- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
215

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BONDESTUDENTAR

215

endeleg berga; Karl Magnus hadde sakna honom i Aar.
Men no var det Lars Risvold; han vart visst likso seig han.
Karl Magnus hadde loti laane han Pengar til
Eksamensavgift i Aar ... 10 Dalar Netto, reint burtkasta. „Ja
han liver paa Laan no," sagde Strand. „Men han held
seg fin likevel!" svara Karl Magnus; „han rakar seg
og gjeng med kvitt Slips . . . Det er det taapnaste du
kann sjaa ; alle Folk trur han er Teolog! Han ser ut
som eit Asen i Messeserk, eller som ein Sau i Snibel"
... Di meir Karl Magnus drakk, di høgmæltare vart han;
og han fikta med Armar og Akslir i ustanseleg Uro.

Ja det var mange av desse Landsgutane det gjekk
sjeis med, sa Strand. Mange naadde ikkje Artium;
andre rokk so langt, men ikkje lenger; süme stansa
med Andre-Eksamen; og ikkje faae døydde; vonde
Dagar og Slit drap mang ein Mann; og dei som naadde
fram var ofte utslitne. „Og dei fleste vert Teologar,"
sagde Olai Juberg med eit seint, rolegt Maal. Aa ja;
Karl Magnus kjende deim, desse nye Bondeteologane;
dei var audkjende; mykje fæl Fant; tunge som Kjølsvin,
med myrke, breide, fanatiske Andlit, høvelege til
Tukthus-prestar eller Indremissjonærar . . . Men at Bondegutar
flest gjekk den Vegen var rimelegt. Dei var upplærde
til det, fyrst paa Aalmugskulen og sidan paa
Seminar-skulen; naar dei kom her inn visste dei ikkje kva
Studering var; det einaste dei kunde var aa lære
Lek-sur og tru paa Skulemeistaren; og so tok dei Teologien.
Det kunde vera godt og vel, men . . . Pokkeren take
han Gamle-Eirik Pontoppidan! „Og Ramslæringa," sagde
Strand. „Aa/ svara Karl Magnus, „den er ikkje den
verste! Naar det gjeld Pontoppidan trur eg Ramslæring
er det likaste; for dei som lærer seg til aa tru at dei
forstend Pontoppidan, dei vert Tullingar reint. Dei
fær Fjøli for Augo og Ringen i Nasen so dei aldri
lærer aa tenkje sjølvstendigt. Nei; men den kateketiske
Metoden, Far! den er Ulykka! Det er beintfram
Upp-1 æring i aa vera Ettersnakkar og usjølvstendig; du

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free