Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
169- BONDESTUDENTAR
süme Tidir daa Mor livde, fortalde ho; Mor var komi
fraa hans Bygd og hadde kjent Foreldri hans. Ein Dag
daa Haugum hadde vorti nemnd, sagde Hanna: „no er
han forlova; det veit De vel?" — ho stod burt-med
Glase og saag ut. „Nei?" undrast Daniel; „naar gjekk
det for seg?" Det var nyaste nytt; Hanna hadde havt
Brev um det fraa Louise. „Jaso?" Daniel var ikkje stød
paa um han lika Tidendi eller ei; det kom so uventande.
Sjølv var han ikkje trulova enno. Eit Par Gongir
hadde han arbeidt med eit Brev til Inga i Sümar; men
han hadde ikkje fengi det til. Han kunde liksom ikkje
finne Ord; det vart so kaldt og tomt det han skreiv;
Ulukka var at han so sjeldan saag henne. Og
Elskhugen trong Næring som alt Liv.
Noko serskilt og reint urimelegt hadde Daniel og aa
undrast paa; det var komi upp for han i den siste Tid,
at han enno ikkje hadde gløymt Berta Maria. Ja det
vonde som hadde hendt henne, det var hans Skuld!
— Ei Natt etter han var komin her upp hadde han
drøymt so vent um henne. Han totte ho sat paa Fange
hans, og han heldt henne um Live. Ho lagde seg tett
inn til han og heldt han um Halsen, og laag i Armane
hans so mjuk og so varm. Og ho grét av Elskhug
og Sorg; han kjende det taarevaate Andlite inn-imot
sitt; han var so glad og sæl at han kysste henne. Men
ho bad at han ikkje maatte vera vond paa henne; det
galne ho hadde gjort, det hadde ho gjort av di ho elska i
Vonløyse ein, som ho ikkje kunde faa . . . og ho smøygde
seg tett og varmt inn-aat han. Daniel vart hjarteleg
glad; han kysste henne ein Gong til, og vakna. Men
endaa kjende han det taarevarme Andlite inn-mot sitt,
og den mjuke, mjuke Kyssen; han var varm i Armane
etter henne, og trivla ikring seg i Forundring for ho
ikkje var her.
Denne Draumen hadde livt i han sidan; og som ho
hadde vori i den hugsa han henne; drøymde Draumen
upp-att med vakne Augo og hadde ikkje Magt til aa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>