuld, so såg no
kvar og ein, at staten er til for men-
nesket si skuld. No gekk det upp for
alle, som trudde på Kristus, at Gud
styrer alt i denne verdi, og at alt lyt
tena dei til godes, som elskar han, og
at inke nokot sker utan hans vilje, at
han held utviklingstråden i si hand,
so han kunn-ger sin vilje i heile hei-
mens soga, kor dunkel ho ofta er oss,
og kor langt enn hans veger mun
vera frå våre veger, at han såamstun-
des er i og utum, i og yver det heile
menneskeliv og alle menneskelige for-
hold, og leider alt i rettferd og vis-
dom. I dette ljos frå Guds evange-
lium veit ein kristen at finna seg til-
rettes i medgang og motgang, i gleda
og sorg, tilsjøs og tillands, på alle
stader, i alle land, blandt alle folk, i
alle samfund, under alle statsformer,
i alle stillingar i livet. I dette ljos
vandrar ein kristen som ein framand
på jordi, og likevæl med syn på, ka
det jordiske har at tyda, og med takk
til Gud for dei timelege gåvor, for det
daglege brød, for heill og lykka og
framgang og helsa og velvær, for gode
borgarlege lovar og ordningar, for ei
god og vitug styremagt. Han bér um
desse Ting og arbeider for at få dei
og ha at dela med andre, og er altid
med på at hjelpa dei, som er i naud
og trong.
Vil nokon spyrja meg, ka stats-
form ein kristen skal arbeida for, so
vil eg svara: Derum er ikke nokot
sagt i den heilage skrift, derum talar
ikke Kristus, ikke hans apostlar. Ka
Gud talar genom si styring, fær ein
krisen finna ut for seg sjølv, so gott
han kann, og so fylgja si beste yver-
tyding. Men spør nokon, um ikke ein
kristen er nøydd etter Guds ord til at
arbeida for ”det beståande”, då er
svaret nei. Det beståande i staten er
berre i so måte Guds vilje, som han
styrer alt, men kann nokon på ein kri-
steleg forsvarleg måte tå nokot betre
fram, so er det ikke Gud imot, det
kann vi vera viss på. Skulde vi ikke
ha lov til at arbeide for det, som etter
vor beste yvertyding er rett og gott
og sannt og. det, som talast vel um,
ogso for det, som vi tykker er ei for-
betring av det beståande i Staten, då
måtte vi la alt arbeid liggja og ikke
ta vår hand i nokonting. Difor skal
vi ikke døma vår broder for politikken
si skuld, likso lite som me skal døma
han i mat og drikka. Når der er ein
politisk strid um statsformi, so lat oss
ta det parti, vi synest best kann for-
svarast for Gud og vårt samvit, og
lat oss ikke gera ein rein politisk strid
til ein religionsstrid og ikke fylla lan-
det upp med dømesjuke!
Amerikabrev.
Eldora, Jowa, 30te Okt. 1882.
Til Fedraheimen. Der er helder
faae norske i denne Parten av Landet;
men lenger sud og vest er der heile
Bygder. I Sumar var eg dernede paa
Vitjing. Landet der er godt, nokot
av det finaste 1 Jowa, og Farmararne
hev Æra av Gardarne sine. Husi aat
desse norske Gardmennerne er jamnast
betre en dei amerikanske; some er
bygde paa norsk Vis av sterke Timber-
stokkar. Dersom Byen Grinnell, som
vart so ille medfaren av den fæle Or-
kanen her i Sumar, hadde voret bygd
paa den Maaten, so hadde der inkje
vortet fullt so mange Hus slegne til
Kveikjeved, som der vart. Folk der-
nede er Republikanarar og varme Maal-
vener. ”Fedrah.” er godt likad, helst
fyr Maalet si Skuld, og vilde vera betre
likad, dersom det hadde meir religiøst
Innhald. Andre liberale norske Blad
vert og haldne.
Her i Eldora er det livande i alle
Kræer. Dei held paa aa byggja ein
ny Jarnveg, og det gjeng, so det du-
nar. Ikring 100 Hestar og liksomange
Mann arbeider paa han. Eldora er
ein liten By (med ikr. 1800 Inbuarar),
men ein god Forretningsplass. Dei
byggjer nye Hus og Kraambuder og
vølar upp gamle allstødt. Skulehuset
er ein stor Mursteinsbygning paa tvo
Høgder. Alle kann ganga fritt der,
som er under 21 Aar. Dei lægre
Klassar brukar inkje Bøker, men Læ-
raren syner dei paa ymse Maatar
Grunnlagi til dei Vitenskapsgreiner,
som dei seinare fær læra um 1 Bøker.
Tilmed hev dei Teikning og Hand-
arbeid. Det er annat en den Pug-
lesingi, som Born i Noreg maa talmast
med, naar dei er 7—8 Aar elder kan-
skje yngre.
