- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
349

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

349

Dagmar stirde forskræmd paa den fine Frua; denne
lagde Merke til det og lo. „Det er saa morsomt aa
banne," sa Fru Nina; „saa føler man sej saa dejli
ukvinneli." Dette svara ikkje Dagmar noko til; ho
tok berre uppatt Samtalen. „Men — men," sa ho,
„ Aagot?"

„Hvem Aagot," spurde Nina tankespreidd.

Ho som er trulova med den, Leonarda eiskar?

— Aah, ho. Kven bryr seg um Aagot? Ho elskar
ikkje. Ho elskar som me andre. Me kann drive det
so vidt som til aa trulova oss naar me hev tenkt oss
um i tri Aar; men det stend aldri um Live. — Fyrr
etterpaa kanskje, lagde ho til og drog paa Munnen.

Høyr ikkje paa henne, Dagmar, sa Helga; Nina er
Pessimist.

Du? kom Nina att; vil du halde deg utanfor dette
du. Du er ikkje som andre, du Helga; denne Bjørnen
din fekk du, av di du fridde sjølv; og so er du berga,
du for din Part. Kom ikkje og innbill deg, at du er
som ei av oss!

Helga smilte, eit Grand brydd saag det ut til; Dagmar
saag paa henne med store Augo.

Nei, nei, heldt Nina fram; det maa vera Mennane
som kjem og tek oss; og dei som tek oss, dei fær
oss. Lat ikkje Mennane faa vita um dette, Frøken!
men det er sant; ved Gud, det er so sant so. Mistyd
meg ikkje! Me kann elske, me og; men hev De lagt
Merke til —; det er alltid „den andre" me elskar; og
so gifter me oss med den me ikkje bryr oss um, og
græt litegrand for „den andre", og so gjeng det yvi
um ein Maanad. Ja, ja; ja, ja, sulla ho; Gud veit,
kva me skal vera til etter.

Dagmar gjekk heim i mange Tankar. —

-—■ Syttande Mai var blaasande og kald. Det var
korkje Vaar eller Vinter, og Himilen var korkje klaar
eller myrk; alt var halvt og midt imillom; saag minst
av alt festlegt ut. Men der var Flagg uppe paa alle

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0359.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free