Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
=—m
206
Fedraheimen.
30te Desember 1882.
som ho hadde paa Livsvegen gjenom
- Verdi; det er som ho sig og søkk,
men daa sprett Knupparne — ho skal
flytja.
Brudlaups, og ikkje som ho skulde
kastast fyr Dyri. Alt var freistat med
henne: Svipa, Dyri, den glodheite Sto-
len, daa vart ho sveipt i eit Garn og
kastad fyr ein vill Ukse, som kastad
henne att og fram med Horni ei Stund.
Endeleg vart Heidningarne leide og
avlivad henne. Men det maatte dei
sanna: aldri hadde ei Heidningkvinna
stadet ut sovoret.
Raaskapen hadde ikkje gjort ifraa
seg endaa. Han var so kaat, at han
ikkje kunde lata Liki vera i Fred
eingong. ”Den, som gjerer Uskil, skal
halda fram, og den rettferdige skal
halda paa og vera rettferdig,” stend
det i Spaadomsboki. Dei, som hadde
gjenget til i Fangehusi,. vart kastade
fyre Hundarne. Ingen skulde faa jorda
Liki, og difyr vart det haldet Vakt
baade Natt og Dag. Det Dyri og
Elden hadde leivt, kastad dei ut, sun-
derslitet og svidet, som det var. Ho-
vud og Kroppar laag i kring, og Her-
menn stod og vaktad paa dei. Mange
bar seg fælt aat med Leivningarne
etter Sanningsvitni. Sume flirde og
gjorde seg til av Gudarne sine, dei
hadde fulla hemnt seg godt no. Dei,
som lest hava meir Vit, riste paa Ho-
vudet og sagde: ”kvar er no Guden
deira, og kvat Hjelp hadde dei no av
Trui si, som dei heldt gjævare enn
sitt eiget Liv?” Men dei kristne var
. reint illa farne, daa dei ikkje kunde
faa sine Vener til Jordar. Dei kunde
ingenting gjera, vaktad gjorde Heid-
ningarne, Pengar hjelpte inkje, ikkje
Bøner helder. Daa Liki hadde legjet
soleids 1 6 Dagar, vart dei brende til
Oska. Denne kastad dei ut i Rohneaai,
Dei bar seg aat, som kunde dei raada
med Gud og gjera det umogelegt, at
Sanningsvitni stod uppatter. Dei vonad,
at dei skulde standa upp og liva med
sin Kristus; no vilde Heidningarne
sjaa, um Han kunde finna dei.
Eusebius heve endaa eit litet Stykki
av Brevet til Brøderne.,i Asia, og det
syner oss, kor gjævt Vitnenamnet var.
Kristne, som hadde lidet fyr Trui,
vart helsade med Vitnenamnet av dei
andre. Det vilde dei ikkje paa nokot
Sett elder Vis vita av, fyrr dei hadde
- døytt fyr Kristi Skuld. Og mange av
desse hadde alt gjenget gjenom alle
Pinslurne. Vitnenamnet skulde helst
Kristus hava, sagde dei, Han, det tru-
faste Sanningsvitne, Nyaaringen av dei
daane, Fyremannen fyr Livet i Gud,
Og Vitne med Honom var dei, som
ved Naaden hadde gjenget sæle her-
ifraa med Hans Merkje paa sitt Vitne-
liv. MedGraat i Augo bad dei sjølve,
at Brøderne maatte beda fyr dei, at
dei kunde faa ein god Ende og verta
Kristi sanne Vitné.
Kva drygjer dei etter!
Kvi gjeng dei inkje? Sein maa den
norske Styringi vera til aa tenkja og
endaa seinare i Gjerafare.
No stend dei ventar so mange tu-
sund Mann. Dei hev sagt sin Vilje,
: |
Det var, som ho var bedi til
ein skulde tru, ho maatte hava høyrt
det, ho au, gjenom aldri so digre Murar;
dei hev sagt sin Vilje, dei vil ikkje
dragast lenger med Einvisdomen, dei
vil vera med sjølve i Leiken no; og
daa maa ho gaa sin Veg.
Ho maa vera baate dauv og blind
og fotklein au, sia ho ikkje veit aa
finna Vegen no; for der er berre ein,
og det er der, det er Utgang fraa
det heile.
Ho kann gaa, og ho fær Takk, og
ho fær Pengar med seg. Men ho hev
ikkje røyvt paa seg endaa.
Tru ho hev trutna fast i Stolom?
Er ho dum, hell er ho vond, hell
er det nokon, som kann finna ut noko
anna, som ho kunde vera? For vondt
gjer det aa tenkja seg anten det skal
vera det eine hell andre av dette.
