- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
116

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Tung og trøytt lagde han seg paa Sengi. Han seig av
i øltunge Draumar; fyrr han visste Ord av, sov han; og
den Natti sov han som ein Hest. Daa han vakna, hadde
han vondt i Hovude. Men det høyrde med til det ideale
Studenterüv; han fekk finne seg i det. —

— Tunge, ukjende Stig kom stabbande; Døri gjekk
upp; eit framandt Kvinnfolk kom inn med Kaffien. Det
var eit digert, raudt Gjentebeist, skakkmynt og med
Rottetennar; rund var ho i Ryggen og skeiv i Mjødmine;
Daniel stirde; kva tydde dette, tru? «Vessgo!» sagde
Gjenta. «Aa saa skulde jæ høre om Dere ska ha kjøpt
noe i Byn i Da; jæ er den nye Pika.» «Jaso,» sagde
Daniel, han var grovmælt etter Øle; «kvar hev det vorti
av den gamle?» «Hu? he-he; hu fikk Forfall, som dom
sier. Hu er reist.» Daniel kjende seg uhugleg. «Forfall ?»
sagde han. «Ja—a. Ja dæ er ikke noe som jæ bryr mej
om aa snakke om, kan Dere vite; men slik gaar’e, naar
e’ Pike ikke passer sej! Hu kunde ha holdt sej fra dom
Soldaterslaska, vel, og holdt sej orntli, hu som andre
Piker! Men d’er ’ke noe for mej aa snakke om da,
skjønner Dere.»

Student Braut kom ikkje til aa skrive Friarbrev den
Dagen. Han kom ikkje til aa skrive Friarbrev Dagen
etter heller. Han kom i det heile ikkje til aa skrive
Friarbrev. Derimot sagde han upp Rome sitt og flutte til
eit Kot i Fredensborgvegen. Han kunde ikkje halde ut
aa bu paa den gamle Hybelen sin lenger; og minst kunde
han halde ut aa sjaa paa denne nye Gjenta.

vn.

Fyrilesingane tok til; Skulegutane gjekk og var
Studentar.

For Daniel var det til stor Hjelp; det spreidde Tan-

116

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free