- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
132

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Tjodolv Arnorsson.

Medan Arnor Jarlaskald var av dei skaldar som
berre gjorde gjesteferdir til Noreg, var Tjodolv derimot
fastbuande her, baade i Magnus den gode og Harald
Hardraade si tid, og de heilt til slutt. Me veit at
han var med Harald til England, og hev nokre vers
etter honom derifraa; men truleg er han fallin der,
med di me ikkje høyrer noko meir til honom etter
den tid.

Endaa han hadde ein bror, Bolverk, som Og var
skald hjaa Harald, veit me ikkje anna um ætti deira
enn farsnamne og bygdi dei var ifraa paa Island, og
so de me fær vita av Tjodolvs ordstrid med hans
sambygding, skalden og gjønemakaren Halle. Etter
dette ser de ut til han var vaksin upp i smaa kaar;
men Tjodolv var no ikkje mindre gjæv mann og skald
for de, I de stykke, som i de meste anna, stend han
millom dei fremste av skaldane, til aa halde tonen heilt
igjenom vyrdeleg og høg. Difor er han og av dei
skaldane som de er etterleivt mest etter, og som de er
gjort mest bruk av; soleis baade i Heimskringla og i

norre-Edda, — so de var ikkje berre Harald
Hardraade som rekna honom for ein „hovudskald“, kann
ein sjaa.

I motsetning til Arnor, som her i lande kvèd mest
berre um de han hev „frett“, kann Tjodolv tala av
sjølvsyn, med di han hev vori med i alle dei herferdir
og slag som kongane Magnus og Harald heldt, fraa so
tidleg som slage ved Aaros. Hans kvad hev soleis

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free