Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
MANNFOLK
253
ut um Ting som han ikkje kjende noko vidare til,
eller ikkje hadde brytt seg um. Det var som det
lagde seg Mil etter Mil millom henne og honom. Ho
skulde vita kva han var for ein Fyr; og kva det var
for Ting han tenkte mest paa um Dagane. Berre det
vilde slutte. Sistpaa tagna ho reint. Han skyna ho
gav han upp; og han gav seg sjølv upp endaa ein
Gong. Denne Dansen fekk aldri Ende. Han vilde
heim og leggje seg. Heim og gøyme seg. Dei andre
kunde gaa her og danse og vera glade. Han dugde
ikkje. Han hadde den kalde Kraai si heime; dit vilde
han. Og so stengje Døri.
„Takk for Dansen," sa han, daa det var slutt; det
var so mykje ho kunde høyre at han enno hadde Mæle.
Han tok Lommeduken upp og turka Kaldsveiten av
Panna si; so fekk han med det same Tilføre til aa
segja at her var varmt. Men det hadde han visst sagt
fyrr. Ho hadde visst og sagt det. Der kom Frigstad,
raud og fast i Kjakane; han vitta paa deim; hadde vel
eitkvart aa segja. Og Laurits kjende og saag, kor
letta Frøken Dagmar vart med det same. Ho smilte;
fekk Liv i seg; fekk att baade Maal og Mæle.
„All right!" sa Frigstad, „kom her; jeg har et Bord
til Dere der inne, og 01 og alting; men lidt fort!" Han
treiv Dagmar under Armen. Laurits vilde ha snikt
seg burt; men „her, her, Gutt!" ropa Frigstad. Lat
gaa, mulla Laurits. Best likevel aa sitja eit Bil og
sjaa modig ut, fyrr ein rømde.
Det var reint underlegt aa høyre Frøken Dagmar
tala no. Det gjekk so fritt og lett; kvar Tone var
Sylv, og Ordi høyrdest so glade. Ho tala um Kvinna;
um Dansen; um brutale Mannfolk; det var Bjølsvik
ho tenkte paa, og ho var i Grunnen harm; men ingin
Harm kunde døyve den glade Underklang i kvart Ord
ho sa; det var som ho gjekk med Bringa fyllt av
Ung-domsglede, og som den sprengde paa, so Mæle stundom
kunde svigte.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>