- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
89

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i seg so mykje Kunskap som mogeleg. Men det skulde
dei nettupp ikkje gjera. I dei fyrste aari skulde dei
taka det i Mak (Bravo! Bravo!) og leggje meir Lag paa
aa liva eit friskt og idealt Studenterliv — eit
Ungdomsliv i Ljose fraa dei ævuge Ideal — enn paa aa lesa lærde
Bøkar. Dei skulde bruka Tidi til aa umraa seg, sjaa seg
um, finne seg tilrettes i den nye Heimen, vinne Yvisyn
og Utsyn yvi dei Viddir der dei sidan skulde vandre;
njote sin Ungdom skulde dei, men njote som Studentar,
som aandsvigde Sveinar i Ideens Presteskap, som cives
academici. Og det var det herlege ved aa vera ung
Student ; det var det sanne Innhald av Russe-Gleda, av
Fagnaden og Festen her i Kveld (stort Samtykke). Og so
vilde daa endeleg Professoren slutte med eit Leve! for
den studerande Ungdom. «Hurra!» «Hurra!» ropa dei
Salen rundt; sistpaa døydde Ropingi burt i ei lang,
brakande Klapping.

Etterpaa vart Professoren borin paa Gullstol; Daniel
hadde aldri set slikt fyrr og totte det saag taapi ut.
Men klappa gjorde han som dei andre; for det siste
Stykke av Tala hadde han lika framifraa.

Han arbeidde seg attende til Borde sitt og smaka paa
Punsen. Modig var han og glad. Verdi var so hyggjeleg,
og Folk var so snilde. Han fekk slik Hug til aa tala med
deim, tala ut med deim; segja si Hjartans Meining til
deim, og faa høyre deira Hjartans Meining att; og helst
hadde han Hug til aa tala med sin kjære Ven Haugum.
Men Haugum stod langt burti Salen og rødde med ein
famand Fyr, — ein stor Tosk saag det ut til, totte
Daniel; og Aslak Fjordan var komin inn i eit anna Lag
ved eit anna Bord; der sat han og gjorde slikt eit Staak,
at Daniel lo med seg og tenkte i Hjartans Glede, at
Aslak visst alt var full. Men Ortvedt var inginstad aa
sjaa. So sette Daniel seg til aa vente. —

cives academici: akademiske Borgarar.

89

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free