- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
164

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Testamente, og hadde slik Glede i Guds Ord. Det gruste
i han, naar han tenkte paa sitt gamle Syndeliv millom
Ølflaskur og Tvilarar; og han lova Vaarherre, med ein
litin Sukk som han døyvde, at han no vilde gjeva upp
alle sine verdslege Tankar, ja sjølve det ideale
Studenterliv.

Dagen etter kom han seg upp. Han torde ikkje gaa
ut; men Madam Henriksen skaffa Mat og Ved; og so
sat han inne og hadde det godt; aat og drakk, freista
aa røykje, men Pipa hadde Usmak, og las i Testamente.
Han hadde ikkje fullt so rik Glede i Guds Ord i Dag
som fyrr, og Tankane hans kvilte ikkje fullt so rolegt i
Naaden; men han visste fraa dei vakte, at Naaden ikkje
alltid var like sterk; dessutan var det ikkje Guds Vilje
at me skulde tenkje berre paa det himilske.

Denne siste Tanken letta; han lagde Testamente ifraa
seg og gav seg til aa tenkje paa sine jordiske Sakir. Han
vilde til Pater; no daa han var umvend kunde han med
rolegt Hjarta beda denne Mannen um Rettleiding og
Hjelp; og det baade i det timelege og i det aandelege.
Elles vilde han ikkje beda um Pengehjelp. I sine
syndige Dagar hadde han livt altfor mykje paa anna Folks
Pengar; no vilde han fylgje Guds Ord; og det sagde,
at den som vilde eta skulde arbeide. Han vilde spyrja
Pater um Arbeid. Han lengta etter aa faa tala med
denne Mannen; han totte han elska han alt paa
Fyri-hand.

Han aat godt i desse Dagane, so godt at han
skjemdest yvi det for Madam Henriksen. Men ho syntest
berre vera glad for han gjorde Ære paa Maten hennar,
og dessutan... ja, det sagde seg sjølv: han fekk nok
betala. So aat Daniel, og aat til Gagns. Og han las
alle dei Bordbønine han kunde hugse, baade fyri og
etter Maten; og det var forunderlegt som desse Bønine

164

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0166.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free