For skulde det vera Vondskap, daa
maatte det vera ein Vondskap so diger
og djerv, at inkje noko ærlegt Menne-
skje kunde tenkja slikt.
Og skulde det vera Dumskap, daa
maatte det au vera ein Dumskap so
diger og fæl, at ein laut grysja, naar
ein skulde tenkja paa, at slike Folk
hev me hayvt til aa styra no i mange Aar.
Skulde nokon kunna vera so vond,
at han kunde hava Mot og Vilje til
aa setja seg beint i Vegen for eit heilt
Folk og sjaa det traassugt upp i Au-
gom, her me kjem strævande endeleg
uppfor Bakkjen slitne og trøytte av
Armod og Traang, men med Voner um
betre Framtid, denne store Mugen,
som gjekk her i Raaskap og Ukunna,
i Trykk og ymis Vesaldom; men no
hev dei fengi Mot, dei hev fengi Ar-
beidshug, dei vil upp og fram, og so
berre møta nokre kald-kloke Augo og
eit hæst, vondt Maal, som skjeller.
Drag Dykk burt Gutar, kome ikkje
hit, for her sit me, og me vil hava
Fred.
Hu nei.
Og skulde ein tenkja seg Dumskap
slik, at nokon kunde meina, at Folket
vilde gjeva upp att den Domen, som
det hev sagt no, Aar etter Aar, vissare
og vissare, og no endeleg i Sumar med
full Klem?
Skulde denne Domen berre vera
ein Vindpust, som hev lagt seg um
tri Aar? Er det nokon, som vaagar
aa segja slikt, so maa han smila med
seg sjølv yver, at Folk kann vilja høyra
etter slikt — naar han tenkjer paa,
kor seint Folket vaart er til aa faa
Meining um ein Ting; og so skal denne
politiske Meiningi, som hev haldi paa
ti tjuge Aar og meir for aa faa røtt
seg, den skal velta um att so braatt!
Og naar han tenkjer paa desse
Milionar, kann eg væl segja, med Kru-
nur og alle desse Herar og Leigemenn
allt ifraa Grosseraren og til Husmanns-
sonen, som iaar hev vorti bruka, og
det hev alt ikkje hjelpt det Slag.
Kva hev han so aa bjoda til sia?
Ingen Ting, som er ufreista, uta
Uppreist, Kulur og Spjot, og inkje
kunde det hell nytta, fyrr vilde Folk
falla, so langt det rakk.
Men her er Naud no i Lande.
Kva hjelp det hava godt Aar paa
deune Maaten, endaa me takkar Gud
for det.
Nei fyrr vilde me svelta med Fred
og Fridom. Tru ho daa ikkje ser hell
høyrer nokon Ting?
Det var ikkje for myki aa venta
iallfall, at dei lagad deg slik, at dei
fekk røyna, koss det retteleg var
med oss.
”Ja, ja, ja, hvorfor steller I dere
slik; her sidder vi, vi kan ikke andet,
vor Mening er urokkelig !”
Me stella oss slik!
Korleids daa skulde me det gjera.
Myki kunde me gjera, og mangt kunde
me ofra for oss sjølve, for Fred og
Ro, men for vaare Bonn, for den Ætt,
som etter kjem — aa ofra Fridom no
for Fred, det vart for dyrt eit Offer,
naar me skulde tenkja paa, at dei
kom til aa banna oss i vaar Grav.
Gjev det var eit Flogvit i Kongens
Raa, nei gjev det berre var ein vitug
Mann, som kunde sansa som eit anna
Menneskje, som kunde visa seg og
segja: Dette gjeng galet, lat oss gaa
herifraa!
Dei skulde faa gaa i Fred, me
skulde gjeva dei Pelsar med Forverk
med paa Vegen; dei skulde sleppa aa
frjosa! —
PRE TERS
Um Aandsfridom
skreiv ”Dølen” i 1868:
”— Ja, du kan tru her gjeng
Fissletutar og Rovediltarar. Ein av
desse var jamvel so tenestvillig her i
Vaar, at han, og det paa en lærd
Skule, talad i den Tanken, at her ikkje
vardt Skikk paa Stellet vaart her,
før Storthinget vardt afskaffad, eller
og at her kom Hjelp imot dette Bonde-
væsen fraa Svensken eller Dansken,
Dette legg eg ellers mindre Lag paa,
for Mannen er paa ein vis Maate util-
reikneleg; og so var det i den Tid at
Morgenbladet talad om ”raabarkede
Bønder”. Det var usæle Dagar for
Partiet, og den sorg- og harmfulle
Mannen skal du ikke taka det so saart
med. Men det visar likevel eit Slags
Luftdrag, liksom naar det mindste
Straaet bøygjer seg; og den Ting at
slike Folk faa Embæt og ikke verdt
førde paa Daarekista, det er og verdt
aa merkja seg.
