- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
77

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BONDESTUDENTAR

77

mest til Inga. Henne vilde han snart skrive Friarbrev
til — det stakk so underleg i Bringa naar han tenkte
paa det —; og Skaal etter Skaal drakk han for henne
i Løyndom. Berta Maria vilde han ikkje tenkje paa
i Kveld; i Kveld var han Russ; og ein Russ skulde
tenkje paa Ideale.

Aa, so takksam han kjende seg mot Vaarherre, som
av si Miskunn hadde hjelpt han fram, so han no —
han, Bondeguten fraa Sørbraut i Nes Sokn — fekk
smaka denne høge Gleda og vera med, um det so berre
var for denne eine Kvelden, i det ideale Studenterliv.
Det var sant at Visdomsrøtane var sure. Men Frukti
var søt etter Maaten; søtare enn han rett hadde visst.

— Paa Talarstolen stod det ein ny Mann, ein gamall,
fredeleg Herre aa sjaa til, med graakvite Haarduskar
uppyvi ein halvsnaud Skolt, og med eit Par underlege
Horngluggar til Augo. „Professor Darre!" kviskra Hans
Haugum. „Professor Darre! Professor Darre!" kviskra
det fraa Øyra til Øyra i Salen, og ut paa Svalgangen,
og langt ned i Hagen; Flokk etter Flokk kom inn att
med Punseglasi i Neven og Augo i Haargarden; det
vart ropa Bravo, Bravo; heile Salen ropa Bravo; men
meir rolegt, liksom naar Skolegutar ropar Vivat rector;
Daniel visste at dette var Professoren i Filosofi.

Hans Haugum og Ortvedt spratt upp og trengde seg
fram mot Talarstolen; Daniel fylgde etter uroleg og
glad; no skulde han endeleg faa høyre Visdomens Ord
fraa sjølve Kjelda.

Professor Darre tala ikkje høgt; men Daniel fekk
Meining i det meste. Det var noko um, at Skuletidi
ikkje var so leid som ein ofte trudde; naar ein vart
eldre vilde ein sjaa mangt paa ein annan Maate, og
daa vilde Minni fraa Skuledagane faa baade Meining
og Liv. Og Professoren skaut Nakken fram og glodde
ut i Lufti med Hornlyktom sine, liksom han øygna
eitkvart der langt uppe og ute, som andre ikkje saag; og
Salen ropa Bravo; Bravo. Men, sagde Professor Darre,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free