Amerikanaren veit, at eit Barn lærer
av dei Inntrykk det fær, naar det er
litet, og desse Inntrykk avgjer, kva
det skal verta, naar det veks upp.
Aa setja eit Barn til aa læra Pontop-
pidan elder annat dilikt utanaat vilde
gjera meir vondt en godt; altso byrjar
han aa læra det Ting, som ligg det
nærmare, og lærer det paa den Maaten
som det skynar best og som er mest
naturleg fyr det. Han legg eit prak-
tisk Grunnlag fyr eit praktisk nyttigt
Liv i det, og det paa slik ein Maate,
at dets eigi Tankekraft vert utviklad
og det sjølv meir sjølvstendigt og fritt.
Slik som Skulen er stellt i Norig,
kann han ikkje gjera det han skal, og
minst kann han dette i Trui. Etter
ei Upplæring, daa Borni kvar Dag hev
høyrt Skulehuset ljoma av Trugingar
um Guds Straff og Forbanning og hev
fengjet Hovudet fyldt med Bøker og
Leksur ut og inn, vil det ikkje vera aa
undrast paa, um dei ikkje likar korkje
Skule elder Kyrkja og er reint like
sæle um Trui og dei Ting. Slikt torer
dei no hellest ikkje vera ved, og so
hyklar dei og lærer seg upp til aa
ljuga, samstundes skjelvande av Rædsla
yver si eigi Vantru og Hykling.
Eg hugsar, at daa eg gjekk fyr
Presten, møttest Gutar og Gjentur al-
tid paa ein Gong, men daa me kom
til det 6te Bodet, maatte me møtast
paa serskilde Dagar for aa høyra dette
Bodet utlagt. Dette er ein av dei
Ting, som syner oss, kor unaturligt
heile Stellet er, og kor lite der er
tenkt paa aa gjera Skulen høveleg for
Born. Kvat Gagn er der i Forklaringi
og i alle desse andre ”Lærebøkerne”,
slik som dei er og vert brukte no?
Her i Amerika hev me inkje nokot av
dette i Skularne, og dei Sambundne
Statarne er framum mest heile Verdi
i Sivilisasjon. Og det er langt ifraa,
at me er religionslause. Tvertimot.
T denne litle Byen hev me ikr. 7 Kyr-
kjur, og kvar Sundag er der — um-
framt Tenesta — Sundagsskuler i alle
Kjyrkjurne, der kven som vil kann
ganga, men ingjen er nøydd, og i
Sundagsskulen er det, at Borni lærer
um Bibelen og Trui. Og dei lærer meir
paa den Maaten, ved aa høyra det for-
talt og utlagt fyr dei, en nokon kunde
læra ved aa pugga i seg Stykkje for
Stykkje av lange Bøker. Dei norske
Amtsskularne og andre slike Tilski-
pingar er store Framsteg, og eg vonar,
at det norske Folket vil stydja dei av
si beste Magt, og so snart som Raad
er innføra meir liberale Aalmugskular
med større Syn fyr aalmenneleg Upp-
lysning. :
Norig maa hava betre Landsskular
og meir Upplysning; det er paa den
Leidi, Storthingets Arbeid ligg fyr
Framtidi. Å.
arms ane mme)
Presten og Bispen.
(Av John Lie.)
Det var ein fristnna Prest eigaang,
Og slike er vande aa finna,
Dei mange, disverre, hev den fagon,
At Herre-Gunst helst vil dei vinna.
Um Folksens Rett denne Presten preika:
Eit Folk bør ”ki vera ei Konge-Leika.
Men dette var inki Bispen tilpass:
Og no ska daa Bann-Straala brenna!
Han klædde seg ut i sin Bispe-Stas:
No ska daa den Presten faa kjenna!
Aa, bare ei Bann-Straale! Lite bo svider;
Ha de vore paa Torqvemadas’s Tider!
Kristiania, den lste Detbr.
«En Folkefiende” av Henrik Ibsen er
eit Forsvar for Minoriteten. ”Minorite-
ten har altid Ret, Majoriteten har altid
Uret!” er ein av Grunntankarne i Boki.
Er det Bakstrævar-faatalet, som ”al-
tid hev Rett?”. Aa nei. ”De ledendé
Mænd, Bfterliggerne, alle disse Gamlin-
ger fra en hendøende Tankeverden, de
besørger saa ypperligt sig selv taget af
Dage; der behøves ingen Doktors Hjælp
til at paaskynde deres dødelige Afgang;”
— ”jeg gider ikke spilde et Ord paa
den lille trangbrystede, stakaandede Flok,
som ligger agterud; med dem har det
pulserende Liv ikke længer noget at
bestille,” — segjer Doktor Stockmann,
Kva er
det daa for eit Faatal, som altid hev
Rett? Jau, det er ”de faa, de enkelte
iblandt os, som har tilegnet sig alle de
unge, fremspirende Sandheder,” — ”disse
Mænd, som staar ligesom ude mellem
som er Hovudmannen i Boki.
