- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
331

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

331

hadde so mykje aa tenkje paa. Kunde det vera sant,
at ho, den einaste, den reinaste, at ho var affektera. —

— Det fyrste Georg fortalde „Frua" si var, at no
hadde han „abonnert paa ny Pige".

Du skifter visst for tidt, sa Julie. Det kann sjaa
rart ut, det og. Hav dei lite lenger; dei skal ikkje so
lett faa Greide paa meg.

Ho lagde til noko snøgt: dessutan kunde eg skifte
Namn! Du kunde kalle meg — f. Eks. Emilie.

Nei, ikkje Emilie, sa Georg rolegt. Du veit eg hev
havt ei Emilie fyrr.

Ja — dersom du ikkje hev havt fleire?

— Nei, svara Georg roleg.

— Eller du kunde kalle meg Nina? heldt Julie fram.

— Naa!

— Dei talar enno om deg og Nina.

— Kven.

— Alle Folk.

— Alle Folk er Idiotar.

— Aa nei vel? Elles er det Frøken Johnsen, som —

—’ Aa naa. Er det meir?

— Ja ... du kunde kalle meg Eline og; — det
er den siste! Julie slog Augo upp; dei var innharme.

— Eline Henning?

— Ja. Ho som du gjorde Kur til hjaa Redaktør
Klem sist, men — utan Nytte segjer dei —?

— Ja. Ho er av Is. Noko aa drikke kannhende?

Han sette fram Flaske og Glas. Julie saag ut som

ho vilde graate. Nei det er nok du, som er av Is,
sa ho.

Han sette seg upptil henne i Sofaen. No skal me
vera intelligente, Julie, sa han. Lat Frøken Johnsen
fara med Snakk; ho hev ikkje anna aa gjera. Me som
er gifte skal tala um vigtigare Ting, t. D. um vaare
Gjentesorgir; er det ikkje slikt, gifte Folk talar um?

Ho tagde.

Du segjer eg skifter for tidt, heldt han fram. Kva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0341.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free