Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
MANNFOLK
399
Ho hadde vori hjaa Fullmegtig Westgaard i Dag,
skreiv ho; og der hadde ho set ei Syn, som ho aldri
skulde gløyme. Det var ei Tenestgjente som maatte
ut av Huse av di ho var ufør, narra av „en Skurk af
en Ingeniør". Ho var eit ungt, vakkert Menneskje,
aaleine i Verdi; no skulde ho ut paa villande Von.
Skam og Naud, og meir Skam, og meir Naud, var alt
ho hadde aa vente; og ho grét som ho vilde graate
ut sitt Hjarteblod. Det var eit Jammers Syn. Dagmar
hadde ikkje tolt det; ho hadde rømt, gøymt seg, i vill
Graat sjølv. Og daa hadde ho set det so klaart: mot
slikt maatte Kvinna gjera Upprør. Alt som Kvinne
heitte maatte slaa seg saman; dei maatte gjera Lag,
Forsvarssamlag mot desse Dyr i Mannfolkham. For
kvar ærleg Gjente maatte det vera avgjord Sak:
aldri gifte seg med ein Mann som var so hjartelaus,
at han kunde øve slikt Nidings Verk. Det; skulde
dei love, og det skulde dei sverja; og alle Mennar skulde
vita det; annan Maate var det ikkje, naar ein vilde
setja Kvekk i slike brutale Brotsmennar.
Berre Barne maatte døy, berre Barne maatte døy,
sukka Laurits. —
Barne døydde. Men Georg skreiv, at Sogo var ikkje
ute med det; Gjenta var meld for falsk Uppgaave av
Barnefar.
Ho hadde vori hjaa Georg og klaga si Naud; Mor
maatte ikkje faa vita det, Mor maatte ikkje faa vita
det! „Hun har givet op en Sømand, om det kan
interessere dig, Laurits"; men det var visst mange
som gav upp Sjømennar; Daapsbøkane krudde i det
heile av Namn paa Mennar som hadde Sønir og Døtrar,
men som aldri hadde vori til. Det var paa eit Raam,
um slik ei Gjente hadde Greide paa Lovi. Ho vilde
lett tru, at det som greidde seg for sume maatte greide
seg for alle; men det var ikkje aa lite paa, det. Mot
verjelause brüka me Lovi; mot andre brüka me
stundom Konduite; og so vart det ugreidt alt. Det kunde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>