Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
100-
BONDESTUDENTAR
og i Aritmetik hadde han 6, so han maatte „kontinuere";
det gjekk vel helst til Dunders med heile Svarvestolen.
Uheppin hadde han vori fraa fyrst til sist, og vori
ute for alt Slag Fanteskap av Professorane. „Ja enn
eg daa?" sagde Daniel. „Hoh-oh-oh! men i eit Fag
var eg heppin," heldt Aslak fram, „og det var i Historie!"
— „Just der var eg ..." — Hoh-oh-oh! ein skulde
aldri høyre slikt! Aslak hadde slegi upp — reint blindt —
tri Stadir i Heimssogo, og lært deim; og meir Historie
kunde ikkje han; daa han so kom upp, fekk han
■—-plent desse Stykki; han hadde fengi 1 i Historie, hadde
ikkje den Tullebukken den Professoren komi toskande
med den franske Revolusjonen. No fekk han 2;
men den Tvoa kom kanskje endaa til aa berge
Eks-men for han.
Aslak lo og fortalde so han kom i Godlag; Daniel
kunde sistpaa ikkje sture lenger han heller. Han
fortalde um si eigi Sogu-Prøve; og det letta svært aa
faa lagt sin Vanlagnad fram. I det heile var det godt
aa raake Folk for den, som hadde vori so lengi
bok-tekin. Den Tyngdi han hadde kjent som ei Klemming
yvi baade Heile og Bringe, den losna og letta som Skodd
yvi Skogen.
Daa Aslak fyrst var komin paa Los, hadde han ei Mengd
med Eksamenssogur; og Daniel høyrde paa deim og vart
modig; det var deim som hadde klara seg laakare enn
han. Sidan rusla han aaleine ut-etter Vegen og var
ikkje verst i Lag. Det var likevel ein god Ting aa
vera ferdug. Og hadde det ikkje gjengi godt, so kunde
det ha gjengi verre, fekk han trøyste seg med.
Her ute var fritt og fagert. Augustlufti laag fin og
blaa yvi Eng og Skog, tindranda rein; det var so klaart,
at ein kunde skilja Tretoppane langt uppe mot
Himil-syni. Akersbygdi laag bleiknande og ven med sine
Aakrar og Kjelvur millom Lundar og linne Bakkedrag;
lengst nede glima Fjorden innunder Oskarshall, kvit i
den sterke Solglimen. Men Fjellgarden i Vest drog seg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>