Forposterne . . . og der kjæmper for
Sandheder, som endnu er for nybaarne
i Bevidsthedens Verden til at ha faat
noget Flertal for sig.”
Men Fleirtalet — det vil segja den
store, aalmenne Mengdi — Fleirtalet
hev altid Urett, fordi det liver paa
Tankar, som var sanne i vaare Beste-
fedrars Tid, men som no er so gamle,
at dei er ”paa gode Veie til at bli Løgn.”
Dr. som kjem fram
med desse Tankarne, vert mnaturlegvis
lyst ”Folkefiende” av det store ”kom-
pakte” Fleirtalet, som gjeng og innbiller
seg, at det er ”liberalt”. Men han læt
seg ikkje skræma; og tilslutt, daa alle
Stockmann,
forlæt han, finn han ut, at no er han
den sterkaste Mannen i heile Samfun-
det —: ”den stærkeste Mand i Verden
er han, som staar mest alene.”
Der kann visst vera mangt aa segja
um Doktor Stockmann. Men ein Ting
vil alle, som les Boki, læra: aa hats
alt personlegt Fusk, all Ræddskap, all
Tinging med sin eigne Meiningar.
Øver dei seg? Prøver dei seg, kor
langt dei kann gaa? —
Stortinget hev fastsett, at Jarnvegs-
styret skal skipast paa ein ny Maate.
Denne Storthingsavgjerdi hev tri Postar.
No kjem Regjeringi og segjer: Ja, dei
tvo av desse Postarne skal gjelda; men
den den tridje skal ”tkke tages til Følge”.
Det vil segja: so og so vil Stor-
thinget ha det; men so og so vil me
ha det, og som me vil ha det, so skal
det vera.
9Storthingsavgjerdi vert umstelt, um-
gjord; dei tek, det dei likar, og stryk,
det dei ikkje likar; det er som dei vilde
gjerast paa aa visa, at dei gjer som dei
vil og gjev Folket og Storthinget ein
god Dag.
"++ Statskup, hvorved Storthingets
Beslutninger aabenbart tilsidesættes” . . .
skreiv gamle Markus Monrad.
— Øyer dei seg? Prøver dei seg,
kor langt dei kann gaa?
Stortingsval. I Risør er uppattvalde
til Tingmann Apotekar S. H. L. Hille
og Varamann Sakførar H. Torp.
I Kristiania Arbeidarsamfund var der
Val um Sundagen. Høgre møtte ikkje
fram denne Gongen, so det godtsom
berre var Vinstrefolk, som fekk Røyster.
Hølaas er sidan uppattvald til Formanu.
Lysingar.
Qvams Skole.
er tilflyttet den forhenværende Mariboga-
dens Skoles Lokale, Maribogaden No. 11.
Alle Middelskolens Klasser er i Virksomhed,
ligesaa det etaarige Middelskolekursus for
ældre paa Latin- og Engelsklinjen, Latin-
gymnasiets Iste Klasse og begge Realgym-
AEG Klasser. Flere Elever kan nu mod-
ages.
Santalen*,
udgivet af Santaikomitéen i Kristiania og
redigeret af Skolebestyrer B. Pauss, udgaar
fra Nytaar i maanedlige Hefter paa 16 Sider
i almindeligt Bogformat. Bladet vil inde-
holde Meddelelser om Missionsarbeidet i
Santålistan ved Missionærerne Skrefsrud og
Børresen. Et af de første Hefter vil ledsa-
ges af et større Kort over Santalistan med
tilgrændsende Distrikter. Bladet koster I
Kr. aarlig og kan rekvireres paa samtlige
Postanstalter i Riget og hos Fkspeditøren,
E.C. Bjørnstad, Toldbodgaden 40, Kristiania.
NB. Der vil ikke blive udleveret noget Blad
fra Ekspd., førend Forskudsbetalingen
er erlagt. (N. 580141).
åt skule og
Norske Songar += so)
Å få hjå ut-
gjevaren, I. Bøhn (held hjå M. Skard),
Foldbu, Gubrandsdalen. Pris 10 ø. +
8 postpng.; 10 for 80 ø. + 10 og 26
for 1.85 -+ 15; gjerna i frimerkje.
Staali Storli
in Kr. 3.00 i Posten Kr. 3.20. Til-
John Lie, salgs i Bogladerne og i
Nikolai Olsens Trykkeri,
Torvgaden 5 b.
ors 255
En Fortelling fra
Telemarken af
Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>