Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
118-
BONDESTUDENTAR
— Jau; ein Dag skreiv Lias. Han skreiv, at han
vilde selja Garden og draga til Amerika. Han hadde
no ei Tid fari galin og havt Skjerpefeber og øydt upp
Tid og Pengar paa det verste Juks; no kunde han ikkje
klara seg lenger. Jens i Larsebakken eller Banken
fekk taka Garden, og ho Mor fekk vera hjaa Judit, som
no skulde gifte seg med ein Snikkar nedpaa Nese; han
sjølv vilde fara med næste Baat.
Daniel sat og las dette, og det var som eit Berg av
Draumar ramla ned yvi han med Brak og Gov; no
laag han der. Kvar skulde han no av?
Aa, at ikkje Vaarherre kunde hjelpe. Han som aatte
heile Verdi; han, som var allmegtig . . . Kunde han
ikkje hjelpt Lias til aa finne noko Malm? Kunde han
ikkje med eit Ord ha skapt ein Malmgang i det Fjelle
der Lias hadde teki Skjerp? Kunde han ikkje . . .
kunde han ikkje skapa dette Breve um til Gull . . .
eller gjera den Lampa til Gull; eller Blekkhuse . . .
„Den som ikke vil arbeide, skal heller ikke æde",
stod der. Men det var ikkje sant! Hundrad tusund
glade Gutar gjekk ikring i denne Verdi og gjorde ingin
Ting, anna enn Ugagn, og livde likevel, livde godt,
livde høgt, av di dei hadde ein rik Far, eller ein stor
Arv; kvi skulde ikkje ein annan vera likso nære til
slikt som dei, tru?
Daa Daniel hadde tenkt seg trøytt paa dette og skyna
at han ingin Veg kom, drog han ein tung Sukk og
sagde til seg sjølv, at so fekk han freiste det siste.
I ein By som denne var der Arbeid nok. Det galdt
aa finne noko som ein kunde like.
Han tenkte etter. Men alt som kom for han var so
aandlaust; der var ingin Idealitet i det. Dessutan
kunde han det ikkje.
Kva kunde han? Føre Bøkar? Nei. Vera Lærar i
Musik? Nei. I Matematik? Nei. I Latin eller Græsk?
Nei. I Tysk eller Fransk? Knapt nok. Inginting kunde
han, som her var brukande.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>