- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
410

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

410

MANNFOLK 410

Julie fortalde um fleire fine Damur ho kjende, Sofie
Hartmann iser, „en Veninne fra Skolen". Sofie var
gift med ein rik Advokat no. „Men hun beklager
sig for mig over, at hans Mor ikke er snild mot henne;
hun er vanskeli paa det, gamle Fru Hartmann; hun
har engang vært Hoffrøken hos Enkedronningen." —

— „Det er en søt Frue du har," sagde Laurits til
Georg, daa dei var komne inn paa Kantore att. „Du
kann ikke mene saa’ntnoe som det du skrev op til mig
den Gangen." „Nei," svara Georg turt; han kveikte
Pipa.

Laurits stod og saag paa han ei Stund. „Den som
visste," sagde han endeleg. „Den som visste hvad du
egentlig er for en."

Georg drog paa Aksline, og saag brutal ut. „Jeg
er en Mand," sagde han, „som ikke agter aa la’ sig
snyde."

Vesle Laurits kjende seg ikkje heime her; han tok
Hatten og sagde Godnatt. Daa tok Georg han i Handi;
og med eit Mæle som lyddest mildt sagde han: Du
skal ikkje vera stur, Gut. Du ser, du slepp ikkje fraa
dette utan Havari; tak det med Mod, Laurits. Ver
resolutt som Reven i Glefsa; riv Foten av deg og frels
Live. Ein skulde stelle seg so at ein hadde eit
Menneskje umframt seg sjølv som ein aldri turvte ljuge for;
men det er ikkje greidt; og du lyt berge deg forutan.
Du er ein rædd Mann, Laurits, og Lygn er rædd Manns
Verje; men so fær du ljuge for deg sjølv med, so godt
du kann.

„Pas dej selv du!" sagde Laurits og gjekk.

XV

Med seine Stig drog han seg ned gjenom Troppi;
han stana ender og Gong.

No fanst det ikkje eit Menneskje som han kunde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0420.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free