- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
249

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

249

sagt; i denne Stimmel er ingen af de rette vedkommende
at opdage ..."

Laurits bukka for Frøken Dyring, men saag ikkje
ut som han kunde rettleide nokon. Daa høyrde han
til si store Hjelp og Glede Murkus Olivarius læ inni
Stvrar-Rome. Han vart modig; „jo," sa han, „der kan
De vist gaa inn." Han gjekk inn sjølv fyrst, og dei
tvo andre fylgde etter. —

— Inne i Restaurasjonen vart det livlegare og
livlegare. Det gjekk eit Skravl gjenom Romi so der lite
var høyrande Manna Maal; han med Inspektøraugo
gjekk og glodde; Smaagutane med Nummeri paa Bringa
skvatt ut og inn gjenom Dørine med sine Flaskebrett.
Fleire av Vindaugo stod uppe; men der var kjøvande
varmt. Her er heitt som i Helvite, sa Bjølsvik; skal
me gaa? Men Blytt murra og meinte at dei fyrst fekk
drikke upp Øle sitt.

Det er godt 01 her, sa han; godt 01. Noko av det
beste i Byen her ja. Litt varmt kanskje, varmt; men
dei hev noko som er kaldare; dei hev noko ned i
Kjeldaren, noko som stend paa Is; ja. Pst! kom hit,
du vesle Fyr! Skal me høyre um me kann faa noko
av det som er kaldt, godt kaldt, ja?

Ja lat oss drikke som Dævelen! sa Bjøsvik; og naar
me ikkje hev fleire Pengar so drikk me paa Borg!
Han hadde funni ut, at nettupp no vilde han sitja, og
nettupp no vilde han vera glad. Det skulde ingin
innbille seg nokonting! „Hei, Jakob Skomager!"

„Aa Kjerringa sette seg paa Purka og reid,

fallirallirittum dei,
so reid ho seg til Prestens Gard,

fallirallirittum dei.
„Aa kjære min Prest, vil du skrifte meg?

falliralliralliralli rittum dei;
for eg slo ihel kjær’ Mannen min, eg,
falliralliritt–"

„Til Helvite," banna han og vart myrk i Andlite
som ein Orkan; „der er Peter Tordenskjold."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0259.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free