- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
336

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

336

MANNFOLK 336

Han drog paa Oksli. Ho klarar det ikkje, tenkte
han.

Det var ho som fyrst vart leid av aa sitja og syte.
Ho sprang upp og liksom skok seg; halde Likferd var
vel enno ikkje verdt.

Ho smilte. Gav seg til aa sulle paa ein Visestubb;
gjekk att og fram i Takt.

Georg sat og saag paa henne som ho strauk Golve
upp og ned i lett, fri Gang; han saag den kvite, runde
Halsen, og Oksline som var so stolte og mjuke paa
ein Gong, og Brjoste som gjekk ned fraa deim som
eit lite rullande Bylgjedrag, og Armane som stod so godt
og fritt til det heile, og gav henne slike runde, kvike
Rørslur; han vart hugveik og varm; kjende at han kunde
ikkje vera henne forutan.

So kom ho og sette seg. Du store underlege
Apekatt, sagde ho, skal eg syngje Visa di for deg? Og han
svara: ja, du skal gjera det.

Ho tok det velstelte store Hovude hans inni Armen
sin, vogga det i Takt og song; det var ei „Vise",
Georg lika so godt, av di der var slik Filosofi i ho:

„Verden er en Jammerdal;
men —!

det skal vi aldri bry oss noe om,

falliralla lala tralilalila,
men det skal vi aldri bry oss noe om,
falliralla lala la."

IX.

Sundagskvelden var Helene paa Nisseball.
Josefine, Gjenta i Huse, narra henne med; det var
nok ei som ikkje var bljug det. Ho hadde vori paa
Nisseball mange Gongir, sagde ho; og berre dei var tvo,
so var det likso trygt der som i Kyrkja.

Helene hadde aldri vori paa Nisseball. Og so hugsa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0346.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free