- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
264

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

264

MANNFOLK

næste Gong tok til aa sutre um at Braut ikkje var
som ein Mann burde vera mot Kona si, vart Braut
høgtidsam og sa, at ho fekk taka seg i Agt. Ho hadde
ikkje den rette Uppfating av Ægteskape. Det kristelege
Ægteskap var ikkje botna paa „den erotiske Følelse",
sa han; det var bygt paa det natturgjevne Kynshøve
og hadde til Fyrimaal Barneavling. Den „Kjærleik"
Apostelen tala um, det var den aalmennelege kristelege
Broder- og Systerkjærleik. Ikkje i kjøteleg Elskhug
som Heidningane, men som gode Kristne skulde
Ægtefolk liva ihop, og bera Krossen med kvarandre, og
ala upp Born i Tukt og Herrens Formaning. Soleis
som Hanna vilde ha det, sa Braut, so vart det ikkje
eit Ægteskap, men eit Høve som — som millom —
ja; det vart ikkje sedelegt i kristeleg Meining. Det
vilde føre til Uppløysning. Det vilde føre til den frie
Kjærleik. For det visste me alle, at Elskhugen kunde
ikkje vera Grunnlag for eit Ægteskap som skulde
halde Live ut.

Hanna glodde paa Mannen sin, som gjekk att og
fram paa Golve og sagde desse Ting med nedslegne
Augo; so spurde ho kor han hadde dette ifraa. Han
vart heit um Augo, men svara at han hadde det fraa
Teologien sin. Elles kunde ho sjølv faa sjaa; her um
Dagen hadde han set det att, og det paa ein so klaar
Maate —; Braut rusla inn paa Kantore sitt og kom
straks att med Kyrkjeblade sitt. Hanna saag Namne
paa Professoren og tagna.

Ho brydde seg visst ikkje stort um det teologiske
Falkultet i desse Spursmaal. Men etterkvart forstod
han til si store Glede, at han likevel hadde fengi eit
Tak her. Han hadde fengi Tingen umgjord til eit Emne
for Dryfting; det hjelpte merkeleg. —

— Hanna passa paa so godt ho kunde, at Braut
ikkje fekk vera ute aaleine; og dei gjekk sjeldan i
Selskap der det var unge Damur med. Braut forstod
dette og fann det rett. Han visste at Djevelen kunde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0274.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free