Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
324
MANNFOLK 324
naar Vére var godt; og dei gjekk i Land paa Holmar
og Nes og gjorde upp Eld; der drakk dei Kaffi og
annan varm Drykk, og kjende seg frie og „hadde det
som Folk"; men trygge var dei sistpaa ikkje her heller.
Det var eit Tukthus dei livde i; vilde ein vera fri,
maatte ein røme. Naar rett var, skulde dei lata „Mylady"
stikke til Havs. So skar „Mylady" Sjøen i kvasse Tak
heilt til dei naadde Øyane ved Neapel, der Soli steikte
og Live var lett; daa skulde dei ikkje so mykje som
hugse lenger, at det fanst myrke Heimar langt mot
Nord, skoddesure Nivlheimar, der kvar Mann gjekk og
øydelagde Live for seg sjølv, so andre ikkje heller
skulde faa Hva.
Men dei stakk ikkje til Havs. Dei laut vera heime
og arbeide.
Ho skulde vera sjølvstendig, liksom han var
sjølvstendig. Det var det som skjemde ut dei fleste
Samliv, at for Kvinna skulde Ægteskape mest alltid vera
Næringsveg.
Ho høyrde paa hans Visdom med heilag Tru; det
han sagde var so klaart at alle maatte forstaa det. Det
kunde ikkje vara lengi fyrr me fekk sjaa den nye
Verdi han spaadde um, denne underlege Verdi, daa
alle skulde arbeide og vera like, so ingin fekk Raad
til aa kaupe den andre, og ingin hadde Naud paa aa
selja seg. Og alle skulde ha Upplysning, so dei visste
at Kjærleik høyrde med til Live so vel som Mat, og
at Kjærleiken hadde si rette Tid i dei Aari som no
vart burtøydde i Sedløyse og Sut, av di Folk ikkje
hadde Raad til aa gifte seg. —
— Det var ikkje lett aa finne eit Rom til Julie som
var som dei vilde ha det. Sistpaa fann Georg eit
noko-so-nær laglegt Rom hjaa gamle Madam Widstrup,
som budde i Møllergata.
Han kjende Madam Widstrup. Ho var ei snild
Kje-ring, ymist røynd; og ho hadde lært den Ting aa ikkje
bry seg for mykje um andre.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>