Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
175- BONDESTUDENTAR
ikkje koma i Strid med Pater heller; han fekk sjaa aa
koma so godt til Lags som han kunde med Fram og
Jens Rud au; for det vilde ikkje vera greidt aa bite i
Kjeppen med deim heller, um det skulde koma til eit
Ordskifte. Men di meir Daniel stræva med alle desse
„Motsetningane", di meir hovudgalin vart han.
Den som kunde ha vori modig! Det beste vilde vera
aa taka upp sine Meininger fraa fyrr; vera „folkeleg"
som i gamle Dagar, og forsvara sine Meiningar med
Nebb og Klo, baade mot Proprietæren og mot dei andre.
Men slikt var ikkje tenkjande paa no. Han var ikkje
sin eigin Mann; andre hadde Magti yvi hans Liv og
hans Lagnad; vilde ikkje dei hjelpe han fram, so stod
han der. Sistpaa saag han ikkje meir enn ein Utveg.
Han fekk tru paa sine gamle Meiningar so fast han
kunde, men tegja med deim til dess han kom vel
heri-fraa. Det kunde aldri bera til aa gaa her og vera 24
Aars Kar og Kandidat i Filosofien og ikkje vita kva
ein meinte! —
— Ein Ting kunde han gjera som vilde hjelpe ’n til
aa kjenne seg meir vaksin, og det gjorde han: han lét
Skjegge gro. Det meinte han kunde hjelpe ikkje so
lite; og so slapp han au det Brye og raka seg.
XI.
Store Jolaften kom Student Stensrud fraa Byen med
sine Framandfolk; Grosserar Storr og Louise fylgde.
Det var mykje og fagert Folk. Sjølve Grosseraren,
som Daniel hadde tenkt maatte vera ein fæl
Guano-krat, var ein litin snøgg, stillfarande Mann, mager og
nervøs med smaae, sjøgrøne Augo; Fru Louise var i
godt Hold liksom Syster si, men fagrare. So var det
Studentane: den digre, koselege juridiske Kandidaten
Bang Block; Ekstraskrivaren Becker, raudhærd og lang;
Kopist Petersen, høg, blid med blank Skolt og Brillur;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>