Det er paa denne Maaten det gjeng
til, at heile Folk og Mannsaldrar kunna
læras upp til aa bli svinebundne. Det
er ikke berre med denne og hin Rove-
diltaren og Fissletuten, som det gjeng
slikt; nei det kan vera Folk som eg
og du og alle hine. Det er reint
skrøpeleg med dette. Det er tidt so
jamvel ikkje eg vaagar meg til at tenkja,
men spør meg liksom Jeppe: ”Er det
eg, eller er det ikkje eg?” Den gamle
Fritenkjaren er som vengskoten. Desse
Fissletutar gjera det nemlig og til
Synd at setja seg up mot ”Autoriteten”.
Det er ”umoralsk”, segja dei og ”sam-
vittighedsløst?”, og ingen god Borger
kan undergrave den.” Det er den
gamle Læra upp av Dage.
Ja, her seer ut! Du er bunden med
Baand lik den gamle Fenrisulven, usyn-
lige og umogelege, men derfor uslitande,
Kattefotsdøn, Bergrøter, Fuglemjolk,
Kvendeskjegg, alt slikt seidad og
spunnet ihop.
Det er det underlege med det, at
naar du ikkje kan tala fritt, so kan
du heller ikke tenkja fritt. Der kjem
liksom ein Trælevane i deg, so det
snart ikkje fell deg in at tenkja annat
en det, du kan tala. Det kunde so
lett sleppa utom Tanngarden din, og
so verdt du rædd for den farlige Tan-
ken in i Huset dit, og derfor jagar du
den ut. Han kunde taka fraa deg
Maten din og reint sprengja deg til
Ve’rs. som Nitroglycerin. Det verste
ved Trældomen er derfor, at den tanke-
gjelder Folk, so det heile Buslaget
verdt uført til eit fritt Tankeliv.
Du seer paa Grannen din, og han
seer paa deg. Det er so du kan bli
ør og galen. Er du kvit, er det galet.
Er du svart, er det endaa verre. Og
daa du ikke veit hokke Fot du skal
staa paa, so stend du som Wessel
sagde paa baade tvo. —
Dei Norske hava gjort seg til av
det, at dei er eit fritalande Folk. Men
naar Retten til aa tala og tenkja fritt
skal hanga i Pungereima, som ein Mann
ved Jernbanen sagde, daa han vardt
”suspenderad” for si nokot frie men
retferdige Tale, ja daa varer det ikkje
lenge, før det verdt Ende paa denne
Nationaldygd. Du kan ikke krevja av
vanlige Folk med Familie, at dei skulle
gjera seg og sine ulykkelege for det
gode gamle Mannskapstak at tala heilt
og heklad ut. Naar det er so, at den
fyrste den beste vanlige Tollmannen
eller ein annan Qverordnad skal kunna
avsetja ein Mann under seg, som tenker
og talar fritt om si Teneste og sine
Gjøremaal i den Grein, so neimen om
det verdt stort atter af den frie norske
Mann ei Stund heretter.”
— Kanskje Dølen hadde litt Rett
’1 sumt av dette?
apen
Kristtamia, den 29de Desbr.
Det ser meir fredelegt ut no en fyre
Jol. Det var nok berre Vas, at Rus-
land og Tyskland skulde vera Uvener,
Kong Oskar hev vorte so fælt gode
Vener med Tyrken. Den 15 Novbr.
sende han 10 høge svenske Ordener til
store Tyrkar, og so hev tvo av Sønerne
hans fengje den høgste tyrkiske Orden
(Kongen og Krunprinsen havde den
fyrr), og fleire store Svenskar hev og
fengje høge tyrkiske Ordenar.
Til Lesaren.
Hermed segjer eg Takk for
meg som Bladstyrar.
Dei, som 1 desse Aari hev
fylgt ,, Fedraheimen* med ærleg
Vilje og god Hjelp, skal hava
so mange Takk. Dei maa
fylgja Bladet vidare.
Arne Garborg.
Qvams Skole.
er tilflyttet den forhenværende Mariboga-
dens Skoles Lokale, Maribogaden No. 11.
Alle Middelskolens Klasser er i Virksomhed,
ligesaa det etaarige Middelskolekursus for,
ældre paa Latin- og Engelsklinjen, Latin-
gymnasiets 1ste Klasse og begge Realgym-
nasiets Klasser. Flere Elever kan nu mod-
tages.
EEE
Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>