Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
36-
BONDESTUDENTAR
gaa og spenne paa Gata sat han paa det tronge Kote
sitt hjaa Hans Nerstad og las, og hadde det berre
smaatt. Ein gamall Trestol med fire Føtar attmed eit
gamalt skralt Kjøkenbord, det var heile Stasen; og paa
Veggen hekk Karl Johan med ei uhorveleg lang Nos
og stirde mot Døri med sure Augo. Og det som verre
var: han totte ikkje sjølve Byen var so gild som han
hadde tenkt. Det var i Haustbløyta; og Regne var
likso surt og Søyla likso blaut som heime. Dei kvite
Husi stod skitne og gorute av Kolrøyk og Væte og
var ikkje det Grand paradisiske.
Ein annan Ting var Daniel ikkje mindre leid for:
Byklædi hans var ikkje som dei skulde vera. Naar
han kom i Lag med dei andre Gutane, saag han sjølv
at han var Bondetamp. Seint og vrangt gjekk det med
aa skifte Maal au. Det kom seg av, at han budde
hjaa Hans Nerstad. Han hadde det elles godt der;
Maten fekk han vel stelt; og naar han ikkje las, kunde
han vera ned-i den logne, stille Stogo, der Kona sat og
sauma heile Ettermiddagen; eller han kunde gaa ned
i Krambudi og høyre paa Bykjeringane, som var innum
og handla for 1 i Saape og 1/g i Stivelse og fortalde
Bynytt, eller paa Bøndane, som kom inn fraa Lande
med Jordeple og Smør og tok Kaffi og Tobak i Staden.
Men Hans Nerstad hadde vori Bonde. Han hadde
aatt ein god og nokolunde stor Gard, som Far hans
hadde arbeidt upp; og han hadde ervt Pengar attpaa.
Men dette Velstande gjorde at Hans Nerstad ikkje
vilde vera Bonde lenger. Det var lettare og gildare
aa liva i Byen; so selde han Garden sin og vart
Bymann; sette seg til med ein litin Høkerhandel der.
I den myrke Kjeldaren sin sat han daa Aar etter Aar
og selde Sild og Smør i Skillingsvis. Smaatt gjekk det,
og keidt var det, so det var ikkje fritt han stundom
trega Garden sin; i seinare Tid vart det endaa lagt
Merke til, at han feitna og vart raud i Nakken og
posin under Augo; han hadde nok lagt seg aat Ølflaska.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>