- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
109

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BONDESTUDENTAR

109

dest, bad Aslak deim koma heim til seg næste
Laurdagskvelden; der skulde dei hava det mykje gildare enn i
Samfunde, meinte han.

Laurdagskvelden kom; og Aslak heldt Ord. Det vart
eit heilt lite Lag; og der var Liv i Lage. Eit Par av
Gjestom, millom deim ein Student Hærland — av
,,Frams"-Klikken, sa Aslak —, var nye for Daniel;
men snart var alle kjende. Samrøda var straks i
Gang. Professorane vart ymist dømde; so kom
Vitskaps-spursmaal upp; serleg galdt det Filosofien. Haugum
var i Beit med „Overgangen fra „Intet" til
„Tilvær-relse"," og bad Hærland greide dette; Hærland lo og
spurde, um Haugum meinte at slikt var til aa
„forstaa". „Kann De finne ein norsk Student som hev lært
aa forstaa den Hegelske Logiken," lagde han til, „so
skal eg ikkje vera ærleg Mann." Daa lo Aslak med
sin store Laatt og sagde, at det vilde han Pinedød
tru; Diktaren Gregus Johnsen nikka.

Fraa Logiken kom dei til Etiken, og fraa den til
Politiken. Hærland og Aslak var Republikanarar, dei
andre konstitusjonelle; og det vart varm Strid; dei
einaste som ikkje var med i Ordskifte var Ortvedt, som
totte dette gjekk for høgt, Gregus Johnsen, som fann
det prosaiskt, og Daniel, som hadde nok med aa høyre
paa. Dessutan visste han ikkje rett kven han skulde
halde seg til; han heldt i Grunnen med Haugum, men
hadde likevel best Hug til aa stydja Hærland, som var
ein kvass, ordsterk Kar.

Men um ei Stund vart Aslak leid av Ordskifte og
vilde hava Samhug og Hjartelag; so sette han i med
skakande Maal: „Ja vi elsker dette Landet." Det
hjelpte. Haugum gløymde Kongedøme og Republiken
og song i med glad Jubel: „som det stiger frem" ;
Daniel og Gregus Johnsen fylgde etter; Hærland kunde
ikkje heller halde seg, men kom med paa „de tusind
Hjem".

Og dei song, og song seg varme. Det eine Verse

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free