Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
348
MANNFOLK 348
ho lo; og ho var so varm. Daa kysste han henne
med Bjørnefaktir; „det," sa han, „det skal du ha
Tillitsvotum for!" Og so lo han; og so lo dei; og
so kysste dei kvarandre ein Gong til.
Og Markus Olivarius Markussen marsera gjenom
Byen so diger og stolt som han aatte heile Greida.
Og Tankane hans flaug som Ørnar gjenom Framtidi:
vart det Gut, skulde han vera Vitskapsmann; vart det
Gjente, skulde ho innføre divided skirts. Og han svinga
med Staven og hyfste i Aksline og fyllte halve Gata
med sin breide Rygg; og um han hadde møtt eit
Lokomotiv, so hadde han knapt vori viss paa at det
nettupp var han, som skulde vike or Vegen.
Men nokre Dagar etter baud han Laurits
Arbeidsrome sitt for tolv Kronur Maanaden. Enn De sjølv
daa? spurde Laurits. Fleire Folk, mindre Rom, svara
Mark Oliv med ein still Smil. „Aa!" sa Laurits, han
vart lite rar um Augo; „gratulerer!" —
Millom deim som Dagmar raaka hjaa Helga var Fru
Bøckmann.
Ho kom her, naar ho sturde som verst. „Av alle
Fruentimmer i Verden," sa ho, var Helga, „Satan lyne
mej," den einaste ho trudde.
So kunde ho sitja der heile, lange Ettermiddagen og
jamre yvi „den dumme Verden"; og Helga maatte
helst ikkje segja eit Ord; „for du er saa lykkelig, du,"
sa Fru Nina.
Av henne fekk Dagmar høyre Ting som ho lagde
Merke til.
Paa Teatre gjekk i den Tid m. a. eit Stykke av
Bjørnson, som Dagmar var glad i: „Leonarda".
Men Nina hata Leonarda. Ho resignerar, spotta ho.
Naturlegvis; me resignerar. Me hev so god Raad til
det. Og so kallar me det Moral. Naar me ikkje hev
Mod til aa gjera det me vil, kallar me det Moral; og
græt, og hev vaar Løn i vaart gode Samvit. „Fy
for Satan!"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>